Skip to content

øyhopping

august 23, 2013

om ganske nøyaktig fem veker legg me ut på reise att. dei siste 13 åra har me vore på 22 små og store turar utanfor noreg sine landegrenser. og dersom eg tenkjer etter, har mange av dei vore til øyer. det er nok meir eller mindre tilfeldig at det har blitt sånn, men det er likevel noko spesielt med å besøkje øysamfunn. for det er ofte det dei er –samfunn for seg sjølv. øyfolk har ofte ein annan mentalitet, det er kanskje eit litt anna tempo, stemninga er annleis.
den første turen vår til ei øy var vinteren 2001 då me vittja island. eg hadde vore der 2 gonger før, fordi eg har nær familie som bur der. me vittja reykjavik, som nok må seiast å vera ein av favorittbyane våre. folk er rett og slett kule i reykjavik. eg vil ikkje liste opp stader og butikkar du må besøkje, men heller bruk tid på å berre vera der og omgje deg med kulturen. me tok bussen ut til blue lagoon for å bada, og sjølv om det var vinter og kaldt, er det alltid rykande varmt i bláa lonið som det heiter på islandsk. me tok fly opp til nordisland, nærare bestemt isafjörður og fekk familiegjenforeining i suðavik. me var heldige å få låne bil, så me køyrde innover og utover fjordar og fjell. gjennom trange, eittfeltsskøyrde, bekmørke tunnellar med vegkryss midt i, ut gjennom dalar og ut mot det kalde nordishavet. til små lokalsamfunn og ein kaffi på bensinstasjonen som seinare dukka opp i nói albinói, og synet av den enorme trekanten i flateyri som skulle leie eventuelle snøras bort frå den allereie rasutsette bygda. minnesmerket der over dei som døydde i raset i 1995 minna oss på kor mykje makt dei bratte, høge fjella har. island byr på ein natur du ikkje har sett maken til, og å køyre rundt på dei (nokre stader ganske) humpete vegane der er noko av ei anna verd. det er dramatisk, sublimt og verkeleg.
den neste øyturen tok oss over dammen og til øyriket storbritannia, og irland. her reiste me med tog på interrail sommaren 2001. rundturen starta i newcastle der me gjekk i land frå fjordline, som framleis hadde ruta si frå bergen då. togturen over the highlands i skottland er kanskje ei av dei finaste togturane eg har tatt, og etter dette har skotland stått for meg som eit fantastisk reisemål. det bidrog dei neste stoppestadene også til •den vakre, vesle byen inverness kor alle var venlege. me tok båt på loch ness for å jakte på sjødyret (utan å finne det), og fekk sjå ruinane av urquhart. •majestetiske men samtidig så koselege edinburgh, med eit rikt kunst & kulturliv, eldgamal historie –og deretter bygningar. •travle glasgow, som er moderne på same tid som den er tradisjonsrik og kunstnerisk. mackintosh budde i byen så hald augene opne for hans museum. for å komme til irland tok me ferje frå stanraer til belfast. der gjekk me på stand up show, og tok ein guida busstur nordover i landet. me fekk bakoversveis av giant’s causeway, som me aldri –verken før eller sidan, har sett maken til. eit nytt tog tok oss vidare til søraustlege kerry, der me slo oss ned i killarney. ein nydeleg liten pittoresk by som eg kan anbefale på det varmaste. naturen, dei små steinhusa, kyrkja der me brått befant oss midt i ein katolsk barnedåp, og slottsruinen som openbarte seg etter ein tur gjennom skogen. når eg tenkjer tilbake på dette no, må eg forsikre meg sjølv om det faktisk hende. det verkar no så langt borte og nesten gløymt. me gjekk iland att i holyhead, etter å ha vittja dublin, noko eg ikkje kan sei har sett dei heilt djupe spora. me togloffa vidare til næraste by liverpool, kor ein beatlesfan som tante reisande fann sitt mekka blant husa til paul og ringo, gravsteinen til eleanor rigby, strawberry fields, the cavern club og sjølvsagt beatlesmuseet. siste stoppestad var «sjølvsagt» london. no skal det seiast at turen hadde gjort så mange inntrykk at å vera i masete london på eit slitt hostell gjorde sitt til at heimlengsla kom snikande. me reiste til heathrow og tok første og beste fly heim.
ei øy som verkeleg er på sin plass i innlegget øyhopping er vel den greske øya rhodos som me reiste til sommaren 2003. mest fordi dei fleste forbind øyhopping med å reise frå den eine greske øya til den andre. rhodos er ei fin og mild øy, og me var så heldige at då me klaga på hotellet me hadde fått tildelt midt i byen etter å ha kjøpt uspesifiserte billettar, vart me oppgradert til eit flott resort utanfor byen (mot eit symbolsk beløp). ein stad me på den tida aldri hadde hatt råd til å bu på, med eigen leilighet, basseng og strand, tre restaurantar og bar med levande musikk. for ikkje å gløyme jingle’en blue blue blue village som la seg så fint på hjernen under opphaldet. me tok lett bussen inn til byen når sydenfamiliane vart for keisame. der vittja me gamlebyen som faktisk var litt intressant. syden er sytalaust.
om den lange turen året etter var til ei øy kan vel diskuterast, den gjekk nemleg til australia. og eg kan vel vedgå at det er eit kontinent meir enn ei øy, men me reiste iallefall til ei australsk øy på denne turen, nemleg tasmania. her bur nemleg ein handfull menneske med norske aner som er så heldige å ha slektskap til meg (!). generelt i australia er livet ganske laidback og easygoing, som dei sjølv ville ha sagt det. og skal du lære deg ei nyttig frase å bruke down under, så er det «no worries!». og slik var også tasmaniarane, sjølv om eg vil våge å seie at dei ikkje var heilt like naboane på det store kontinentet. byen hobart som er tasmania sin hovudstad minnar om ein europeisk og gjerne då britisk småby, heilt fritt for brautande britar vel og merke. småby kallar eg det i sin rette forstand for byen er stor nok, men ingen høghus, ei fin koseleg havn med marknad ein gong i veka, det som må vera nokre av verdas koselegaste pubar (td the hope and anchor) og altså veldig venlege folk. tasmania har ei nokså dyster historie, og me vittja fangemuseumet port arthur og lærte ein heil masse. dette er eit must dersom du er her. triste og grusomme historiar om korleis aboriginerane vart regelrett slakta og utsletta, og om nokre av dei nye innbyggjerane –fangane som vart sendt rundt halve jordkloden for lommetjuveri, og aldri kom attende. tasmania byr også på nydeleg natur, fine fjellturar og båtturar.
på veg heim frå australia landa me i singapore, som både er ein by, eit land og –ei øy! heilt på tuppen av malaysia ligg denne vesle, hypertravle smeltedigelen. me fekk kjenne litt på korleis det var å vera annleis i ei folkmengd då me med våre nordiske utsjånad gjekk blant millionar av asiatar. ting eg vil trekkje fram i singapore er turen til dyrehagen etter at det var blitt mørkt eller night safari, tur med elvebåt, bading på skyskrapartak (hotellet) og det obligatoriske besøket på raffles hotell der me drakk singapore sling og kasta neteskal på golvet til fuglane. det finaste med singapore er kanskje dei nostalgiske spora etter britisk kolonitid –som på raffles. elles syntest eg singapore blei litt stressande og masete, ikkje ein stad eg ville brukt mykje tid på, men intressant å ha sett.
i den grad gibraltar er ei øy, så kjem den også med på denne lista. den var nemleg ei øy, men er no laga om til ei halvøy som du kan køyre over til med bil. etter å ha vore på interrail i spania (og portugal) sommaren 2005 kom britiske gibraltar som eit friskt innslag på reisa. for all del -reisa gjennom spania hadde vore nydeleg den, men etter å ha slitt litt med språkproblemer og siesta når me minst venta det, var det me trengte akkurat då ein britisk pub. og det var det nok av. det er heilt merkeleg, men her i tjukkaste spania er alt -med unntak av klimaet og apekattane (og reinhalderane) britisk. ein kombinasjon av dei sjeldne er vel langstrekte strender, yacht-bugnande havner og brun-brune pubar med tattoverte britar. finfint spør du meg! ta ein tur opp i the rock, som er det enorme kvite fjellet du først blir møtt av når du kjem til gibraltar. det er hólete som ein jarlsberg, og du kan få omvisning inni dei smale gongane der militære ein gong fyrte av kanonkuler og kjempa for øya si. det klarte dei.
i 2006 var me attende i australia, og denne gongen vittja me kangaroo island. det kosta ei heil formue å reise dertil med bilferje, og me såg visst berre ein einaste kenguru på roadtrip’en vår saman med svigerinna og svogeren min, men me såg ein heil del anna! ei død øgle midt i veien, selar og valrossar på stranda, remarkable rocks, ein ørken midt i eit ellers frodig landskap, farmstay, utekjøken på farmstay, og mus på utekjøkenet på farmstay. eksotisk. ellers var me også denne gongen innom tasmania, der nokre peika på skulen der mary av danmark gjekk i sin ung/barndom. ho kjem jo frå hobart, tasmania.
så var det tid for bryllupsreise! for i juni 2007 reiste me nygifte og kveitebrødsklare til italia. det er jo ikkje ei øy tenkjer du, men capri er ei øy! så dit reiste me til via roma og napoli. du ser kanskje for deg capri som ein frodig oase i middelhavet, visst ikkje –gjer det! makan til nydeleg scenario skal du leite etter. øya er såpass lita at du fint kan reise rundt heile på ein dag, men bruk heller litt meir tid og nyt dei ulike plassene. me budde på eit (etter det eg kan hugse) nokså rimeleg men veldig fint hotell i anacapri. derifrå tok me buss, spaserte eller tok taxi rundtomkring der me ville til. ein tur ut til villa san michele er eit must. her har du ein fantastisk utsikt over havna marina grande, som er livleg og folksam heilt til dei siste båtane har slutta å gå i åtte-ni tida om kvelden. for det er det einaste her, det er ikkje noko utprega uteliv. ikkje nokon partyplass. ein av dagane tok me bussen til grotta azzurra for å sjå den asurblå grotta. eg trur den var stengt for tilkomst då me kom fram, me kom iallefall aldri til grotta, men me fann ein liten strand/bergkafe istaden, og kom i snakk med den svenske dama som eigde den. ho hadde flytta til capri med borna etter at mannen hennar døydde, for det var opprinneleg han som hadde starta kafeen. eg har ofte lurt på om ho held til der framleis, så sjå gjerne etter om ho er der!
etter dette var me to gonger til på island. i 2008 og 2010 var det konfirmasjonar me var invitert i. og då fekk me oppleve endo meir av det flotte landet. geysir, thingvellir og gullfoss er det som utgjer «the golden circle» og som absolutt er verdt å få med seg. alle fantastiske naturunderverk på sine vis. me køyrde også landet på langs, noko som gav oss flotte naturopplevingar.
hausten 2010 hadde me framleis litt ferie til gode, og vart lokka til korsika. på to veker køyrde me så godt som heile korsika rundt, og det er ein tur eg aldri kjem til å gløyme. det er vanskeleg å beskrive ein så flott tur med ord, og eg er ikkje heilt sikker på kva som gjorde den så flott heller. men landskapet; bratte fjell der små landsbyar hadde klort seg fast og me måtte køyra i sikksakk og hårnåler og det som verre var for å nå opp til dei. til dei flotte havnebyane med solnedgangane og båtane. maten, –den fantastiske sådan. enkle og reine råvarer som gjer at me framleis drøymer om ost, charcuterie og kastanje- eller myrtel likør frå korsika. og sjølv om korsikanerane faktisk ikkje er noko høflege, men ganske rett fram og antiengelsktalande, gjorde det ikkje så mykje. me vart faktisk ganske habile i fransk!
franske øyer gav meirsmak, så i 2012 befant me oss liksågodt i atlanterhavet, på ile de re. også denne ei perle. med vakker natur og bebygging, små koselege landsbyar og kafear, som gjorde det heilt perfekt å iaktta frå eit sykkelsete. her også fann me nydeleg mat og vin kor enn me stoppa. det var også fine strender, og ikkje mykje turisme. st. martin de re er ein fin by dersom du skal hente deg inn litt. sikkert det same som johnny depp tenkte då han var her.
den siste øyreisa vår er ikkje så langt bak i minnet. det var nemleg turen til kanaløya guernsey i slutten av mai i år. ganske britisk denne øya, som du sikkert skjønar at me likar, men også eit hint av fransk, så kanskje midt i blinken dette for oss. eg trur aldri guernsey vil nå dei heilt høge temperaturane, så du reiser ikkje her for å sole deg, sjølv om strendene innbyr veldig til det! ei roleg øy med mange cruiseturistar og kan hende litt for mange bilar, men ta bussen rundt på øya, så vil du ikkje leggje merkje til nokon av delene (nesten).

dette er øyhistoriane våre til no, i oktober kan me settje ei ny øy på denne lista. då kjem me etter planen til verdas tredje største øy borneo. me gler oss!

2 kommentarar leave one →
  1. Anne permalink
    september 26, 2013 9:07 pm

    Ganske mange øyer og ganske mange opplevelsar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: