takk for no, og på gjensyn baskarland!
den siste etappa av rundturen vår i baskarland låg føre oss. me hadde stått opp tidleg, pakka alt og ete ein god frukost på hotellet vårt mercure plaza i biarritz. tida var knapp til me skulle levera bilen i bilbao, men me ville likevel prøva å få med oss byen guernica på vegen. guernica er altså ikkje berre det verdsberømte biletet til pablo picasso, men ein by (kalla gernika-lumo på baskisk) i baskarland med stor betydning for baskarane sjølv. –som picasso sitt bilete er oppkalla etter vel og merka. den vart i 1937 bomba av tyske luftwaffe. kort fortald låg mykje av grunnen til det i den spanske borgarkrigen. franco hadde ikkje mykje til overs for baskarane, så han «gav» guernica til venene sine: nazistane, slik at dei kunne øva seg på flybombing. det gjennomførte dei i 3 timar utan stopp, med resultat i drap på rundt 1600 sivile og ein by lagt i ruinar. ein by som i mange århundre hadde vore ein viktig samlingsstad for baskarane vart mest jamna med jorda. men eitt viktig symbol stod att. eiketreet der viktige baskarar hadde samla seg og halde råd, stod att. og no kunne me altså vittja det, eller det som stod att av det, rettare sagt. ei stor trestamme som hadde fått eit lite «tempel» bygd opp rundt seg. me skulle hatt så mykje meir tid i denne tilsynelatande koselege byen, men me låg desverre allerede bak tidsplanen. me fekk tid til å springa inn på turistinfoen, spørja etter treet, fortelja kor me var frå, for så å springa sikksakk mellom dei eldste bygningane «på høyden» og knipsa bilete i forbifarta før me til slutt fann trestubben.
etter omlag 40 minuttar, og altfor mange rundar fram og tilbake i sentrum av bilbao for å finna ein bensinstasjon, kunne me endeleg levera frå oss bilen og settja oss ned på ein fortauskafé. me lessa av oss tunge sekkjar og opna mac’en. det var berre éi natt me skulle tilbringa her, så me kosta på oss eit litt finare hotell. det betydde ikkje at det var så mykje dyrare enn i til dømes biarritz. slik eg har forstått det, var bilbao ein nokså ubetydeleg og søvning by, men det var før guggenheim-museet kom i 1997. det vart som natt og dag for den halvvaksne byen, som snart vart ein europeisk kulturby som trakk til seg mange turistar. det store, flotte museet er teikna av frank o. gehry, så kvifor ikkje bu på hotellet teikna av same mann?! det låg rett attmed museet, så me syntest det var eit flott val. det slo oss ganske fort at byen var oversikteleg og ryddig, fin og ikkje minst rein. me lika oss allerede! på hotellet møtte dei oss med venlege smil, og rommet var moderne og harmonisk med phillippe starck-møblement. det var tidleg førmiddag då me hadde lempa frå oss bagasjen på rommet, så me gjekk ut i kulturbyen for å kryssa av eit museum på lista. me gjekk til det fine «museo de bellas artes de bilbao» som låg i kanten av ein fin park. det var stille og roleg på det hundre år gamle museet, som sikkert fann seg sjølv litt i skuggen av store(/vesle?)broren guggenheim. men det passa oss fint, sidan me kjende at turen byrja å kjennast på kroppen no. av kjende namn sine kunstverk me kunne kvila auga på var: goya, el greco, gaguin og mange andre. etter endt vandring gjekk me i ei gate nær hotellet for å ta oss eit par pintxos’ar, før me gjekk heim for å samla saman krefter og litt finare klær til kvelden. bilbao har ei nokså markant elv som renn igjennom byen, og over den går mange bruer. me gjekk over ei av dei og spaserte langs vannkanten mot gamlebyen og det me hadde høyrt var ein livleg del av byen.
me fekk meir og meir sansen for denne fine perla av ein by dess meir me såg av den. og det vart ikkje verre då me kom til den opne plassen plaza nueva. der låg dei små pintxosplassane på rekkje og rad, og på plassen midt i hadde familiar tatt turen, og ungar leika.
idyllen vart berre brutt av at himmelen opna seg og kasta den verste regnskyllen ein kan tenkje seg på oss. me sat heldigvis under tak med eit glas, ein (eller fem?) pintxos og 52 kort. etter ei stund sette me oss inn ein stad for å få litt varme. der vart me sittjande ved sida av eit eldre par som gjerne ville fortelja om baskarland og høyra om reisa vår. eller rettare sagt: mannen som ikkje kunne engelsk, ville at kona hans skulle snakka med oss. det viste seg at ho hadde ein bror som hadde ei kjæreste frå noreg. så verda er altså liten også i bilbao. dama snakka etterkvart så mykje at det vart litt mykje av det gode, så me takka høfleg for praten og gjekk vidare ut i kvelden. det vart nok litt seint, sidan det var vår siste kveld på baskartur. den måtte nytast!
neste dag var me ganske ferdig pakka og klar då me sette kursen for guggenheim. me spurte først om me kunne forlenga utsjekkinga, noko som resepsjonsdama kunne fortelja at allerede var gjort. ikkje kunne me forstå korleis det var gått til, men takknemlege var me likefullt. så me hadde god tid på museet, men det trengtest då også! frank o. gehry sin flotte bygning i titan og glas frå 1997, har hovudvekt på midlertidige utstillingar. yoko ono hadde tidlegare vore her for å opna utstillinga si «half-a-wind show – a retrospective». den innehaldt mest 200 innstallasjonar, objekt, foto, teikningar og videoar frå 60-åra og fram til idag. ei interessant utstilling sett i lys av historia som me kjenner så godt. georges braque-utstillinga var noko ein tilhengjar av kubismen som meg måtte få med seg. her var det både kjende og ukjende verk som var verd å sjå. den siste utstillinga me hadde tid å få med oss var av ein islandsk kunstnar. hadde det ikkje vore for at han var islending er eg ikkje sikker på at me hadde sett denne video-installasjonen. det hadde isåfall vore uhyre trist, for dette er me einige om er noko av det beste me har sett. «the visitors» heitte installasjonen og gjekk føre seg i eit heilt mørkt rom, der me berre såg dei ni store skjermane i rommet. handlinga på video(ane) går føre seg i eit stort, flott hus der kunstnaren ragnar kjartansson har samla eit knippe vener. der ser me dei sit i kvart sitt rom og spelar og syng. kvar person har si stemme eller sitt instument som til saman skapar ein flott sang. etterkvart ser me at personane forsvinn ein etter ein og går til eit anna rom. me kan høyra av lyden kor dei endar opp. det som skjedde når personane vandra frå skjerm til skjerm, var at me sjåerane også forflytta oss. me vart eit slags publikum som fulgte etter artistane til dei ulike «scenane». og til slutt enda alle opp framfor den eine, som viste heile gjengen sittjande og syngja og spela framfor det store huset. etterkvart gjekk dei ut på marka framfor huset og forsvann frå oss i publikum som stod attende og såg etter dei. eg trur me alle stod att med kjensla av å ha vore med på noko unikt. då me kom ut att til røynda fann me ut at me hadde litt dårleg tid, så me skunda oss attende til hotellet for å henta bagasjen og ta flybussen. det gjekk knirkefritt, då den gjekk rett i nærleiken av hotellet vårt.
ei fin avslutning på ferien var å koma til den flotte flyplassen i bilbao. me hadde jo vore der ankomstdagen, utan å vera oppe i sjølve terminalen. dette må vera ein av dei arkitektonisk finaste flyplassane eg har vore på. –då er det sjølvsagt jfk i new york som ragar på første plass. med sin skarpt oppoverpeikande tupp i midten og vengjer på sidene har den med rette fått kallenamnet dua.
me takka baskarland for gjestfriheten og lova kvarandre at det ikkje var siste gong dei såg oss.