Gå til innhald

fjellrävar på tur

oktober 12, 2013

dersom eg ikkje får oppdatert denne reisebloggen så mykje under ei reise, får me sjå på det som eit godt teikn. det betyr at me har det travelt og får sett og gjort mykje på reisa!

fredag kveld i adelaide, etter at me åt middag heime hjå cameron og preeti, tok me ein tur til central market, i likhet med mange andre. central market hadde nemleg ekstra lengje ope om fredagskveldane. noko som me i noreg tek for gitt, med kjøpesenter som er opne til ni om kvelden, er berre vanleg éin kveld i veka her –kveldsshopping. og på central market bugna det med ostar, kjøt, frukt, grønnsaker, ja alle matvarer du kan tenkje deg. det var på høgde med ein kva som helst stort fransk matmarknad. centralmarket#1centralmarket#2centralmarket#3 vertane våre kjøpte ost og kaffi, me nøydde oss med å sjå. etterpå gjekk me på san churro, ein restaurant/sjokoladeri der dei hadde alle søtsaker du kan tenkje deg. me åt noko som likna kransekakestenger, makroner, brownies og jordbær –med varm sjokolade til å dyppa alt i. sanchurro

laurdagen hadde eg og preeti ein avtale hjå hudpleiesalongen att, me skulle nemleg ha pedikyr. timen var klokka 8 om morgonen, så det vart ein tidleg, men perfekt start på dagen. me var ein internasjonal gjeng som sat i salongen denne morgonen, irland, ghana, noreg og malaysia var representert. me fann eit samtaleemne som alle var interessert i: australske mannlege filmstjerner. seinare sette me kursen mot victor harbour, omlag halvannan times køyretur sør for adelaide. været var nydeleg og det passa fint å ta ein lang spasertur over til øya granite island. victorharbor#1 i tillegg til nydeleg natur og utsikt inn mot land, såg me ein blue tongue lizard som kraup inn i buskane. victorharbor#2 me såg desverre ingen kvalar, som skulle vera vanleg å sjå frå denne staden. victorharbor#3 me tok ein lett lunsj og kaffi etterpå, og gjekk litt rundt i byen. victorharbor#4 så måtte me heim att, for me hadde ein indisk avtale om kvelden. me var nemleg invitert til familien til preeti, som bestod av foreldra hennar, broren og kona hans. dei flytta til australia frå malaysia, men stammar opprinneleg frå india. me vart tatt imot som deira eigen familie, og fekk servert nydelege indiake rettar. etterpå var me så heldige å få vera med på ein indisk festival. festivalen vart holdt i ein stor idrettshall. frå scenen laud det indiske songar, og på golvet dansa sarikledde kvinner og nokre menn rundt og rundt i ein tradisjonell dans, vanleg for det området kor mora til preeti er frå. nydelege fargar, klær og rytmar omgav oss. indianparty dette var ein nydeleg avslutning på opphaldet vårt i adelaide, for neste morgon skulle me reisa vidare.

adelaide har ein moderne og stor flyplass, mykje på grunn av eit stort gruveområdet som var planlagt utanfor byen, men som aldri vart utbygd. jetstar tok oss safe and sound tvers over landet og opp til nordkysten. me hadde ikkje brydd oss med å betala dei ekstra hundre kronene for å få sittja ilag, noko som hadde gått veldig bra om ikkje dei to kameratane som eg vart sittjande imellom absolutt skulle dele øl og aviser. dei fekk tilbudet om å byte plass med meg, men avslo desverre. etter å ha teke flybussen til det supersentrale darwin central hotel, kasta me oss i ein taxi og ba han køyre til mindil beach. me måtte nemleg få med oss marknaden der, og ikkje minst solnedgangen. for er du i darwin ein søndag eller ein torsdag, er dette utan tvil plassen å vera. med massevis av folk og liv, sal av mat og alle mulege slags produkt vart dette ein flott måte å starte darwinopphaldet på. me delte ein pizza medan me såg på alle menneska. etterkvart var det på tide å gå på stranda for å sjå sola som gjekk i havet. eit nydeleg syn, og ikkje rart at heile byens befolkning såg ut til å vera av same oppfatning. mindilbeachmindilbeach#2 me fekk med oss litt didjeridoospeling og dansing før me reiste tilbake til byen. der sette me oss inn på ein av byens mange uteplasser for å sjå siste del av det store fotballoppgjeret mellom sydney og manley. mange entusiastar og supporterar hadde tatt vegen der til, og etter kampen starta eit band å spela. ei av servitørane kom bort og spurte kor me var frå, ho hadde nemleg sett fjellräven-sekken vår. ho var sjølv frå finland, men syntest ikkje me såg svenske ut. flaks. det viste seg ganske snart at darwin har eit yrande og ungt uteliv.  me var heldigvis ikkje dei siste som gjekk heim.

måndag morgon gjekk me til roma bar for å ete frukost og bruke litt gratis internett. når hotella her nere opplyser at dei har internett, er det som oftast mot betaling, så me får ikkje vera så mykje online som me hadde tenkt. men me får brukt tida på noko heilt anna. på roma var det god mat og kaffi, så me var rusta til å ta ein tur ut på darwin waterfront precinct i den steikande heten. solkrem og vatn er eit must å ha med kor enn ein går her. me gjekk fobi restane av christ church, som var bygd opp på nytt etter at den gamle vart rasert av syklonen tracy på julafta 1974. christchurch ute ved havna var det verkeleg nydeleg. ei lita strand med lite folk og ei rekkje med restaurantar og uteplasser, i tillegg til flotte bustadskompleks som sikkert kosta både skjorta og buksa. darwinwaterfrontprecinct me vandra vidare forbi government house og langs esplanaden, med høge huser på eine sida og ein frodig park mot sjøen. då me var komen heilt ut til cullen bay var det på høg tid å settje seg ned å ete lunsj. frå den travle boardwalk cafe kunne me nyta ein flott utsikt mot villaar og jåtar, i tillegg til god mat. cullenbay

pumpkinsaladfishnchips om kvelden vende me tilbake til waterfronten, for å gå på restauranten il lido som kanskje har den beste beliggenheten i byen. salat, kenguru, pasta og fisk smaka ekstra godt med den rolege havna og den svarte, blinkande sjøen som kulisser. etterpå tok me turen innom den irske puben shenannigans rett bortanfor, der me traff ein hyggjeleg servitør frå bordeaux.
dette var siste kvelden vår i darwin.

no har me kome oss til alice springs, vore her i eit par dagar, og skal fortsettje turen vår i morgon til uluru og kings canyon. følg med på denne sida for dei spanande oppdateringane!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: