vinsjan på quay’a
den siste heile dagen i sydney var komen, og me hadde planlagt å gå på museum of contemporary art australia.
der hadde sjølvaste kongeparet (som i sonja og harald) vore kvelden før. medan me sat på operatrappene og venta på roxette, såg me dei ankome galleriet på andre sida av hamna. eg prøvde å få igong ein samtale med galleridama på museumet om det storfine besøket dei hadde hatt førre kvelden, noko ho ikkje hadde nokon som helst aning om. vel vel. utstillinga stod kunstnaren chuck close for, og me er veldig glade for at me fekk med oss denne. han arbeider primært med portrett, og fokuserer på biletoppløysing, fargesamansettjingar og er litt av ein teknikar. materiala han formidla portretta sine med var mellom anna vevde tepper, trykk, måling og 3d collage. tippar sonja vart imponert. det vart iallefall me. etter gallerirunda tok me bussen opp til surry hills, ein bydel me ikkje var kjend med frå før. den skulle visa seg å vera ein utruleg fin og livleg del av sydney. me syntest at me stadig fekk nye grunnar til å reisa attende til denne flotte byen. her var det mange flotte og koselege eteplasser, blanda med små, fine og personlege butikkar. 

ein av dei var muchu, der me fann eit fint kart over australia og ei sløyfe til mannen. jenta som stod bak disken viste seg å vera fransk og me prata om å reise rundt i australia. ho skulle arbeida ei stund i butikken, for så å reisa til vestkysten for å sjå seg om saman med vener. det skulle seinare visa seg at vår slektning marit på tasmania hadde kjøpt akkurat det same kartet, på akkurat den same butikken, av akkurat den same franske jenta litt tidlegare. me åt ein sein lunsj på kafeen cossie’s som serverte god enkelt og god mat. denne siste kvelden vår i sydney hadde me bestilt bord på quay. byen sin einaste restaurant med ein plass på san pellegrino si liste. me var overraska over i det heile tatt å få bord, sidan me ikkje var spesielt tidleg ute med bestillinga. berre nokre dagar i førevegen hadde me sendt dei ein førespurnad. og meir overraska vart me då me gjekk lenger og lenger innover i restauranten og vart vist til bordet med den beste plasseringa. med panoramautsikt utover hamna, harbour bridge og operahuset sat me der og kjende oss veldig heldige! me gjekk for deira «tasting menu», og det varte ikkje lengje før rettane kom dansande inn ein etter ein. eg fekk velgja vekk dei rettane som inneheldt kjøt, i bytte mot sjømat. alt smaka heilt utruleg godt, og då det brått braut ut fyrverkeri bak operahuset, var kvelden fullkomen. det vart ein sein middag, og me var dei siste gjestane som forlot lokalet, noko som gav oss mulighet til å slå av ein prat med resepsjonsdama. me fortalde at me skulle til tasmania neste dag, noko som fekk henne i fyr og flamme. eg trudde kanskje at ho var frå den vesle øya, men neida, ho lika den berre så godt sa ho. og det har ho jo all grunn til. ho insisterte på å gje oss ei liste med restaurantar og stader som ho gjekk god for i hobart. me takka for oss og gjekk ut i den siste sydneynatta for denne gong.
joyride!
tysdag gjekk me til museum of sydney, som ikkje berre har eit historisk innhald, men også ei svært historisk plassering. det er nemleg bygd oppå ruinane til arthur phillip sitt hus.
herr phillip var staten new south wales sin første guvernør, og han ankom landet i 1788 med ein konvoi beståande av 12 båtar. dei inneheldt straffangar og viktige menn, mat og drikke, lovar og reglar. dette var ei svært lærerik og informativ utstilling, med gamle og nye bilete av både guvernørbustaden og sydney, og historiar om dei nyinnflytta og møtene med lokalbefolkinga.
arthur phillip verka å vera ein av dei meir sympatiske og forståelsesfulle maktmenna landet har hatt, og han fekk (stal) fleire vener blant aboriginerane. etter nesten to timar på museumet, gjekk me gjennom royal botanical garden att, denne gongen i retning art gallery of new south wales.
før me begav oss ut på nok ein museumsrunde, åt me lunsj i restauranten deira. der fekk me både god mat og ei flott utsikt over woolloomoolo, som gjorde oss ekstra klare for utstillinga «pop to popism». det var ikkje lov å ta bilder her, forståeleg nok. med kjende kunstverk frå andy warhole, lichtenstein og erró. veldig kjekt å sjå så kjende verk saman med mindre kjende australske innslag.
om kvelden gjekk me til rockpool, utan å ha nokon reservasjon, og spurde om bord.
me vart mest overraska at dei hadde det, ein gledeleg overraskelse. eg hadde lese om restauranten på førehand, og me oppdaga litt tilfeldig at den låg i nærheten av hotellet vårt tidlegare på dagen. rockpool ligg i eit art deco bygg, som må seiast å vera ein attraksjon i seg sjølv. høgt og geometrisk under taket, med interiør i vakker stein. servitørane var utruleg proffe (og hyggjelege) og maten var knall! veldig godt og enkelt, ikkje så mykkje tull og jål. reker i byggrynsrisotto til forrett, og fisk med ein enkel salat til hovudrett. eit bevis på at dersom råvarene er skikkelege og gode, er det ikkje så mykje dilldall som skal til. etterpå spaserte me ein tur til the rocks, og tok eit slag idiot før kvelden var omme.
me hadde store planar for onsdagskvelden, så me kunne ikkje fylla dagen med så mykje. men så var det heller ikkje så mykje ein kunne gjera på ein så regnfull dag som denne –bortsett frå å shoppa. me starta i pitt street og gjekk først inn på det flotte, gamle «kjøpesenteret» the strand arcade. ein gammal victoriansk bygning frå 1892 med små, fine butikkar i tre etasjar.
det er den einaste arkaden som står att slik den originalt såg ut. arkaden fekk namnet sitt frå den kjende shopping, hotell og teater -gata i london med same namn, kor me budde for nokre år sidan. det var fint å sjå arkitekturen her, sjølv om me ikkje handla noko. me prøvde hardt på fred perry-butikken, utan å finna noko i dei rette størrelsane. billabong, zara, myer og andre butikkar og senter vart også besøkte, med ein liten kaffipause imellom. det vart mannen som handla mest, den heldiggrisen. etterkvart var det på tide å trekkja heimover, for å gjera seg klar for roxette-konsert! det var desverre ikkje lov å ta med kamera på konserten, så me har ingen bilete. det hadde klarna opp ein del sidan dei verste regnbyene på førmiddagen, men det var framleis litt utrygt då me bevega oss mot operahuset der utekonserten skulle vera. sidan me var ganske tidleg ute, og litt usikre på kor tidleg ute ein måtte vera, hadde me tid til ein matbit på ein av dei travle barane nedanfor operahuset. me var likevel blandt dei første til å koma oss inn på området og velgja plasser i trappene, og oppdaga at me fint kunne ha ete maten vår inne på området. dei hadde plenti av ulike (og unike) matboder, der ein kunne velgja alt frå nepalesisk mat til hamburgerar. oppvarmingsbandet boom crash opera kom frå melbourne og var rimeleg flinke. til slutt, rundt klokka 21 kom hovudattraksjonane: marie fredriksson og per gessle på sin verdsturné. marie sat på ein stol medan ho song, og me kunne sjå (og høyra) at ho desverre ikkje var heilt sitt gamle eg lenger. i 2002 fekk ho påvist svulst i hjernen, og fekk behandling for dette, men det har nok redusert henne mykje. det la ikkje nokon dempar på konserten, som lot oss mimra attende til 80- og 90-talet og syngja med for full hals. mange svenskar og sikkert skandinavar hadde teke turen denne kvelden. etter joyride, she’s got the look, it must have been love og mange, mange andre svisker var det på tide å ta farvel med svenskane. det hadde gått lang tid sidan me åt eit lett måltid, så me tok liksågodt kvar vår saftige pizza i baren til four seasons. den var utruleg god, og servitøren jason var veldig hyggjeleg. nok ein fin dag i sydney var omme.
tur til blåfjell
måndag morgon tøffa me oss oppover till dei blåe fjella med eit tidleg tog. det tok omlag to timar frå togstasjonen til katoomba, som var eitt av to aktuelle stopp i the blue mountains. me kjøpte billettar till ein hopp-av-hopp-på buss som skulle ta oss rundt i området, og betalte litt ekstra for å få tilgang til to taubanar og ein «fløybane». første stoppet vårt var utsiktspunktet echo point der me skulle sjå dei tre søstrene. tre små fjelltoppar som ligg attmed kvarandre på ei rekkje. det einaste me såg var ei tjukk grå skodde, og ei røys med asiatar som peika og tok bilder.
ikkje mykje spanande å sjå her altså, så me gjekk heller i retning honeymoon bridge
og begav oss ut på ein tur nedover fjellsida. den første delen var utruleg bratt, men hadde heldigvis trappetrinn og gelender –derav namnet giant stairway.
det var heilt greitt at sola ikkje steika, det gjorde godt med litt sval temperatur medan me gjekk.
ikkje mange tok denne turen, me traff veldig få folk på den flotte turstien. me gjekk forbi enorme trer og planter, skrikande fuglar og pipande sirissar, bekkar og fossefall. 


etter litt under to timar var me framme ved kolgruvene som var i bruk på slutten av 1800 talet. her fann me framkomstmiddelet som likna på fløybanen (berre mykje brattare og berg-og-dalbane-aktig)
og taubanen som minna om ulriken. me tok sistnemnde opp og ned, for så å ta fløybanen opp att. full utnytting av billettane der altså. etter å ha tatt den siste taubanen over eit fossefall, tok me den eldgamle og skranglete bussen attende til katoomba for å eta lunsj.
det hadde ikkje vore feil å tilbragt ein ekstra dag i denne vesle byen, for den hadde mange koselege kafear og butikkar. me nøydde oss med å sittja på savoy med gamal, klassisk bakgrunnsmusikk og god mat på tallerkane. halv fem sat me på toget attende til byen og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur. middagen tok me på longrain –ein hipp og fin restaurant med thai-inspirerte rettar på menyen. me valgte raud og grøn karri, med henhaldsvis tofu og fisk, og vart servert på langbord. sidan det var ganske seint, var det få gjester att, så me hadde heile bordet for oss sjølv. venlege og oppmerksame servitørar, god vin frå new zealand og ein silkemjuk dessert med sticky rice gjorde det til ei veldig bra matoppleving. då me spaserte heimover langs oxfordstreet kom det brått ei kortesje med blålysblinkande motorsyklar som stansa trafikken og fine kvite bilar med det eg kunne skimta var eit par som sat bak.
eg er sikker på at det var kong harald og dronning sonja som kom køyrande på veg til sitt statsbesøk i sydney.
godt (kinesisk) nyttår!
fortsettjinga: på tilbury i potts point sette me oss ned og tok ein kopp kaffi og andre forfriskingar, las i reisebøkene og kjende at det var fint å vera her att. potts point hugsa me som eit litt mindre fint strøk frå sist me var her. då budde me i kings cross, så me gjekk gjennom området på veg til woollomoolo. no verka strøket noko betre, sjølv om det verka vera dei fattegaste som budde her. dei fattegaste er desverre ofte dei innfødde: aboriginarane. på høgda ovanfor potts point ligg kings cross. her florerar det av hostell og backpackarar, og det er her me har budd før når me har vittja byen. bydelen er også ein av våre favorittar, men ei herleg blanding av alle typar menneske. hovudvekta av folka er frå den nedre rangstigen, noko som gjer det til ein fargerik og levande bydel, men også ein plass der ein må vera litt på vakt. me måtte gå litt rundt og mimra, og helsa på gamle minner som dukka opp. som karaoke på empire, der 90 år gamle frank song «oh, my love, my darling, i’ve hungered for your touch..» så ingen auger var torre,
og ein sein middag, ein kald haustkveld på the springfield, kor dei lot oss få sittja kor lengje me ville medan alle andre hadde gått.
etter mimringa sette me oss ned på ein kjekk gatekafe i ei gate me har ete frukosten vår i fleire gonger før. det var haust første gong me var her, så me kunne mest kjenna haustvinden og lauvet som jaga gjennom den smale gata. mange hadde tatt laurdagslunsjen ute denne fine dagen, og det var livleg rundtomkring på borda. me åt salat og haloumiburger medan me såg på alle folka. etterkvart bevega me oss vidare, i retning sentrum via liverpool street, og gjennom den fine hyde park.
då me kom til martin place eksploderte det med brurepar som skulle ta bilete av seg sjølv og alle brurepikene, som alle hadde like kjolar. det spesielle med brurepara var at dei såg heilt like ut alle saman. eller kanskje det var dei same me såg på kvart gatehjørne?
for oss var det tid for litt kvile og klesskift, etter ein tur innom butikken og handla litt innhald til kjøleskapet. me hadde ikkje noko særleg mål eller meining med kvelden, så me gjekk ut i kvelden i retning darling harbour. me har vore fleire gonger og ete her, men eg kan ikkje hugsa at det var så bråkete som det var no. kanskje fordi det var laurdag, men det verka å vera full fest på absolutt alle restuarantane og utestadene her. etter ei stund måtte me leggja av oss «kresenheita» og ta den første og beste som hadde ledig bord, som vart adria, eit typisk «steakhouse». dei hadde heldigvis nokre rettar for vegetarianaren også. me delte brød og dip til forrett, og fekk fisk og lammeribbe til hovudrett. heilt greitt, men ingen kulinarisk sensasjon. klokka ti sende dei opp rakettar i hamna, til ære for det nye året, nærare bestemt sauen sitt år. kineserane feirar nemleg nyttår denne perioden, så rundtomkring i byen heng det bannerar med bilete av ein sau. etter middagen gjekk me heim og såg siste episode av «anno» på nett-tv. helsing pensjonistane.
søndag kom med solskin frå blå himmel, så me hoppa på ein buss ut mot havet. bussen tok oss til coogee beach, lillebroren(eller systera) til bondi. klokka var ikkje blitt elleve ein gong, men folk hadde allerede funne vegen til stranda for lengst. 
me hadde bestemt oss for å ta turen frå coogee via bronte til bondi, og la avgarde. det var ein varm og fin tur, så me gjorde lurt i å ha mykje vatn og solkrem med oss. me låna til og med vekk litt solkrem til ein type som gjekk ilag med ei jente. ho viste seg å vera norsk, frå nannestad, og hadde jobba i australia i fem år. i bronte tok me søndagslunsjen, på ein av dei koselege kafeane i bronte road. me var svært nøgd med å vera på dagens andre måltid medan folk kom bort og spurde om det framleis vart servert frukost. mette, friske og raske la me ut på siste etappe. rett før ein kjem til bronte, ligg det ein enorm gravplass, som me no såg i dagslys for første gong.
første gong me vittja sydney skulle me nemleg ta den same ruta, berre andre vegen. det byrja nok å bli litt seint på dagen, for innan me var komen til gravplassen hadde det blitt stupmørkt. å stå midt ute i stummande mørke med gravsteinar rundt deg på alle kantar utan å veta heilt kor du skal gå, er ikkje noko eg kan anbefala. me kom oss heldigvis trygt ut og heim den gongen også. men no var me altså komen til bondi,
og eg høyrde stemmen frå tv-serien på nrk3 i hovudet midt i dét me såg den kvite stranda: «the beach is packed. it’s another day for bondi rescue!» endeleg litt avslapping etter ein lang tur.
det var herleg å kjenna sola og vinden på kroppen (sjølv om me til no hadde blitt litt for solbrende). etter ei stund tok me bussen attende til sentrum, via paddington og darlinghurst. om kvelden skulle det kinesiske nyttåret feirast skikkeleg, så me stilte oss opp i george street for å sjå på nyttårsparaden. det tok ei evighet før det starta, men det var likevel verd ventetida. eit enormt oppbud av danserar, «krigerar», dragar, trommeorkester og ikkje minst sauer marsjerte forbi oss. då klokka nærma seg ni, gjekk me ut av folkemengda og mot ein restaurant me hadde sett tidlegare på dagen, nemleg jamie’s italian. eg har vore ein stor fan av jamie oliver «the naked chef» så lengje han har vore kjend, og det var han eg lærte å laga pasta av, så ein tur på hans eigen restaurant var rett og slett obligatorisk. alt i alt var matopplevinga veldig fin og anbefaleleg, men servicen stod ikkje i stil. mangel på venlegheit og merksemd prega desverre for mange av dei som jobba der, og hadde det ikkje vore for at tagliatellen med trøffel er noko av det beste eg har smakt, så hadde eg hatt eit dårleg inntrykk av staden. synd for jamie. me gjekk heim og sette klokka på 07.15
rise and shine! eller noko slikt.. me stod opp, slurpa i oss litt frukostblanding og kaffi, før me hasta ut i morgonen saman med alle dei dresskledde arbeidsfolka. me rokk toget til blue mountains -såvidt, så her sit me no. den geniale planen min var at sidan det skulle vera så fint ver idag passa det bra med ein tur opp i fjella for å sjå på utsikten. no har det vore grått og regn den siste timen, så me får berre kryssa fingrane for oppklarning.
livsteikn
her kjem eit livsteikn frå downunder. alt har gått veldig fint til no, både reisa her til og omstillinga av døgnrytmen. me reiste altså frå flesland torsdag morgon med sas til københavn. derifrå gjekk turen til singapore, som tok rundt 11 timar. her var planen å sova mest muleg for å komma i rett døgnrytme, og det gjekk som planlagt. singapore airlines var like proffesjonelle og smilande som me hugsa dei frå 11 år tilbake, og maten var upåklageleg. eg fekk indisk vegetarmat og mannen fekk sjømat. ventetida i singapore var akkurat nok til at me fekk slappa av og strekkja på beina, og gå inn i sommarfuglhagen på flyplassen. der fauk det sommarfuglar rundt oss på alle kantar, og me kunne mest ta på dei. eit veldig zen innslag på ein ellers så travel plass. siste etappe gjekk også veldig fint, me såg filmar og sov litt og åt endo meir. litt lite substans i maten må eg sei, muleg eg endrar matvalet til me skal heim. alt gjekk fint og radig gjennom passkontroll og bagasjelevering, og me sat snart på toget inn til sydney. det var blitt fredagskveld, og då me steig av toget på circular quay møtte fredagsstemninga oss midt i fleisen. høge helar og korte skjørt matcha ikkje heilt trøtte reisetryner og tunge sekkar. me fann fram til bond street nummer to der «rob» hadde lagt nøklane våre i resepsjonen i mantra building. me tok heisen opp i 13. etasje og fann eit fint rom med stor seng, kjøken, sittjegruppe med tv, fint bad med vaskemaskin og tørketrommel og balkong ut mot fredagskvelden. klokka var halv elleve og me var ganske leggjeklare. det gjorde heldigvis ingenting at heile byen var i feststemning utanfor, me sov nemnleg heilt til neste dag.
då vakna me liksågodt klokka 7, og gjorde oss klar til å gå ut. me gjekk mot «the rocks» som er sydney sin eldste og på mange måtar mest koselege bydel. med små, gamle hus og byens eldste pub «fortune of war».
me gjekk inn på the rocks cafe, der me åt ein god frukost nærmast heilt åleine.
sakte men sikkert vakna resten av byens befolkning, og butikkane opna. det gjorde også marknaden i the rocks, slik som den gjorde kvar laurdag føremiddag. her solgte dei alt muleg, med hovudvekt på handlaga ting.
i the rocks ligg også turistinfoen, så me gjekk inn for å få nokre brosjyrar og ta ein prat med damene i skranken. me fekk litt info om blue mountains, korleis ein kunne koma seg der på eiga hand. så får me sjå om me tek turen. frå the rocks gjekk turen vidare ut mot kaien, mot eit stort cruiseskip som hadde lagt til kai. sjølv om det stal det meste av utsikt, kunne me sjå operahuset på andre sida av bukta. ei utsikt eg har drøymt om å sjå igjen lengje.
me gjekk imot det, via circular quay og rada av suvenirbuikkar og kafear. det byrja så smått å regne, så me søkte ly i ein av dei største suvenirbutikkane. her hadde dei ugg-boots i alle tenkjelege utgåver, og skinnhattar, skinnjakker og skinnvesker, i tillegg til andre typiske suvenirnipseting. snart hadde heldigvis regnet gitt seg og me gjekk til operahuset under tak. på vegen bort såg me reklame for ein roxettekonsert som skulle haldast her, og me var einige om at det hadde vore morosamt å sjekka ut. inne i det praktfulle bygget stilte me oss i billettkø og fekk info om konserten. me kjøpte liksågodt billettar til konserten, som skal vera på onsdag utanfor operahuset. me vurderte også å sjå ein «skikkeleg» opera, men fann ingen som freista skikkeleg nok. dessutan var forestillingane veldig dyre. me spaserte vidare forbi operaen og inn i parken som ligg bak: royal botanic gardens.
ei utruleg flott og roleg grøn lunge midt i byn. me såg fine planter og blomar, ein andefamilie ute på tur med ungane sine,
og litt for store edderkoppar.
sjølv om sola gøymde seg bak skyer, var det varmt og fin temperatur. (ingen av bileta nedanfor er redigert)




me såg til og med at me hadde blitt solbrende då me kom heim. i andre enden av parken låg woolloomoolo. ei noko meir industriell havn der dei hadde lagt alle militærbåtane sine for anledningen. me gjekk inn i woolloomoolo wharf, ein lang bygning på ein pir som sidan sist me såg den, hadde fått ei fin ansiktsløfting.
det var leiligheter inne og fine restaurantar på rekkje og rad ute. og rett ved sida av, den legendariske harrys cafe de wheels.
ei lita sjappe som har stått på same plass sidan 1945, og som sel hot dog, pai og andre smårettar. me smaka på godsakene her for 11 år sidan, så me stod over denne gongen og gjekk heller innover i området potts point.
no er klokka snart ni om morgonen og me må ut og lufta oss litt. kan hende ferda går mot bondi beach idag, men fortsettjinga får du iallefall seinare.
godt nytt reiseår!
det er muleg eg har starta alle dei første innlegga i eit nytt år med akkurat den overskrifta. men dette året blir ikkje som dei andre. det kan eg sei utan å ha opplevd meir enn sju dagar av 2015.
på instagram posta eg nyleg eit bilete av ei bok. rough guides si guidebok til skottland, og sa at det snart kom ei overrasking. og her kjem den:
me skal nemleg flytta til aberdeen i midten av mars! mannen har fått seg jobb der, og me gler oss stort allerede til å bli skottar. det er veldig mykje som skal ordnast før den tid, så det blir svært travle veker framover. og som om ikkje det skulle vera nok, reiser me på ferie til australia i midten av februar. der skal me blant anna vera gjestar i bryllupet til tremenningen min i hobart, tasmania.
eg lovar å halda dykk oppdatert, og ser fram til nye fantastiske reiser.
in other words: we’re moving to aberdeen, scotland in mid march! but first, we shall conquer australia.
takk for no, og på gjensyn baskarland!
den siste etappa av rundturen vår i baskarland låg føre oss. me hadde stått opp tidleg, pakka alt og ete ein god frukost på hotellet vårt mercure plaza i biarritz. tida var knapp til me skulle levera bilen i bilbao, men me ville likevel prøva å få med oss byen guernica på vegen. guernica er altså ikkje berre det verdsberømte biletet til pablo picasso, men ein by (kalla gernika-lumo på baskisk) i baskarland med stor betydning for baskarane sjølv. –som picasso sitt bilete er oppkalla etter vel og merka. den vart i 1937 bomba av tyske luftwaffe. kort fortald låg mykje av grunnen til det i den spanske borgarkrigen. franco hadde ikkje mykje til overs for baskarane, så han «gav» guernica til venene sine: nazistane, slik at dei kunne øva seg på flybombing. det gjennomførte dei i 3 timar utan stopp, med resultat i drap på rundt 1600 sivile og ein by lagt i ruinar. ein by som i mange århundre hadde vore ein viktig samlingsstad for baskarane vart mest jamna med jorda. men eitt viktig symbol stod att. eiketreet der viktige baskarar hadde samla seg og halde råd, stod att. og no kunne me altså vittja det, eller det som stod att av det, rettare sagt. ei stor trestamme som hadde fått eit lite «tempel» bygd opp rundt seg. me skulle hatt så mykje meir tid i denne tilsynelatande koselege byen, men me låg desverre allerede bak tidsplanen. me fekk tid til å springa inn på turistinfoen, spørja etter treet, fortelja kor me var frå, for så å springa sikksakk mellom dei eldste bygningane «på høyden» og knipsa bilete i forbifarta før me til slutt fann trestubben. 
etter omlag 40 minuttar, og altfor mange rundar fram og tilbake i sentrum av bilbao for å finna ein bensinstasjon, kunne me endeleg levera frå oss bilen og settja oss ned på ein fortauskafé. me lessa av oss tunge sekkjar og opna mac’en. det var berre éi natt me skulle tilbringa her, så me kosta på oss eit litt finare hotell. det betydde ikkje at det var så mykje dyrare enn i til dømes biarritz. slik eg har forstått det, var bilbao ein nokså ubetydeleg og søvning by, men det var før guggenheim-museet kom i 1997. det vart som natt og dag for den halvvaksne byen, som snart vart ein europeisk kulturby som trakk til seg mange turistar. det store, flotte museet er teikna av frank o. gehry, så kvifor ikkje bu på hotellet teikna av same mann?! det låg rett attmed museet, så me syntest det var eit flott val. det slo oss ganske fort at byen var oversikteleg og ryddig, fin og ikkje minst rein. me lika oss allerede! på hotellet møtte dei oss med venlege smil, og rommet var moderne og harmonisk med phillippe starck-møblement. det var tidleg førmiddag då me hadde lempa frå oss bagasjen på rommet, så me gjekk ut i kulturbyen for å kryssa av eit museum på lista. me gjekk til det fine «museo de bellas artes de bilbao» som låg i kanten av ein fin park.
det var stille og roleg på det hundre år gamle museet, som sikkert fann seg sjølv litt i skuggen av store(/vesle?)broren guggenheim. men det passa oss fint, sidan me kjende at turen byrja å kjennast på kroppen no. av kjende namn sine kunstverk me kunne kvila auga på var: goya, el greco, gaguin og mange andre. etter endt vandring gjekk me i ei gate nær hotellet for å ta oss eit par pintxos’ar, før me gjekk heim for å samla saman krefter og litt finare klær til kvelden. bilbao har ei nokså markant elv som renn igjennom byen, og over den går mange bruer. me gjekk over ei av dei og spaserte langs vannkanten mot gamlebyen og det me hadde høyrt var ein livleg del av byen.
me fekk meir og meir sansen for denne fine perla av ein by dess meir me såg av den. og det vart ikkje verre då me kom til den opne plassen plaza nueva. der låg dei små pintxosplassane på rekkje og rad, og på plassen midt i hadde familiar tatt turen, og ungar leika.
idyllen vart berre brutt av at himmelen opna seg og kasta den verste regnskyllen ein kan tenkje seg på oss. me sat heldigvis under tak med eit glas, ein (eller fem?) pintxos og 52 kort. etter ei stund sette me oss inn ein stad for å få litt varme. der vart me sittjande ved sida av eit eldre par som gjerne ville fortelja om baskarland og høyra om reisa vår. eller rettare sagt: mannen som ikkje kunne engelsk, ville at kona hans skulle snakka med oss. det viste seg at ho hadde ein bror som hadde ei kjæreste frå noreg. så verda er altså liten også i bilbao. dama snakka etterkvart så mykje at det vart litt mykje av det gode, så me takka høfleg for praten og gjekk vidare ut i kvelden. det vart nok litt seint, sidan det var vår siste kveld på baskartur. den måtte nytast!
neste dag var me ganske ferdig pakka og klar då me sette kursen for guggenheim.
me spurte først om me kunne forlenga utsjekkinga, noko som resepsjonsdama kunne fortelja at allerede var gjort. ikkje kunne me forstå korleis det var gått til, men takknemlege var me likefullt. så me hadde god tid på museet, men det trengtest då også! frank o. gehry sin flotte bygning i titan og glas frå 1997, har hovudvekt på midlertidige utstillingar. yoko ono hadde tidlegare vore her for å opna utstillinga si «half-a-wind show – a retrospective». den innehaldt mest 200 innstallasjonar, objekt, foto, teikningar og videoar frå 60-åra og fram til idag. ei interessant utstilling sett i lys av historia som me kjenner så godt. georges braque-utstillinga var noko ein tilhengjar av kubismen som meg måtte få med seg. her var det både kjende og ukjende verk som var verd å sjå. den siste utstillinga me hadde tid å få med oss var av ein islandsk kunstnar. hadde det ikkje vore for at han var islending er eg ikkje sikker på at me hadde sett denne video-installasjonen. det hadde isåfall vore uhyre trist, for dette er me einige om er noko av det beste me har sett. «the visitors» heitte installasjonen og gjekk føre seg i eit heilt mørkt rom, der me berre såg dei ni store skjermane i rommet. handlinga på video(ane) går føre seg i eit stort, flott hus der kunstnaren ragnar kjartansson har samla eit knippe vener. der ser me dei sit i kvart sitt rom og spelar og syng. kvar person har si stemme eller sitt instument som til saman skapar ein flott sang. etterkvart ser me at personane forsvinn ein etter ein og går til eit anna rom. me kan høyra av lyden kor dei endar opp. det som skjedde når personane vandra frå skjerm til skjerm, var at me sjåerane også forflytta oss. me vart eit slags publikum som fulgte etter artistane til dei ulike «scenane». og til slutt enda alle opp framfor den eine, som viste heile gjengen sittjande og syngja og spela framfor det store huset. etterkvart gjekk dei ut på marka framfor huset og forsvann frå oss i publikum som stod attende og såg etter dei. eg trur me alle stod att med kjensla av å ha vore med på noko unikt. då me kom ut att til røynda fann me ut at me hadde litt dårleg tid, så me skunda oss attende til hotellet for å henta bagasjen og ta flybussen. det gjekk knirkefritt, då den gjekk rett i nærleiken av hotellet vårt.
ei fin avslutning på ferien var å koma til den flotte flyplassen i bilbao. me hadde jo vore der ankomstdagen, utan å vera oppe i sjølve terminalen. dette må vera ein av dei arkitektonisk finaste flyplassane eg har vore på. –då er det sjølvsagt jfk i new york som ragar på første plass. med sin skarpt oppoverpeikande tupp i midten og vengjer på sidene har den med rette fått kallenamnet dua.
me takka baskarland for gjestfriheten og lova kvarandre at det ikkje var siste gong dei såg oss.
pays basque – fransk baskarland
det tok berre ein time før me såg havet att, me var kome til biarritz. eg har lengje drøymt litt om denne byen. berre navnet høyrest ut som om det glitrar, og blant (mange) andre brukte napoleon III dette som sin ferieby. med fleire milelange strender, flotte viktorianske bygningar, og superbe handlegater er det ikkje så vanskeleg å forstå kvifor denne byen var stappfull av besøkjande. før me reiste frå roncesvalles hadde me vore inne på både hotels.com og tripadvisor for å finna eit høveleg hotell, og det viste seg at hotel mercure plaza var nettop det! så midt i sentrum som du kan koma, nærme stranda i tillegg til fine og reine rom. me vart tekne imot av ei svært hyggjeleg resepsjonsdame og fekk ein ryggsekk med overraskelsar som velkomst. det var framleis nokså tidleg på dagen, så etter å ha parkert bilen på næraste parkeringshus, henta inn bagasjen og ordna oss, gjekk me ut på strandpromenaden. det var tidleg fredag ettermiddag og mange var i same ærend som oss: spaserte med sommarbrisen lett røskande i håret. me sat oss ned på ein kafé, såg på folka som gjekk forbi, bestilte litt mat og berre naut det. så gjekk me vidare medan me såg på folk som bada og ungar som leika seg på stranda.
lengst borte på strandpromenaden låg det vakre hotel de palais.
då det vart bygd i 1855 heitte det villa eugénie og var napoleon III og kona eugénie sin sommarresidens. at dette palasset vart bygd nettop her var avgjerande for at biarritz vart ein ettertrakta ferieby. sidan den gong har hotellet husa kasino, ein brann, forfall og stenging, men er no sett attende til fordums prakt, og er eit luksushotell. då kvelden kom til biarrtiz gjekk me vestover langs sjøen. først gjennom ein liten park, og oppdaga ei lita fiskarhamn.
me sette oss ned her, såg på ungane som hoppa i sjøen frå ei bru,
fuglane som ville helsa på oss
og dei siste solstrålene som skein. etterkvart gjekk me vidare lags sjøen, ut på ein molo med ei mariastatue. derifrå såg me inn i ei lita bukt som såg fin ut for kveldens siste måltid. me fekk rykande fersk sjømat medan sola vart blodraud og gjekk ned i havet bak oss.
ein romantisk kveld ved atlanterhavet var snart omme.
me hadde ingen klare planar for kva me skulle gjera i biarritz, og det kan ofte vera fint til ei forandring. så etter ein herleg hotellfrukost med høflege og morgonfriske servitørar, gjekk me for å utforska byen litt betre. først med eit besøk på fyret som er synleg i nesten heile byen: phare de biarritz, bygd i 1830-åra.
det var fint å sittja nedanfor fyret i den vesle parken og sjå inn mot byen med bølgene som byksa inn mot stranda.
sola skein og det var ein varm og fin dag. me gjekk ikkje opp i tårnet, men det er altså ope for publimkum. istaden gjekk me innover i byen att, og leitte etter ein frisør –eller coiffeur som det heiter på fransk. etter ei stund hadde mannen fått time, sat klar i frisørstolen og prøvde å forklara den ikkje-engelsktalande frisørdama korleis han ville friserast. eg var allereie godt plassert og nedsunken i ein mjuk stol, oppslukt i glansa magasin med kongeleg sladder. han vart til slutt både fin og nøgd. no var det lunsjtid for oss, men ikkje for restaurantane tydelegvis. i frankrike skal dei jo vera så vanskelege på ete-tider. dersom du ikkje kjem når det er lunsjtid får du ikkje lunsj, så me leita lengje før me fann den eine kaféen som serverte mat og attpåtil kunne snakka engelsk og hadde trådlaust internett! mange floger i same smekk der altså, i tillegg til god mat. me hadde heilt sidan me ankom byen sett at uforklarleg mange folk gjekk rundt med kvite klede og eit raudt sjal eller tørkle. på nokre stod det «fete de bayonne», så dette måtte me finna ut av kva var. turistinfoen låg like bak hotellet vårt, så me gjekk inn og spurde dei. dama kunne forklara at det var ein festival som gjekk føre seg i nabobyen bayonne. det var program kvar dag og mykje som skjedde. me fekk både program og bussruter før dama spurde om me hadde noko kvitt og raudt å ha på oss. dersom me ikkje hadde det kunne me kjøpa det der sa ho. og det gjorde me! busstoppet var rett utanfor turistinfoen og saman med litt for fulle, syngjande franskmenn tok me bussen i ein halvtimes tid. korrekt antrukne i kvitt og raudt gjekk me mot eit folkehav me sjeldan har sett maken til. eg overdriv ikkje. det var tett i tett med kvite og raudkledde menneske over absolutt alt. i gatene, på barane og restaurantane, utanfor kyrkja, inni kyrkja, på dei mange bruene..
det vart nesten litt for mykje av det gode, og eg kjende meg heilt utmatta i varmen. heldigvis fann me ein litt rolegare quiche-kafé som me sette oss ned på og fekk roa oss. det gav oss litt meir styrke så me klarte å gå litt meir i folkemengda. festivalen er den største i frankrike og har halde det gåande sidan 1932. (den lite logiske) grunnen til at dei kler seg i kvitt og raudt er at nokon byrja å gjera det på 80 talet, fordi det er fargane til byen pamplona. ser ein bort ifrå den masete festivalen, var byen bayonne veldig fin. 

då ettermiddagen byrja å gå over i kveld, tok me bussen heim, og kjende ein liten lettelse over å vera i biarritz att. om kvelden tok me eit glas og eit slag idiot på den festlege plassen place bellevue, før me fann oss sjølv i det same området som me hadde ete middag kvelden før. det var utan tvil finast utsikt til solnedgangen her, så me sat og åt på dolce arena til sola gjekk ned og vel så det.
søndag er jo stranddag, det er noko alle veit. me pakka sekkane og gjekk mot baskarstranda eller «plage de la côte de basque» som den heiter på fint. noko av det første me kom til langs stranda, utanom sand, var ei rekkje med surfebutikkar og kaféar. det er nemleg ei svært populær surfestrand og europa si eldste sådan seiest det.
me sette frå oss fotavtrykk i den våte sanden så langt auga kunne rekkja. unge og gamle hadde kome til stranda denne fine søndagen. dei sola seg, bada, leika og nokre av dei var til og med pip nakne. då me kom til strandkaféen le bounty fann me det for godt å gå inn. der var det stappfullt både inne og ute, og servitørane sprang mellom borda medan lukta av nysteikt sjømat låg som ei skodde over borda. me var heldige og fekk eit bord og bestilte blåskjel og salat. akkurat då var livet perfekt. eller parfait om du vil. mette og salige gjekk me vidare på strandturen vår til me var leie av sol og sand, og klatra heller opp i terrenget for å finna ein veg ut. for det skal seiast om denne stranda: det er ikkje spesiellt mange bygningar langs den, så du har ikkje mange valg om du til dømes vil settja deg ned å eta eller finna ein kiosk med læskande drikke. me spurde nokre karar om vegen og dei forklarte den godt nok til at me snart sat på ein buss attende til sentrum. me hadde då gått så langt at me nesten var kome til neste by: bidart. men me måtte tidleg opp neste dag, så me byrja så smått å pakka sakene og planleggja reiseruta vidare. før me tok kveld måtte me ha eit siste fransk måltid, og gjekk attende til den koselege fiskarhamna. 
der va mesteparten fullt, iallefall den restuaranten me helst ville på. men andrevalget var ikkje dumt det heller. me åt tunfisk, sardiner og lokal yogurt til dessert. det var fullt av folk og liv på uteserveringane, ingen hadde tatt søndagsmiddagen heime såg det ut for. det vart ein god avslutning på fransk baskarland. 
ein plass går grensa!
nærare bestemt mellom spania og frankrike.
me vakna opp i roncesvalles etter ei natt der vêrgudane ikkje spela på lag med oss. me prøvde å sova medan regnet tromma på loftstaket og tordenet braka og rista i oss. det var to trøytte typar som loffa ned til frukostsalen og gomla i seg tortilla og slurpa i seg kaffi. me kunne sjølvsagt ha brukt kjøkenet i den vesle leiligheten vår til å diska opp herlege frukostrettar, men me hadde ingen mat med oss, og ein daglegvarebutikk fanst ikkje å oppdriva i vesle roncesvalles. etter å ha pakka saman tinga våre og sjekka ut frå det fine munkehotellet, rusla me litt rundt bygningane og registrerte at uvêret heldigvis hadde forsvunne. 
i den vesle dalen ligg det to små kyrkjer, og den eine er open for publikum.
den hadde ein krypt som fungerte som eit lite kapell for pilegrimane. her kunne dei be for pilegrimsruta si eller takka for ei trygg reise gjennom pyreneane. eller noko heilt anna. me takka for oss i roncesvalles og køyrde vidare nokre meter opp (til omlag 1000moh), før vegen tok oss nedover att i eit noko måbødal-aktig terreng. heile tida langs landegrensa. her var det grønt og frodig, og geitene klora seg fast over alt i fjellskrentane
saman med nokre pilegrimar her og der. dei heldt seg heldigvis på vegane. me kunne følgje med på gps’en kor me var i landet, og det var litt greitt sidan me ikkje hadde kart over akkurat dette området. gps’en kunne også fortelja oss at me var komen til frankrike, sjølv om me ikkje kunne sjå nokre særlege teikn til det, utanom eit «fromage»skilt her og der. men noko var kjent, me var framleis i baskarland. husa byrja å endra karakter her, og dei aller fleste av dei var kvite murbygningar med raude lister og gluggar. litt teikneserieaktige, men veldig fine.
den første byen me støytte på var saint-jean-pied-de-port, der me tok eit planlagd stopp. det var ein slags marknad då me kom der denne fredagen, og i dei små, koselege gatene hadde lokale forhandlarar sett opp små boder. du kunne kjøpa alt mogeleg, frå kjøt og ost til såper og handdukar. baskarlogoen var eit populært merkje på alle varene. franskmenna var altså stolte baskarar dei òg. denne byen er også ein viktig stad på pilegrimane si rute til santiago de compostela, og det skulle visa seg at både dei, og alle rekvisittane dei kunne finna på å kjøpa, var representert i denne vesle byen. det krydde av turistar her, ikkje veit eg om den pågåande marknaden var ein av grunnane til det, men eg hadde på følelsen at dette var ein by mange berre reiste gjennom, og at roa senkja seg her om kvelden. me gjekk over ei bru
og gjennom den UNESCO-lista byporten deira, oppover brusteinlagde gater
og opp til «citadellen» eller fortet som ragar over byen. citadellen vart gjenoppbygd av vauban, som er kjend for å ha gjort mykje for å styrkja dei franske grensene og bygd mange fort i flotte formasjonar. me kjenner byggverka hans frå ile de ré, og dei ligg spreidd rundt i mange andre franske byar. no husa fortet ein skule, så me fekk ikkje gå inn, men det var fint å ta ein runde og sjå på utsikta over byen.
me gjekk ned att og sette oss i bilen, sjølv om me lett kunne ha brukt ein heil dag her. men me skulle som alltid vidare, – no mot atlanterhavskysten att. 
tilbake til middelalderen
ny dag med blanke ark i logroño. ein særs fin og solrik dag. me troppa opp på turistinfoen og spurde etter meir informasjon om ruta vidare. me ville ut og opp, nærare bestemt ut av la rioja, via navarra og opp i høgda mot pyreneane. i tillegg til framifrå service, fekk me med oss ein heil pose med brosjyrar og kart. i ei av dei fann me den vesle staden calahorra, der det skulle finnast eit lite kloster. etter omlag 40 minuttar var me der, men det var ikkje superenkelt å finna dette klosteret. etter å ha sett oss litt om, fann me den vesle murbygningen av ei klosterkyrkje som vart grunnlagd i 1598.
berre nokre kilometer nordaust for calahorra går grensa til navarra. der tilbragte me det neste døgnet. første stopp i navarra var olite, som me hadde lese om i lonely planet. ein by eg absolutt kan anbefala eit stopp i, og gjerne overnatting óg! då me såg inn i hotel parador sine middelalderske rom, var det nær at me droppa planane om pyreneane, for makan til flott hotell finn du ikkje mange stader. det låg i ein del av byen sitt flotte slott eller rettare sagt palass, som sjølvsagt var olite sin hovudattraksjonen. carlos III «den noble» av navarra var mannen eller rettare sagt kongen bak slottet som daterar seg tilbake til 1400 talet. det har husa -ikkje berre kongelege, men også løver, sjiraffar og andre eksotiske dyr.
det var ein fryd og gå gjennom salar,
oppover vindeltrapper som førte til høge tårn
og sjå gjennom eldgamle glaser.
det var litt som ein kunne føla eit middelaldersus. heldigvis for oss og alle andre besøkjande vart slottet redda frå å bli ein ruinhaug så seint som på 1900 talet. mykje vart bygd opp att og andre intakte delar vart ivaretatt. som den spesielle fryseboksen deira. forma som eit stort egg, skal den ha husa is, slik at dei kunne nyta kald drikke på varme dagar.
medan me var i olite, gjekk det føre seg ein teaterfestival. i slottet var det stilt opp rekkjevis med stolar framføre ei stor scene. eg ser for meg at slike omgjevnader må vera magiske kulisser for eit teaterstykke. me kunne som sagt lett ha blitt lenger i olite, men etter ei stund var vi på vegen att og neste stopp me gjorde var ujué. også dette ein liten middelaldersk stad, som levde opp til beskrivelsen «sleepy and pretty». den låg som så mange andre landsbyar her oppo ein liten åskam, med ei kyrkje som høgaste punkt.
kyrkja var eit flott stykkje romersk-gotisk byggverk, og der inne stod ei svart statue av jomfru maria. det var flott å gå langs kyrkja sine søylegongar og nyta det spanske landskapet.
eit landskap som endra seg litt etter litt i det me forflytta oss høgare opp i landet. me var i tvil om kor me skulle ta kveldens siste stopp og hadde eigentleg peika ut burguete som mål, men då me kom så langt bestemte me oss for å køyra litt vidare. roncesvalles låg der så liten og fin og kjendest som den rette staden å stoppa i. det var ei slik ro over denne vesle kloster»byen». her gjekk sauer og pilegrimar side om side, for det var nemleg eit nøkkelpunkt for pilegrimane på ruta til santiago de compostela.
dei fleste som kjem her har nett gjennomført den hardaste delen av ruta, nemleg gjennom pyreneane. då er det populært å besøkja kyrkja på staden: real colegiata de santa maría, for å takka for ein så langt vellukka tur. i den store bygninga casa de beneficiados hadde ein gong munkane sin bupel, men no var det ombygd til eit fint hotell. dei hadde ein ledig leilighet til oss for 5-600,- noko me var snare med å takka ja til. leiligheten gjekk over to plan, med stove/kjøken nede og to soverom og bad på loftet. veldig fint og anbefaleleg! før me gjekk ut for å inspisera nærområdet bestilte me bord for kvelden på hotellet sin restaurant. nærområdet vart inspisert på eit par minuttar (eller var det sekundar?) for det består nemleg berre av nokre få bygningar, som enten er gjestehus eller klosterbygningar. det finst tre overnattingsmulighetar i roncesvalles og dei har alle restaurant/bar i bygget. me sat oss ned utanfor la posada, fekk kvart vårt glas og la fram korta. eitt av teikna på at me var høgare oppe enn me hadde vore før, var skyene som låg veldig lågt.
og lågare skulle dei koma, det vart til slutt veldig kaldt å sittja ute, så me hutra oss attende til restauranten vår og bordet som venta. me hadde blitt forsikra om at det var naudsynt å bestilla bordet i førevegen for det vart muligens fullt. men det var meir enn nok plass til både oss og dei fire andre som åt her denne kvelden. for under 400,- fekk me tre rettar med drikke til, og kaffe eller te til slutt. ikkje noko kulinarisk måltid, men sikkert heilt glimrande for slitne pilegrimar. etter middagen hadde me éitt gjestehus att å inspisera: hostal casa sabina. skal eg gjette utifrå toaletta deira, var dette den mest shabby overnattingstaden i roncesvalles. men i baren var det livleg. bartenderen vart nysgjerrig på spelekorta våre, som hadde motiv frå baskarland og omegn, då me viste han kortet frå roncesvalles vart han heilt begeistra og måtte visa det til alle kollegaane sine. då me kom ut kunne me mest ikkje sjå ein neve framfor oss på grunn av skodde/tåke/låge skyer.
me kom oss likevel trygt heim til vår vesle loftsleilighet og gjekk inn i ei natt full av lydar frå snorkande naboar og tor sin hammar.