Skip to content

terima kasih kota kinabalu!

januar 13, 2014

eller «takk kota kinabalu» som me ville sagt i noreg.
etter at me kom heim frå den flotte og lange turen vår har det vore veldig travle tider, både jobbmessig og jobbemessig visst du skjønar. så her kjem endeleg det siste innlegget frå turen som me hadde for godt over to månader sidan.

me fann ei lita perle på verdas tredje største øy, borneo. i ein «liten» malaysisk by me aldri hadde høyrt om før me tjangsa på å ta eit stopp der på nokre dagar, etter ei lang reise gjennom australia. me skulle hatt 3 netter i «kk» som byen så populært blir kalla, men grunna ein 6 timars forseinkelse på flyet vårt med royal brunei airlines frå melbourne, vart det desverre berre 2. me måtte ha ei uplanlagt overnatting i brunei sidan me ikkje rokk flyet vidare til kk. rundt klokka 17 landa me endeleg i vårt siste mål, og fekk ein taxi eller teksi som dei kalla det inn til byen og hotellet vårt le meridien. me oppdaga ganske snart at hotellet låg så sentralt som me hadde fått beskrive. det yra av liv i gatene denne laurdags ettermiddagen. i innsjekkinga på hotellet blei me spurt om me ville oppgradere til «club»-opphald, som innebar at me hadde tilgang til den finare frukostsalen/salongen i same etasje, der det også vart servert afternoon tea og forfriskningar under cocktailhour. det einaste me stussa over, var at me trudde me allerede hadde betalt for dette. noko som skulle visa seg å vere rett. husk å alltid ha orden på reservasjonar og skriv gjerne ut dette på førehand. det hadde me gjort, og kunne framvisa det. hotellrommet i 12. etasje tok pusten frå oss, og me vart berre enno tristare for den ekstra natta me hadde mista her. lemeridienkotakinabalu utsikta var fantastisk over havna med den travle marknaden nedanfor, fiskebåtane som låg å duppa og øyene utanfor med dei såkalla «water villages» -små hus på stylter i sjøen. me ankom akkurat tidsnok til å få med oss solnedgangen frå salongen medan me nippa til eit glas vin og meska oss med smårettar. me likte allerede kota kinabalu! etter klokka 19 gjekk me ut i varmen, støyen og dei livlege gatene. me gjekk innover bak hotellet for å prøve å finna ein restaurant me hadde lest om. den skulle ha malaysisk/portugisisk mat, noko som høyrdest svært spanande ut. då me endeleg fann denne opplyste, lille restauranten med berre eit par besøkande i litt lite koselege omgjevnader, bestemte me oss heller for å settja oss utanfor i gata der dei hadde musikk og masse liv under open himmel. me hadde i brunei blitt kjend med to folk som lei under same skjebne som oss, altså forseinka fly. federico frå melbourne/argentina og vivi (trur eg?) frå sjølvaste borneo hadde anbefalt oss å prøve matretten laksa. det skulle vera ei slags herleg suppe, som var typisk malaysisk. me fann denne på den rikhaldige menyen, så mannen bestilte den, og eg bestilte ei nudelsuppe med kylling. det må vel vera dette som er smaken av asia. etterpå spaserte me innover att mot hotellet og havna, og stakk innom små plasser etter behov. då me kom tilbake til hotellet, oppdaga me at det var underhaldning i hotellbaren, så me slo oss ned. bandet på scenen spela typiske hotellbar-underhaldnings-songar, og etterkvart spurde frontmannen kor me var frå. då han høyrte me var frå noreg, ropte han «tack så mycket!» vel.. etter å ha sunge ferdig kom han bort til bordet vårt og slo av ein prat. ein veldig hyggjeleg mann som underhaldt hotellgjestar kvar kveld med unntak av søndagen. då underhaldt han borna sine.

neste dag entra me frukostsalen som bada i sollys. kelneren kom og tok kaffibestillingen vår, og ved eit lite bord stod ein kokk som laga egg. steikt, kokt, omelett -alt ein måtte ynskje. på buffeen var det rikhaldig utvalg av pålegg, smårettar og frukt. me skulle ikkje gå svoltne herifrå. ute skein sola og varmen slo imot oss i dét me gjekk bortover kaien. det var travelt og yrande folkeliv. fullt av bilar og folk som skulle på marknaden. bortanfor marknaden var det litt rolegare, og båtane låg og duppa langs kaien. kotakinabalu#1 me hadde snakka om å ta ein tur ut til ein av øyane og no hadde me tjangsen. fleire folk kom for å praie oss til «watertaxi’ane» sine, men prisane var stive. eg har aldri vore noko særleg flink til å prute, men prisane høyrdest så tullete ut at eg lot meg ikkje vippe av pinnen. til slutt hadde eg forhandla oss til omlag halve prisen, og me fann då ut at taxisjåførane fekk rundt 100 nok medan innkastaren berre fekk nokre tikroner. det var altså si eiga løn denne innkastaren forhandla om. sjåførane var ikkje til å rikkje. og det måtte sjølvsagt vera to sjåførar på ein båt med to passasjerar. me la frå kai og suste ut mot den næraste øya gaya. her køyrde me nære dei såkalla vann-landsbyane, og fekk sjå korleis folk levde der. me såg glade ungar som leika innimellom husa kotakinabalu#2 og då me vinka til dei, kom dei springande mot oss og heiv seg ner i sjøen. kotakinabalu#3 me såg jenter i dei vakraste, fargerike kjolane, som balanserte på dei smale bryggjene mellom husa. kotakinabalu#4 ved eitt hus stoppa me for å fylle bensin. me stussa litt over at båten måtte reisa heilt ut her for å fylla bensin. vidare tok dei oss forbi øya manukan, og me fekk sjå kota kinabalu frå avstand. me skimta også mount kinabalu, men toppen var ikkje synleg grunna lågt skydekke.  denne båtturen ville me ikkje vore foruten, me skulle berre hatt litt betre tid. etter endt tur spaserte me gjennom markedet og såg med store auger på alt som befann seg der. ein labyrint med små gongar og krinkelrokar. kotakinabalu#6kotakinabalu#7kotakinabalu#8 tilbake på hotellet var det no tid for afternoon tea. og som dei tedrikkerane (!) me er, måtte me få med oss dette. små delikate rettar stod parat for dekadente hotellgjester som oss. iallefall følte me oss sånn. og berre utsikta frå salongen var nok -dette var rein nytelse! afternoontea etter teen (det gjekk mest i kaffi) gjekk me på rommet for å ta ein dusj og forfina oss. no var det nemleg snart klart for hotellets «cocktail hour». det er travelt å vera fin på det. ny servering, nye glas, og ein ny solnedgang som me nytte synet av medan me tok eit slag idiot og skreiv kort heim. det var desverre den siste kvelden i kota kinabalu. etterkvart var det tid for «kveldsmat», så me gjekk mot kaia. der låg restaurantane og pubane side om side, og me bestemte oss for ein indisk restaurant. indisk er alltid ein sikker vinnar, også denne gongen! me såg at eit par frå hotellet vårt hadde teke turen til den same restauranten. me kom i snakk med dei, eit hyggjeleg par i 40-50 åra frå storbrittania. me avslutta kvelden med å høyre på livemusikk på ein av byens pubar, før me tok ein ikkje altfor sein kveld.

neste dag skulle me ikkje reisa før på ettermiddagen, så etter frukost tok me på oss badetøyet og gjekk til hotellets spaavdeling. der hadde dei utandørs symjebasseng og boblebad. dei tilbydde også massasje innandørs. me skreiv kort, duppa litt i bassenget, såg flya fyke over oss og kjende at me kom til å sakne denne perla. etter ei stund sjekka me ut og gjekk på kaia for å ta eit siste måltid. som ikkje kunne vore betre! endeleg fekk eg min thai-favoritt «grøn karri», og eg vil påstå at det er den beste eg har hatt nokon gong. me rusla litt på kaia og ville ikkje gi slepp på ferien, men til slutt måtte me. kotakinabalu#9 turen via brunei, dubai, london og københavn til bergen gjekk knirkefritt, men det var eit par slitne reisande som kom heim att den 22. oktober. men i bagasjen hadde me fantastiske nye minner, og ein mangovin frå australia.

2 kommentarar leave one →
  1. ingunn permalink
    januar 13, 2014 5:55 pm

    Høyres ut som ein kjekk tur! Men lurer på, var mangovinen god? hørtes veldig eksotisk ut!:-)

    • januar 13, 2014 8:46 pm

      takk, den var veldig kjekk 🙂
      veit du, mangovinen står uopna i skapet og ventar på den rette anledninga 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: