«vi er fremme og alt er vel»
turen til melbourne med royal brunei airlines gjekk veldig fint, om enn ikkje heilt smertefritt. ein får nemleg litt vondt i halebeinet når ein må sittja å eta, sova, lesa og sjå på tv i eit sete i eitt og eit halvt døgn. men om ein vil koma seg rundt halve jorda, så gjer ein det. etter omlag 6 timar stoppa me i dubai, men berre for å strekkje på beina, gå ut i flyplassen og gå inn att i flyet. det var veldig greitt å stykkje opp turen på denne måten. neste stopp kom etter omlag 8 timar og var i flyselskapet sitt heimland, brunei. om du ikkje absolutt må reise til denne flyplassen, kan du fint halde deg unna. dersom du ikkje reiser business klasse då, og får opphalde deg i vip loungen. ein søvneg og keisam liten flyplass med dei verste toaletta eg har sett. døra til vaskerommet stod open, og eg er ikkje sikker på at ting ville blitt reinare om det vart vaska med noko derifrå. me kjøpte heller ein kaffi og prøvde å gå på kafé-internettet. utan hell. då var det betre å koma seg ombord på flyet og prøva å sova litt dei siste 6 timane. det gjekk ganske fint, og me landa i melbourne nokonlunde friske og raske. der vart me henvist til den minste terminalen av dei alle, som tiger air opererte åleine. me spurte fint om å få sjekke inn klokka 05.00, men flyet gjekk ikkje før 08.20, så me måtte venta halvannan time, noko som var heilt i orden. me kjøpte frukost då me kom inn i venteområdet, og snart var me oppe i skyene att. tiger air har eit litt dårleg rykte på seg her under, men me har ingenting å utsettje på dei. dei var stort sett smilande og hyggjelege. vel framme i målet vårt: adelaide, vart me møtt på flyplassen av preeti som er kona til tremenningen min cameron, og sonen deira prithu. det var veldig kjekt å sjå dei! me køyrde heim via ein liten tur på markedet kor me kjøpte smårettar for å ha til lunsj, og kvar vår kaffi. lunsjen åt me heime hjå dei, og snart kom cameron heim frå jobb, og me var alle samla. me bestemte oss for å køyra ein tur ut til glenelg, som er ein bydel ved stranda vest for adelaide. der er det både fastbuande og turistar, og på denne nydelege solfylte, men litt vindfulle dagen yra det av folk som hadde tatt turen ut her. gatene var fulle av små, koselege butikkar og kafear. me hadde med oss eit teppe og sette oss på graset og drakk kaffi.
dagen var noko prega av at me var trøytte og litt døgnville etter turen. så etter å ha ete middag gjekk me ganske snart til sengs.
måndag kom desverre med dårlegare ver. me stod tidleg opp og åt frukost, og etter ei stund reiste me alle saman på biltur. både cameron og preeti hadde fri. turen gjekk til den vesle byen hahndorf, som hadde eit noko tysk preg over seg. me tok ein kaffi på ein koseleg kafe, og etter litt spasering hadde me lunsj på the haus. ein populær, men behageleg eteplass som serverte noko for einkvar smak. i hahndorf fekk me også kjøpt oss sim-kort, som kan vera nyttig å ha, så slepp me å betala ein million for å ringje til nokon. etter denne litt kalde utflukta, vart me sett av i adelaide sentrum, for litt shopping. noko som ofte viser seg å vera vanskeleg å gjera på kommando, så det vart berre eit par nødvengige ting, inkludert is.
neste dag var me «on our own», så me sov litt frampå (for me hadde vore vakne og høyrt på det fæle veret utanfor om natta), før me gjekk for å ta ein buss til byn. etter litt ventetid, var me på veg, og planen var å vera litt kulturelle. me traska litt i den kalde byen i retning kunstgalleriet, og brått fekk me auge på eit dyr oppi eit tre. var det ein katt? var det eit ekort? var det eit fly? nei, det var ein possum! me gjekk først på art gallery of south australia, der noko av det første som møtte oss var tre bilder av den norske kunstnaren knud bull.
me kan ikkje skryte av å ha høyrt om han før, men i ettertid har me funne ut at han var ole bull sin eldre bror, og familiens sorte får, som måtte reise til australia pga sine kriminelle handlingar. han budde visstnok mesteparten av tida her på tasmania. kunstnarane/kunstverka såg alle ut til å ha ei eller anna tilknytting til australia. kjende skulpturar av rodin og catherine hepworth var nok trekkplastera, men det var mange andre flotte kunstverk, og utstillinga var bygd opp kronologisk.
me tok ein lett lunsj i kafeen her, før me forflytta oss bort til south australian museum som låg like ved. der såg me ei heil rekkje utstoppa dyr frå alle verdenshjørner, i tillegg til nokre skjellett. det var ei intressant utstilling om aboriginerane, i tillegg til gamle gjenstandar og bilete frå heile oseania.
me var ein kjapp tur innom state library of south australia, og fekk med oss ei lita utstilling om gay pride i adelaide. no gjenstod ein tur til turistinformasjonen, som ligg i gata rundle mall. me søkte nemleg informasjon om vindistrikta rundt adelaide. me rådspurte oss med dei to eldre damene som jobba der, fekk eit par brosjyrar, og vart litt lurare. me gjekk til the elephant english pub, og fordøydde dagens inntrykk. etterpå tok me bussen heimatt.
det var allerede blitt onsdag, og på tide å vokse leggane. som nybegynnar i dette territoriet, syntest eg det var veldig greitt å vera med preeti til hennar faste salong. der var dei veldig hyggjelege, og behandlaren min fortalde at ho hadde hatt ei brev-veninne i oslo, som ho hadde mista kontakten med no. så liten er altså verda. eg foreslo at ho kunne leite etter ho på facebook. sidan eg vart ferdig først, fekk eg ein kopp kaffi og kjeks medan eg venta. og det var då eg såg det. biletet av sjølvaste hugh jackman som stod der og smilte så flott medan han holdt rundt eigaren av «a touch of beauty». me bruker altså same hudpleiesalong i adelaide, hugh jackman og eg. verda blir berre mindre og mindre. etter å ha kome ned på jorda, reiste me saman med preeti og prithu opp til utsiktspunktet mount lofty. og for ein utsikt! berre så dumt at det var overskya og vanskeleg å sjå langt. kafeen der oppe var stengd, så me returnerte heller. og sidan denne dagen stod i sjølvpleien sitt teikn, vart me liksågodt sett av på den lokale thaimassasjen. der vart me olja inn og mjuka opp. massøsa mi var ganske oppgitt over kor stiv eg var i nakken, og meinte eg måtte ha mykje hodepine, noko ho hadde heilt rett i. samtidig syntest ho det var veldig morosamt med så små hender som eg hadde. ho klarte å få bukt med dei stive musklane mine, og smurte dei inn med tigerbalsam. om kvelden laga eg middag, så det vart italiensk mat denne kvelden. gratinert avokado til forrett, og pasta med tomat- og basilikumsaus til hovudrett. cameron hadde reist på «business trip» til sydney, så det var berre oss tre til middag.
torsdag morgon var me klare for biltur, så me stod opp tidleg og gjorde oss klar. det var berre oss to som skulle avgarde, så me fekk låne mini cooperen til preeti og cameron. før me køyrde fekk me helsa på foreldra til preeti, som er tamilar. dei var veldig hyggjelege og imøtekomande, og kunne fortelja at dei hadde ei niese i norge. etter å ha tatt farvel, sette me kursen mot barossa valley, som er det første store vindistriktet me kom til etter å ha køyrd ein times tid i nordleg retning. då me såg skilta for jacob’s creek, syntest me at me måtte svinga inn. dette er kanskje ein av dei mest kjende australske vinane i noreg, så dei må ha gjort noko rett med marknadsføringa. me sette oss i den fine restauranten, bestilte ein ostetallerken til å dele, litt poteter og dip, og ein musserande vin med låg prosent.
enkelt, men nydeleg måltid i nydelege omgivelsar.
dei tilbydde også vinsmaking her, og omvisning rundt vinrankane, men me skulle vidare, så me plotta inn auburn på gps’en. turen tok oss gjennom nydelege vindalar og frodige sletter.
små koselege byar, med «cottages» som ein kan bu på. me køyrde heilt til clare, kor me la oss inn på clare valley motel. me hadde planar om å leige ei av dei populære cottages’ane, men det var ikkje så enkelt å finne nokon på ståande fot, og motellet såg veldig fint ut. det hadde ein fin beliggenhet og veldig hyggjelege ansette, i tillegg til kenguruar i bakhagen, ein hund og ein katt.
me fekk av oss køyrekleda og omgjorde oss til middagsgjestar. det var ein fin spasertur inn til byen i dét sola var på hell. me gjekk først innom bentley’s for å ta tempen på dei lokale. den var grei, så me gjekk etterkvart vidare for å finne ei skjepeleg sjappe med mat. det var stort sett berre ei gate som var av interesse i clare, den heitte då også «main road». etter litt fram og tilbake enda me opp på clare hotel.
der hadde dei «et alt du vil i salatbaren», og dagens spesialitetar for berre 56 nok. ikkje akkurat ein gourmetrestaurant dette, men me vart stapp mette. me delte kvitløksbrød og diverse dippar til forrett, og fekk fisk og lam til hovudrett. etterpå tok me eit glas i baren. det same gjorde alle dei andre hillbilliane. klokka ni var det ikkje så mykje meir å finne på, så me tok ein taxi attende til motellet. der såg me supernanny og åt sjokolade. when in wine district you know.
det har blitt fredag no når eg skriv dette, og me har kome oss frå vindistriktet og ned til «heimen vår» i kurralta park. me starta dagen i clare, med ein solid frukost på wild saffron. ein populær og fin kafe i hovudgata (sjølvsagt). me bestemde oss for å ta ein annan veg heim, så no køyrde me (med hjelp frå vår ven gps’en) mot kysten i vest. det vart nokre flotte kodak moments også her, særleg i området rundt lochiel. der det låg ein stor, rosa saltsjø kalla lake bumbunga. turen tok omlag to timar, og me fekk også eit lite glimt av havet då me svinga nedom thompson beach. alt i alt ei fin utflukt dette. me fekk ikkje gjort noko vinsmaking, som me på førehand hadde snakka om, men det gjorde ikkje så mykje. ikveld skal me på central market, som er ein stor matmarknad i byn. men me må ta ein nokonlunde tidleg kveld, for i morgon skal eg tilbake til hugh jackman salongen. du ser, den er avhengighetsdannande.
på søndag skal me avgarde til darwin.
snakkast plutseleg!
hugs at dersom du skal reisa til australia må du ha visum. les deg opp om visum australia.