tilbake til middelalderen
ny dag med blanke ark i logroño. ein særs fin og solrik dag. me troppa opp på turistinfoen og spurde etter meir informasjon om ruta vidare. me ville ut og opp, nærare bestemt ut av la rioja, via navarra og opp i høgda mot pyreneane. i tillegg til framifrå service, fekk me med oss ein heil pose med brosjyrar og kart. i ei av dei fann me den vesle staden calahorra, der det skulle finnast eit lite kloster. etter omlag 40 minuttar var me der, men det var ikkje superenkelt å finna dette klosteret. etter å ha sett oss litt om, fann me den vesle murbygningen av ei klosterkyrkje som vart grunnlagd i 1598. berre nokre kilometer nordaust for calahorra går grensa til navarra. der tilbragte me det neste døgnet. første stopp i navarra var olite, som me hadde lese om i lonely planet. ein by eg absolutt kan anbefala eit stopp i, og gjerne overnatting óg! då me såg inn i hotel parador sine middelalderske rom, var det nær at me droppa planane om pyreneane, for makan til flott hotell finn du ikkje mange stader. det låg i ein del av byen sitt flotte slott eller rettare sagt palass, som sjølvsagt var olite sin hovudattraksjonen. carlos III «den noble» av navarra var mannen eller rettare sagt kongen bak slottet som daterar seg tilbake til 1400 talet. det har husa -ikkje berre kongelege, men også løver, sjiraffar og andre eksotiske dyr.
det var ein fryd og gå gjennom salar,
oppover vindeltrapper som førte til høge tårn
og sjå gjennom eldgamle glaser.
det var litt som ein kunne føla eit middelaldersus. heldigvis for oss og alle andre besøkjande vart slottet redda frå å bli ein ruinhaug så seint som på 1900 talet. mykje vart bygd opp att og andre intakte delar vart ivaretatt. som den spesielle fryseboksen deira. forma som eit stort egg, skal den ha husa is, slik at dei kunne nyta kald drikke på varme dagar.
medan me var i olite, gjekk det føre seg ein teaterfestival. i slottet var det stilt opp rekkjevis med stolar framføre ei stor scene. eg ser for meg at slike omgjevnader må vera magiske kulisser for eit teaterstykke. me kunne som sagt lett ha blitt lenger i olite, men etter ei stund var vi på vegen att og neste stopp me gjorde var ujué. også dette ein liten middelaldersk stad, som levde opp til beskrivelsen «sleepy and pretty». den låg som så mange andre landsbyar her oppo ein liten åskam, med ei kyrkje som høgaste punkt.
kyrkja var eit flott stykkje romersk-gotisk byggverk, og der inne stod ei svart statue av jomfru maria. det var flott å gå langs kyrkja sine søylegongar og nyta det spanske landskapet.
eit landskap som endra seg litt etter litt i det me forflytta oss høgare opp i landet. me var i tvil om kor me skulle ta kveldens siste stopp og hadde eigentleg peika ut burguete som mål, men då me kom så langt bestemte me oss for å køyra litt vidare. roncesvalles låg der så liten og fin og kjendest som den rette staden å stoppa i. det var ei slik ro over denne vesle kloster»byen». her gjekk sauer og pilegrimar side om side, for det var nemleg eit nøkkelpunkt for pilegrimane på ruta til santiago de compostela.
dei fleste som kjem her har nett gjennomført den hardaste delen av ruta, nemleg gjennom pyreneane. då er det populært å besøkja kyrkja på staden: real colegiata de santa maría, for å takka for ein så langt vellukka tur. i den store bygninga casa de beneficiados hadde ein gong munkane sin bupel, men no var det ombygd til eit fint hotell. dei hadde ein ledig leilighet til oss for 5-600,- noko me var snare med å takka ja til. leiligheten gjekk over to plan, med stove/kjøken nede og to soverom og bad på loftet. veldig fint og anbefaleleg! før me gjekk ut for å inspisera nærområdet bestilte me bord for kvelden på hotellet sin restaurant. nærområdet vart inspisert på eit par minuttar (eller var det sekundar?) for det består nemleg berre av nokre få bygningar, som enten er gjestehus eller klosterbygningar. det finst tre overnattingsmulighetar i roncesvalles og dei har alle restaurant/bar i bygget. me sat oss ned utanfor la posada, fekk kvart vårt glas og la fram korta. eitt av teikna på at me var høgare oppe enn me hadde vore før, var skyene som låg veldig lågt.
og lågare skulle dei koma, det vart til slutt veldig kaldt å sittja ute, så me hutra oss attende til restauranten vår og bordet som venta. me hadde blitt forsikra om at det var naudsynt å bestilla bordet i førevegen for det vart muligens fullt. men det var meir enn nok plass til både oss og dei fire andre som åt her denne kvelden. for under 400,- fekk me tre rettar med drikke til, og kaffe eller te til slutt. ikkje noko kulinarisk måltid, men sikkert heilt glimrande for slitne pilegrimar. etter middagen hadde me éitt gjestehus att å inspisera: hostal casa sabina. skal eg gjette utifrå toaletta deira, var dette den mest shabby overnattingstaden i roncesvalles. men i baren var det livleg. bartenderen vart nysgjerrig på spelekorta våre, som hadde motiv frå baskarland og omegn, då me viste han kortet frå roncesvalles vart han heilt begeistra og måtte visa det til alle kollegaane sine. då me kom ut kunne me mest ikkje sjå ein neve framfor oss på grunn av skodde/tåke/låge skyer.
me kom oss likevel trygt heim til vår vesle loftsleilighet og gjekk inn i ei natt full av lydar frå snorkande naboar og tor sin hammar.