Skip to content

ein plass går grensa!

oktober 1, 2014

nærare bestemt mellom spania og frankrike.

me vakna opp i roncesvalles etter ei natt der vêrgudane ikkje spela på lag med oss. me prøvde å sova medan regnet tromma på loftstaket og tordenet braka og rista i oss. det var to trøytte typar som loffa ned til frukostsalen og gomla i seg tortilla og slurpa i seg kaffi. me kunne sjølvsagt ha brukt kjøkenet i den vesle leiligheten vår til å diska opp herlege frukostrettar, men me hadde ingen mat med oss, og ein daglegvarebutikk fanst ikkje å oppdriva i vesle roncesvalles. etter å ha pakka saman tinga våre og sjekka ut frå det fine munkehotellet, rusla me litt rundt bygningane og registrerte at uvêret heldigvis hadde forsvunne. roncesvalles#4roncesvalles#5 i den vesle dalen ligg det to små kyrkjer, og den eine er open for publikum. roncesvalles#3 den hadde ein krypt som fungerte som eit lite kapell for pilegrimane. her kunne dei be for pilegrimsruta si eller takka for ei trygg reise gjennom pyreneane. eller noko heilt anna. me takka for oss i roncesvalles og køyrde vidare nokre meter opp (til omlag 1000moh), før vegen tok oss nedover att i eit noko måbødal-aktig terreng. heile tida langs landegrensa. her var det grønt og frodig, og geitene klora seg fast over alt i fjellskrentane pyreneane# saman med nokre pilegrimar her og der. dei heldt seg heldigvis på vegane. me kunne følgje med på gps’en kor me var i landet, og det var litt greitt sidan me ikkje hadde kart over akkurat dette området. gps’en kunne også fortelja oss at me var komen til frankrike, sjølv om me ikkje kunne sjå nokre særlege teikn til det, utanom eit «fromage»skilt her og der. men noko var kjent, me var framleis i baskarland. husa byrja å endra karakter her, og dei aller fleste av dei var kvite murbygningar med raude lister og gluggar. litt teikneserieaktige, men veldig fine. saintjeanpieddeport#2 den første byen me støytte på var saint-jean-pied-de-port, der me tok eit planlagd stopp. det var ein slags marknad då me kom der denne fredagen, og i dei små, koselege gatene hadde lokale forhandlarar sett opp små boder. du kunne kjøpa alt mogeleg, frå kjøt og ost til såper og handdukar. baskarlogoen var eit populært merkje på alle varene. franskmenna var altså stolte baskarar dei òg. denne byen er også ein viktig stad på pilegrimane si rute til santiago de compostela, og det skulle visa seg at både dei, og alle rekvisittane dei kunne finna på å kjøpa, var representert i denne vesle byen. det krydde av turistar her, ikkje veit eg om den pågåande marknaden var ein av grunnane til det, men eg hadde på følelsen at dette var ein by mange berre reiste gjennom, og at roa senkja seg her om kvelden. me gjekk over ei bru saintjeanpieddeport#3 og gjennom den UNESCO-lista byporten deira, oppover brusteinlagde gater saintjeanpieddeport#4 og opp til «citadellen» eller fortet som ragar over byen. citadellen vart gjenoppbygd av vauban, som er kjend for å ha gjort mykje for å styrkja dei franske grensene og bygd mange fort i flotte formasjonar. me kjenner byggverka hans frå ile de ré, og dei ligg spreidd rundt i mange andre franske byar. no husa fortet ein skule, så me fekk ikkje gå inn, men det var fint å ta ein runde og sjå på utsikta over byen. saintjeanpieddeport#5 me gjekk ned att og sette oss i bilen, sjølv om me lett kunne ha brukt ein heil dag her. men me skulle som alltid vidare, – no mot atlanterhavskysten att. franskbaskarland

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: