siste dagar downunder
frå alice springs gjekk turen vidare til vårt siste mål i australia: melbourne. det vart vårt tredje besøk til denne byen som me reknar som ein av våre favorittbyar. her skulle me treffa slektningane frå tasmania, som me skulle dela ein leilighet med i bydelen carlton. gjensynsgleda var stor då me traff marit og shanti, og fekk treffe mark for første gong. me lessa av oss sekkane og gjekk ut i storbyen. like ved leiligheten vår låg det mange restaurantar så det var berre å velgje og vrake. me fann ein koseleg italiensk og sette oss utanfor. me hadde mange historiar å dela og mykje å fortelja om sidan sist. det hadde tross alt gått 7 år sidan sist me såg kvarandre. me vart sittjande der ei god stund før me gjekk heim for å slappe av.
neste dag hadde shanti og mark eitt klart mål for dagen: shopping! me var nokså lette å be, og fann jammen eit par ting sjølv også. etter ein lunsj i sola, tok eg og mannen trikken ut til st. kilda, bydelen me likar best i melbourne.
her bles det stikker, strå og ikkje minst sand. me kjende at den lange turen byrja å ta på kreftene, så me sette oss berre ned her ute og såg på havet og folka som gjekk forbi.
me fekk også med oss at kathy griffin skulle ha eit show på palais theatre om torsdagen, som me planla å gå på.
palais theatre ligg rett attmed den fantastiske luna park.
etter å ha tatt taxi tilbake til sentrum for å rekkje ein butikk som stengde klokka 18 (utan hell) tok me trikken heimatt. denne kvelden ville marit ta oss med til fitzroy for å ete. me gjekk gjennom carlton gardens, forbi royal exhibition building (som vart bygd til verdsutstillinga i melbourne i 1880)
og tok trikken det siste stykket. her oppdaga me ein ny favorittbydel. fitzroy hadde utruleg mange kjekke, små butikkar, barar og restaurantar som osa av liv. melbourne hadde gitt oss enno ein grunn til å koma tilbake. me fann ein grei thairestaurant, og eg drista meg til å bestille noko heilt utanom det vanlege. det vil sei noko anna enn grønn karri. mette og nøgde tok me trikken heim att.
på den siste heile dagen i melbourne hadde me bestemt oss for å gå på kunstgalleri, så medan shanti og mark fortsette shoppinga si, tok eg, mannen og marit trikken til sentrum. me gjekk gjennom royal arcade, innom butikkar og tok ein kaffi og kake. eg fekk også tjangs til å prute. etterkvart befann me oss på den flotte, opne federation square og gjekk inn på national gallery of victoria.
me gjekk lengje rundt og såg mange flotte kunstverk. fellestrekket for dei var at alle kunstnerane hadde ei tilknytting til australia. etter gallerigåinga tok me ein lett lunsj i den fargerike, bortgøymde gata hosier lane.
der fann me den enno meir bortgøymde movida, som var ein fantastisk liten tapasplass.
me bestemte oss for å reise rett til st. kilda, for me skulle treffa dei andre der seinare for ein matbit. så då fekk me tid til å sjå litt i butikkar og trekkje inn den gode st. kilda atmosfæra. før eg og mannen gjekk på kathy griffin sitt show klokka 19, åt me saman med marit og shanti på den koselege vineyard.
til det majestetiske palais theatre like ved luna park, hadde alle dei homofile i heile australia også funne vegen denne kvelden. kathy griffin takka då også dei «7 heterofile menna» som kom for å sjå showet denne kvelden. vidare skaut ho som vanleg frå hofta og deromkring mot dei fleste a-kjendisane i hollywood. ikkje noko for skjøre sjeler, men veldig morosamt for litt meir tjukkhuda. me tok trikken heimatt etterpå, og mannen og mark gjekk ut for å sjå melbourne by night ein siste gong før me skulle reise neste dag.
me skulle vera på flyplassen tullamarine klokka 11 fredags førmiddag, så me fekk tid å ete frukost ilag før me sa på gjensyn. dei andre skulle bli ein dag til i melbourne. då me ankom tullamarine, fekk me opplyst at flyet vårt med royal brunei airlines vidare til brunei ville bli 5 timar forseinka. ikkje noko hyggjeleg melding å få når du har eit ventande fly vidare til kota kinabalu samme kveld, og eit allerede betalt hotellrom. det var ikkje så mykje å gjera anna enn å prøva å slå ihjel tid og bruke matkupongane me hadde fått. totalt sett vart flyet vårt over 6 timar forseinka pga ein sjuk kaptein. det var naturleg nok mange sure fjes i den ventehallen. flyturen over australia var flott sjølv om byrja å bli mørkt me såg voldsomme skyer som lyste opp av lyn under oss, og det som (desverre) må ha vore skogbrannar. på flyplassen i brunei var dei ikkje det spor forberedt på at me kom og skulle ha både informasjon, overnatting og vidare transport. me var fem stykker som skulle bu på hotel orchid, og alle var omtrent like trøytte. etter ei stund og litt virrvarr fekk me bagasjen vår ut av flyet som skulle vidare til dubai og london og farta avgarde til hotellet som låg omlag 10 minuttar unna. i hotellet, som også husa sveriges konsulat, vart me tatt godt imot og fekk greie rom. det var seint og me sovna i dét me landa på puta. neste morgon hadde me matkupongar frå frukostbuffeen, men me skulle berre hatt større magar, for det var mykje godt å velgja i. me spurte etter ein taxi, og snart stod amy frå kuala lumpur klar til å frakte oss trygt til sentrum. ho tilbydde seg tilogmed å koma å hente oss på same stad halvannan time seinare. me kunne ikkje bli så lengje, så me vandra litt rundt, såg på den enorme moskeen omar ali saifuddin mosque.
snakka med eit par kattar og prøvde å unngå å bli praia av «water taxi’s».
ti minuttar etter avtalt tid (me la merke til at alle klokkene me hadde sett viste ulike tider) kom amy tilbake og beklaga forseinkinga. ho peika og viste ting me skulle sjå. då me kom fram rokk me akkurat å bruka matkupongen for lunsj og kaffi før me farta vidare til neste og siste destinasjon: kota kinabalu.