reisa til jorda sitt indre
klokka ni måndag morgon troppa me opp på avis bilutleige sitt lokale i darwin. me fekk tildelt vår blå kia, og plotta inn det første målet vårt -kjøpesenteret casuarina. me måtte hamstra vatn, mat og andre naudsynheiter til den lange reisa vår. like etter var me på arnhem highway, på veg mot kakadu nasjonalpark. me bunkra bensin i bark hut, før me feis vidare i 130 (minst). kia’en gjekk overraskande bra og me tok igjen dei fleste andre køyretøy. noko som eg vil understreke -ikkje er noko mål i seg sjølv! skumlast var dei enormt lange road train’a, som hadde opptil 4 tilhengjerar etter seg fordelt på over 50 meter, og som ein måtte rekna mest ein kilometer å koma forbi. roadkill longs vegen var heller ikkje noko hyggjeleg syn. daude kenguruar og wallabyar var ikkje eit uvanleg innslag i vegkanten. me køyrde så langt austover som me kom på denne vegen, og då me ankom jabiru, kjøpte me oss lunsj. baguettar og jarlsberg frå supermarkedet vart eit firestjerners måltid for oss.
jabiru postboksar
me svinga inn til nourlangie for å strekkja på beina og sjå naturen. det første me såg der var ein billabong med eit svært rikt dyreliv.
me var omringa av fuglar av alle slag som laga dei merkeligaste lydar, og nytte godt av vatnet.
det var også hundretusenmillionar floger der, så me orka rett og slett ikkje å stå ute då dei vart altfor innpåslitande. så me køyrde vidare for å gå opp til eit utsiktspunkt som heitte nawurlandja lookout. gradestokken hadde no krope opp til 40+, så turen vart litt ekstra tung pga heten. men me vart belønna med flott utsikt då me kom opp, og følte det var verd det.
neste stopp tok me på warradjan aboriginal cultural center, kor me fekk læra om aboriginane i dette området sine skikkar og levemåtar. me lærte korleis dei jakta, og kva dei jakta på. i suvenirbutikken deira fann me flogenett til å ha på hovudet, noko som kanskje er det smartaste kjøpet me har gjort på turen. no var me verkeleg klare for outbacken! litt etter skjema gassa me på vidare gjennom kakadu. fleire stader såg me røyk frå brannar, men på warradjan hadde me lært at dei innfødde brente av områder under kontrollerte former. det same som me gjer i noreg med bråtebrann.
svære termitt-tårn var også noko som florerte longs vegen. dei kunne visst bli 3 meter høge.
3 meter høge såg det også ut som dei neste dyra me traff var, nemeleg vannbøflane. brått stod dei der i vegkanten. skrekkslagne stansa me bilen og spurde kvarandre om dei var ekte. det var dei! svære, svarte dyr som hadde mosa bilen vår om dei hadde bestemt seg for det. me knipsa eit par bilder før me forta oss vekk.
i grevens tid, eller før det vart mørkt om du vil, svinga me inn til dagens mål: småbyen katherine. me hadde funne eit motell som høyrdest greitt ut i lonely planet, så me plotta adressa deira inn på gps’en. då me var komen fram, la me merke til at det var ein stor fugleflokk som svevde over hovuda på oss. men det var noko merkjeleg med denne fugleflokken. den tok aldri slutt. og ved nærare ettersyn såg me at det ikkje var fuglar, men flaggermus som fauk over hovuda på oss. tusenvis av flaggermus på veg inn til byen ved mørkets frambrot. dei laga ikkje ein einaste lyd, berre svak flaksing med vengene dersom du høyrte veldig godt etter. ein litt fin og litt skummel opplevelse. paraway motel var absolutt ein kurant stad å overnatte. for 145 aud fekk me eit plenty stort rom med aircondition, heilt greitt bad, utandørs basseng og noko som skulle vise seg å vera ein ganske kjekk restaurant. heile motellet bar preg av å vera noko datert, men det gjorde ikkje så mykje. me hadde ikkje høge forventingar og var nøgde med ryddig rom og god service. restauranten hadde ikkje alvorleg lengje ope og me burde visst bestilla mat før kvart på åtte. som sagt så gjort, og den hyggjelege servitøren vår troppa opp med den eine gode retten etter den andre, i tillegg til ei god, sprudlande pinot noir frå jacob’s creek. han skulle visa seg å vera frå bonifacio på korsika. me delte litt opplevingar frå (favorittøya vår) korsika med han og fekk vite at han var på reise, og jobba seg rundt i australia i løpet av eit år. rundt klokka ni var alle klare til å stengja og gå heim, men sidan me sat der med vinen vår og det sedvanlege slaget med idiot, lot dei oss få sittja så lengje me ville. me kunne ikkje ta for mange slag, for neste dag venta nok ein long køyretur.
tidleg neste morgon var me klare for å nå dagens første mål som var mataranka thermal pool. me svinga innom bitter springs før me kom så langt, mest fordi me såg på feil vegskilt, men det var absolutt verd omvegen. bitter springs var eit vatn så klart at du kunne sjå botn og vel så det, og naturen rundt var eit fint avbrekk frå den travle motorvegen me kom frå. me kunne nok ha tatt ein dukkert her, men hasta vidare til mataranka, der det var naturleg oppvarma vannhól. frå tretoppane høyrde me kjeftinga frå tusen flygande revar, eller flaggermus som me kjenner dei best som. der hang dei på rekkje og rad etter føtene og me skjøna kor flokken me hadde sett kvelden før kom frå.
etter litt bading og avslapping åt me ein enkel lunsj på maluka’s bar der me traff noko som må ha vore verdas minst engasjerte kafédame. temperaturen var krope over 40+, så på slike dagar kan det vera like greitt å settje seg i bilen, skrua på airconditionen og susa vidare. neste stopp var daly waters, eit «vannhól» som seiest å vera den eldste puben i northern territory.
med skjenkebevilgning frå 1938 kan ein jo nesten tru på det også. me tok ein is her for å kjøla oss litt ned.
no var det berre strake vegen til tennant creek kor me svinga inn på eit nytt motell. dei vart visst billegare og billegare nedover vegen. dette betalte me 110 aud for, men det var ikkje verdt stort meir heller. me la merke til alle bileta av gibraltar som hang bak dama i resepsjonen, og ho kunne stolt fortelje at der var ho og familien hennar frå. me kunne fortelje at me likte gibraltar svært godt! så gav ho oss eit lite kart med oversikt over dei næraste restaurantane. den som skulle liggje i nabohuset, og som var ein av grunnane til at me valgte plassen (utifrå opplysningar frå lonely planet), var stengt, så me var nøydd til å forflytta oss litt ut i gatene. første stopp var bottleshop’en, for fru gibraltar hadde gitt oss beskjed om at restauranten woks up var ein «byo». altså ein stad der du tar med dine eigne drikkevarer. mannen i flaskebutikken kunne også gå god for woks up, så då gjekk me rett over gata og sette oss på eit bord i denne overraskande fine og moderne asiatiske restauranten. den verka som eit friskt pust i ein ellers litt nedslitt og lurvete by. me fekk plenty med mat og tok jammen eit slag kort også før me gjekk tilbake. der prøvde me å få airconditionen på rommet til å virka, utan mykje hell. dvs den virka på eit vis, dersom ein var villeg til å høyre på eit bråk utan like. det vart ei sveitt natt.
likevel stod me tidleg opp neste dag og var «on the road again» klokka 8.10.
dagens første attraksjon var devils marbles, eit flott naturfenomen, som dei innfødde skal ha forklart som egga til regnbogeslangen, men som eigentleg var granittstein forma som kuler.
neste attraksjon var på ein måte også eit naturfenomen, om enn noko vanskeleg å sjå. wycliffe var nemleg ein stad der det vart observert usedvanleg mange ufoar. og det melka dei for alt det var verd. me drakk kaffi frå alien-krus og kunne lese historiar derifrå på avisutklipp som var tapetsert utover veggjene. noko meir nedpå jorda var den neste staden: mangofarmen red centre farm. her selde dei eigenprodusert mangovin, mangoiskrem og sikkert mange andre mangoprodukt. me kjøpte med oss ein is og ei flaske boblande mangovin (som framleis ligg i bagasjen vår). me snakka litt med eigaren paul som me lova å helse til her. hey paul! denne dagen låg me veldig godt ann etter skjemaet, og me kom fram til målet vårt; alice springs allereie klokka 14.00. me manøvrerte oss fram til watertank cafe, som me visste hadde internett. det viste seg også at dei hadde mykje godt på menyen og ein usedvanleg god atmosfære. velkomsten til alice springs kunne ikkje vore betre.
me pløydde gjennom tripadvisor for å finne ein overnattingsstad i byen, og kom fram til at aurora var eit hotell som var både sentralt og fint. etter å ha ete ein knakande god lunsj på vanntanken, gps’a me oss fram til hotell aurora. rommet vart veldig fint og lokaliteten upåklageleg. me hadde på dette tidspunktet bestemt oss for å drøya turen vidare litt, pga vermeldinga og litt fordi me trengte å roa ner tempoet. det hadde byrja å blåsa ganske mykje, og dette tok seg meir og meir opp utover kvelden. men det gjorde ikkje så mykje. me såg oss litt om i hovudgata før me enda opp på monte, som skulle visa seg å bli favorittplassen vår i alice springs. her bestilte me mat og sat ute under stjernene og lyspærene, medan folk i stort sett alle aldrar hadde funne vegen hertil.
haloumi(vegetar)burgeren eg fekk her er det beste vegetarmåltidet eg nokon gong har ete. og stemninga på denne festlege plassen gjorde ikkje kvelden mindre perfekt. etter ei stund gjekk me heim og tok eit glas på den lille hageterrassen utanfor rommet vårt.
det var blitt fredag allereie, og me bestemte oss for å utforska nærmiljøet. først med ein tur til museums og galleriområdet araluen cultural precinct. me såg først ei utstilling med mange flotte kunstverk frå aboriginerar. dei var nokså dyre, men heilt klart populære då det hang raud lapp på mange av dei. etterpå gjekk me til naturhistorisk museum som hadde ei kompakt, men ganske god utstilling av lokale dyreartar, fossilar og steinar.
etter dette var me klar for ein ny tur til watertank. me fekk ein solid lunsj, så me var klare for ein lang køyretur etterpå. turen gjekk mot nordvest og på ei fin rekkje låg attraksjonane linjert opp etterkvarandre. me såg fleire «gorg’ar» som det kallast dersom eit fjell har delt seg i to og laga ein mellomgang. den første me kom til var simpsons gap
ved standley chasm måtte me betala ein symbolsk sum for å komma inn
og den siste: ormiston gorge, hadde eit vatn, der den modige mannen tok ein forfriskande dukkert.
det tok omlag halvannan time å køyre tilbake. då me kom til alice springs igjen, stod det italiensk på menyen. casa nostra heitte den, og låg på andre sida av «elva». for det merkelege med desse elvene er at dei er teikna inn i kartet og på gps’en, men dei finst ikkje. det er berre sand der som vatnet skulle ha runne. i «våt-perioden» derimot, kan dei gå over sine breidder og stengja vegar. men me kom oss altså trygt over til casa nostra og var heldige å få bord på denne travle fredagskvelden. at dette var ein «byo» restaurant hadde me jo ikkje tenkt på, så mannen sprang tørrskodd over «elva» etter «vatn». litt bråkete var det her, men maten var god og stemninga likeså. me gjekk liksågodt ein tur på monte denne kvelden også.
laurdag er jo shoppingdag, det er noko alle veit. me åt først frukost på den travle page 27 cafe og kjende at me vart meir begeistra og overraska over denne levande byen for kvar dag som gjekk. men for å shoppa sikta me oss inn på target, og blei verande der ei god stund. eg fann meg mellom anna billege joggesko. etterpå spaserte me over til olive pink botanic garden og drakk kaffi med fuglane.
den spreke mannen tok seg ein rask tur opp i fjellet bak hagen, og var så heldig å treffa på to kenguruar og ein wallaby.
ein blir svolten av å ikkje gjera stort, så inne i byen delte me ein pizza på monte’s. den kom med eit lass av salami og interesserte floger. tilbake på hotellet byrja me så smått å pakka, og planla neste dags tur. me skulle nelmeg til australia sitt absolutte indre. om kvelden åt me på red ochre grill, som var hotellet sin restaurant og viste seg å vera både byens dyraste og dårlegaste restaurant. styr unna. etterpå sat me for fjerde gong på tre dagar på monte’s, før me tok ein tidleg kveld.
å stå opp samtidig som sola er ikkje lett, men me klarte det! me stod faktisk opp før det, og køyrde ut ifrå aurora då me såvidt skimta sola. me skulle langt og lenger enn langt, og målet var kings canyon. etter å ha kjøpt noko mat som me så effektivt åt medan me køyrde (ikkje gjer dette heime), tok det oss omlag 4,5 timar og to bensinfyllingar før me kunne stige ut framfor den mektige kings canyon. det var ein behageleg temperatur denne dagen, så me kunne leggja ut på ein lengre tur enn me hadde gjort om det var 40+. me hadde med oss flogenetta våre, og kjende oss godt utrusta til fjellturen som var omlag 3 timar lang. den var absolutt verd det! stiginga var ganske bratt i byrjinga, men flata seg ut når me kom opp. det var som å gå rundt i eit månelandskap der oppe.
fjellformasjonar og klipper som me ikkje har sett maken til -alt i raudt. me stoppa opp og åt niste og nytte roen som rådde der oppe. eg fekk meg jammen eit insektsstikk også, som var turens første. me konkluderte med at kings canyon var vel verd eit besøk, og me var spesielt glade for at me hadde tatt denne fjellturen. rundt klokka ett var me nede att, og klar for neste etappe. no sette me kursen mot uluru og kata tjuta. då me først skimta eit fjell som stakk opp av det flate landskapet trudde me at dette var uluru. men det skulle vise seg å vera mount conner og stakk 300m opp frå bakken -vel 850m over havet.
me hadde allereie bestilt rom for den natta, på outback pioneer hotel & lodge, som viste seg å vera ein veldig grei plass då me kom fram rett før klokka fem på ettermiddagen. me fekk ei hytte som hadde fire separate leilighetar, kvar med fire køysengjer, dusj og do. reint, ryddeg og (overraskande) gode sengjer. me skulle uansett ikkje tilbringa mykje tid her, allereie halv seks heiv me oss i bilen og køyrde mot uluru, eller ayers rock som det også er kjend som. og for eit syn. ikkje mykje kan slå det synest som møter deg når denne mektige, raudorange steinen dukkar opp rett framfor deg. me hadde ikkje innbilt oss at den var så enorm som den var. før sola gjekk ner, fekk me tid til å køyra rundt den for å ta den litt nærare i augesyn. men klokka halv sju stod me saman med mange andre på sunset view p-plassen og nytte synet av eit av jorda sine underverk. uluru i solnedgang.
det mest like flotte synet var av kata tjuta, 50 km lenger borte, som såg ut som ei røys vanvittig store steinar berre droppa tilfeldig på eit jorde.
etter denne meir eller mindre romantiske stunda, var me alle på veg tilbake til «resorten» att. overnattingsplassane ved uluru er eigd av same firma, som igjen leiger staden av aboriginerane. dei ligg samla som ein slags liten landsby, og inkluderer ein bensinstasjon og ein supermarknad. etter mørkrets frambrot tok me ein sti gjennom marka og befann oss snart på sails in the desert. me hadde ikkje planar om å ete her, men dei hadde ein avdeling i restauranten for oss litt «casual» kledde og var svært imøtekomande, så kvifor ikkje. det var ein nydeleg restaurant med nokså rimeleg mat.
me åt karrigryte og bøffelgrillspyd, og delte ein ostetallerken til dessert. det var stjerneklart ute og fint for ein måneskinstur heim. og til vår overrasking var det der det var liv. eit einmannsorkester stod på scena ved grillrestauranten vår, og både store og små var i full gang med å danse. me nøydde oss med å sjå på, for me skulle tross alt enno tidlegare opp dagen etter.
det er ikkje noko me har for vane å gjera når me er på ferie, men for andre dag på rad var me oppe før sola. 5.30 ringde klokka, og ikkje lengje etter var me ute i den kalde morgonen med kurs for uluru. kven som har funne på dette veit eg ikkje, men det ligg utan tvil bra marknadsføring bak, for ein må nemleg sjå uluru både ved solnedgang og soloppgang! og like mange hadde funne vegen opp til utkikkspunktet denne morgonen. me stod der alle og hutra medan denne store sovande steinen sakte vakna til live og bretta ut fargane sine litt etter litt. at dette er ein stor heilagdom for aboriginerane er ikkje vanskeleg å forstå. etter litt frukost og kaffi køyrde me mot den noko mindre kjende kata tjuta eller the olga’s som me kvite har kalla den. me bestemte oss for å gå ein av turløypene som gjer at du kjem på innsida av fjella. namnet «the valley of the wind» kunne ikkje passa betre, for me holdt på å blåsa vekk då me gjekk igjennom, det vart heldigvis lunare då me kom innanfor. kata tjuta har ufortent kome i skuggen av «lillesystera(eller broren?)» uluru. for ei naturoppleving som denne turen gav oss, skal ein leita lengje etter! enorme, dramatiske, raude fjell med bratte veggjer. flokkar av fuglar som fyk forbi deg som ein vind medan dei kvitrar og syng, og det som vil stå for meg som australia sitt indre: midt inne i kata tjuta. som å koma til eit lite landskap som er heilt gøymt bort frå alt anna.
du høyrer berre vind og tusenvis av fuglar. trer og blomar dannar dei finaste fargar og står i kontrast til det raude fjellet som ragar rundt.
me var heldige og har generelt vore heldige på heile turen med at det har vore lite turistar. me kunne gå der inne for oss sjølv og nesten ikkje treffe nokon andre. etter denne nokså lange turen som tok to-tre timar, køyrde me tilbake til uluru. me besøkte uluru culture center, som var ganske interessant og vel verd eit besøk. her fekk me historiar og sagn som aboriginarane fortel om uluru, og grunnar til kvifor me skal respektera det som eit heilag område. det var også verd å ta ein kikk i permen der dei hadde samla brev frå angrande synderar. ein skal nemleg ikkje ta med seg steinar frå uluru, eller ta bilete av heilage stader der. mange hadde sendt tilbake steinane dei hadde tatt, saman med eit brev der dei bedyra sin anger. me køyrde og sov på skift på vegen «heim» til alice springs. og heldigvis var mannen årvaken nok til å sjå kenguruen som var på hoppande veg mot motorvegen. den såg heldigvis oss også, og snudde i tide. vel heime i alice igjen hadde me nok ein gong booka oss inn på aurora, denne gongen til ein mykje billegare pris. rommet var litt meir datert, men det gjorde ikkje noko. me hadde lenge tenkt at me måtte ta turen innom hanuman som dei sa skulle vera byens beste restaurant. ingen reservasjon naudsynt sa resepsjonsdama vår då ho ringde etter ein drosje. men så feil kan ein altså ta. i restauranten som ligg i hotellet doubletree, var det stinn brakke og deretter lydnivå. men når me først hadde kome oss til andre sida av byen, kunne me liksågodt venta på bord tenkte me, og sette oss i baren. det kunne verka som restauranten hadde tatt seg vatn over hovudet, for etter å ha bestilt, venta me over ein time på maten. heldigvis hadde me godt selskap og ei flaske vin. maten var god og me åt som vanleg alt for mykje som me pleier å gjera når det står indisk på menyen. det vart ein fin kveld og du kan jo gjette kor me avslutta kvelden. me hadde ikkje så store forventingar til alice springs, noko som kanskje gjorde sitt til at me vart positivt overraska over byen. det er nok ikkje ein by ein reiser til om ein ikkje har eit ærend i dei trakter, men eg anbefalar deg å finna eit ærend i alice!
snakkast!