pays basque – fransk baskarland
det tok berre ein time før me såg havet att, me var kome til biarritz. eg har lengje drøymt litt om denne byen. berre navnet høyrest ut som om det glitrar, og blant (mange) andre brukte napoleon III dette som sin ferieby. med fleire milelange strender, flotte viktorianske bygningar, og superbe handlegater er det ikkje så vanskeleg å forstå kvifor denne byen var stappfull av besøkjande. før me reiste frå roncesvalles hadde me vore inne på både hotels.com og tripadvisor for å finna eit høveleg hotell, og det viste seg at hotel mercure plaza var nettop det! så midt i sentrum som du kan koma, nærme stranda i tillegg til fine og reine rom. me vart tekne imot av ei svært hyggjeleg resepsjonsdame og fekk ein ryggsekk med overraskelsar som velkomst. det var framleis nokså tidleg på dagen, så etter å ha parkert bilen på næraste parkeringshus, henta inn bagasjen og ordna oss, gjekk me ut på strandpromenaden. det var tidleg fredag ettermiddag og mange var i same ærend som oss: spaserte med sommarbrisen lett røskande i håret. me sat oss ned på ein kafé, såg på folka som gjekk forbi, bestilte litt mat og berre naut det. så gjekk me vidare medan me såg på folk som bada og ungar som leika seg på stranda. lengst borte på strandpromenaden låg det vakre hotel de palais.
då det vart bygd i 1855 heitte det villa eugénie og var napoleon III og kona eugénie sin sommarresidens. at dette palasset vart bygd nettop her var avgjerande for at biarritz vart ein ettertrakta ferieby. sidan den gong har hotellet husa kasino, ein brann, forfall og stenging, men er no sett attende til fordums prakt, og er eit luksushotell. då kvelden kom til biarrtiz gjekk me vestover langs sjøen. først gjennom ein liten park, og oppdaga ei lita fiskarhamn.
me sette oss ned her, såg på ungane som hoppa i sjøen frå ei bru,
fuglane som ville helsa på oss
og dei siste solstrålene som skein. etterkvart gjekk me vidare lags sjøen, ut på ein molo med ei mariastatue. derifrå såg me inn i ei lita bukt som såg fin ut for kveldens siste måltid. me fekk rykande fersk sjømat medan sola vart blodraud og gjekk ned i havet bak oss.
ein romantisk kveld ved atlanterhavet var snart omme.
me hadde ingen klare planar for kva me skulle gjera i biarritz, og det kan ofte vera fint til ei forandring. så etter ein herleg hotellfrukost med høflege og morgonfriske servitørar, gjekk me for å utforska byen litt betre. først med eit besøk på fyret som er synleg i nesten heile byen: phare de biarritz, bygd i 1830-åra. det var fint å sittja nedanfor fyret i den vesle parken og sjå inn mot byen med bølgene som byksa inn mot stranda.
sola skein og det var ein varm og fin dag. me gjekk ikkje opp i tårnet, men det er altså ope for publimkum. istaden gjekk me innover i byen att, og leitte etter ein frisør –eller coiffeur som det heiter på fransk. etter ei stund hadde mannen fått time, sat klar i frisørstolen og prøvde å forklara den ikkje-engelsktalande frisørdama korleis han ville friserast. eg var allereie godt plassert og nedsunken i ein mjuk stol, oppslukt i glansa magasin med kongeleg sladder. han vart til slutt både fin og nøgd. no var det lunsjtid for oss, men ikkje for restaurantane tydelegvis. i frankrike skal dei jo vera så vanskelege på ete-tider. dersom du ikkje kjem når det er lunsjtid får du ikkje lunsj, så me leita lengje før me fann den eine kaféen som serverte mat og attpåtil kunne snakka engelsk og hadde trådlaust internett! mange floger i same smekk der altså, i tillegg til god mat. me hadde heilt sidan me ankom byen sett at uforklarleg mange folk gjekk rundt med kvite klede og eit raudt sjal eller tørkle. på nokre stod det «fete de bayonne», så dette måtte me finna ut av kva var. turistinfoen låg like bak hotellet vårt, så me gjekk inn og spurde dei. dama kunne forklara at det var ein festival som gjekk føre seg i nabobyen bayonne. det var program kvar dag og mykje som skjedde. me fekk både program og bussruter før dama spurde om me hadde noko kvitt og raudt å ha på oss. dersom me ikkje hadde det kunne me kjøpa det der sa ho. og det gjorde me! busstoppet var rett utanfor turistinfoen og saman med litt for fulle, syngjande franskmenn tok me bussen i ein halvtimes tid. korrekt antrukne i kvitt og raudt gjekk me mot eit folkehav me sjeldan har sett maken til. eg overdriv ikkje. det var tett i tett med kvite og raudkledde menneske over absolutt alt. i gatene, på barane og restaurantane, utanfor kyrkja, inni kyrkja, på dei mange bruene..
det vart nesten litt for mykje av det gode, og eg kjende meg heilt utmatta i varmen. heldigvis fann me ein litt rolegare quiche-kafé som me sette oss ned på og fekk roa oss. det gav oss litt meir styrke så me klarte å gå litt meir i folkemengda. festivalen er den største i frankrike og har halde det gåande sidan 1932. (den lite logiske) grunnen til at dei kler seg i kvitt og raudt er at nokon byrja å gjera det på 80 talet, fordi det er fargane til byen pamplona. ser ein bort ifrå den masete festivalen, var byen bayonne veldig fin.
då ettermiddagen byrja å gå over i kveld, tok me bussen heim, og kjende ein liten lettelse over å vera i biarritz att. om kvelden tok me eit glas og eit slag idiot på den festlege plassen place bellevue, før me fann oss sjølv i det same området som me hadde ete middag kvelden før. det var utan tvil finast utsikt til solnedgangen her, så me sat og åt på dolce arena til sola gjekk ned og vel så det.
søndag er jo stranddag, det er noko alle veit. me pakka sekkane og gjekk mot baskarstranda eller «plage de la côte de basque» som den heiter på fint. noko av det første me kom til langs stranda, utanom sand, var ei rekkje med surfebutikkar og kaféar. det er nemleg ei svært populær surfestrand og europa si eldste sådan seiest det. me sette frå oss fotavtrykk i den våte sanden så langt auga kunne rekkja. unge og gamle hadde kome til stranda denne fine søndagen. dei sola seg, bada, leika og nokre av dei var til og med pip nakne. då me kom til strandkaféen le bounty fann me det for godt å gå inn. der var det stappfullt både inne og ute, og servitørane sprang mellom borda medan lukta av nysteikt sjømat låg som ei skodde over borda. me var heldige og fekk eit bord og bestilte blåskjel og salat. akkurat då var livet perfekt. eller parfait om du vil. mette og salige gjekk me vidare på strandturen vår til me var leie av sol og sand, og klatra heller opp i terrenget for å finna ein veg ut. for det skal seiast om denne stranda: det er ikkje spesiellt mange bygningar langs den, så du har ikkje mange valg om du til dømes vil settja deg ned å eta eller finna ein kiosk med læskande drikke. me spurde nokre karar om vegen og dei forklarte den godt nok til at me snart sat på ein buss attende til sentrum. me hadde då gått så langt at me nesten var kome til neste by: bidart. men me måtte tidleg opp neste dag, så me byrja så smått å pakka sakene og planleggja reiseruta vidare. før me tok kveld måtte me ha eit siste fransk måltid, og gjekk attende til den koselege fiskarhamna.
der va mesteparten fullt, iallefall den restuaranten me helst ville på. men andrevalget var ikkje dumt det heller. me åt tunfisk, sardiner og lokal yogurt til dessert. det var fullt av folk og liv på uteserveringane, ingen hadde tatt søndagsmiddagen heime såg det ut for. det vart ein god avslutning på fransk baskarland.
Trackbacks