Gå til innhald

over ebro etter vatn

august 20, 2014

vår femte dag i san sebastian viste seg frå si varmaste side. så då me gjekk ut av leiligheten vår med tre sekkar og ein trillebag for å henta ein bil me hadde leigd, ba me ei stille bøn om at det ikkje måtte vera så langt til hotel barcelo kor bilen stod. etter litt virring og vegforklaring frå ein snill mann stod me på bilutleigekontoret og sveitta. me sveitta enno meir då me trudde mannen sitt førarkort hadde forsvunne. det hadde det heldigvis ikkje, (og det var eg letta for, eg er ikkje SÅ glad i å køyra bil i utlandet) så snart sat me i ein nedlessa liten seat. det første målet me plotta inn på gps’en vår var vitoria gasteiz, som er baskarland sin hovudstad. me såg med ein gong at dette var ein veldig fin by. vitoriagasteiz#1 vitoriagasteiz#2 vitoriagasteiz#3 reint og fint med små koselege gater, og i enden av ei av dei: ein majestetisk katedral som såg omlag ti gonger så gamal ut som den eigentleg var. den var nemleg berre litt eldre enn oss (og me er ganske unge altså!). så kva skulle ein ta seg til i denne fine byen? jo, me måtte eta lunsj. og kor er det vel ikkje betre å ta ein baskisk lunsj enn på ein klassisk sideria spurde me oss sjølv. me sette oss utanfor asador sagartoki men vart snart «jaga» inn av den flinke og hyggjelege servitøren, den einaste som snakka engelsk skulle me snart finna ut. han tok oss med innover og enno lenger innover i lokalet. forbi baren og gjennom ein gang, og bak der openbara det seg den finaste restauranten. den var kledd i svart, så du fekk inntrykk av å vera på den mest romantiske «tusen og ei natt» settinga du kan tenkja deg. servitøren foreslo ulike smårettar for oss og me syntest det høyrdes veldig bra ut. det var det også. så godt og så enkelt! dei saftigaste tomatane du kan tenkja deg, dei mest smakfulle ansjonane du har smakt, osteboller som smelta på tunga, friterte artisjokkar med avokadodip og for å toppa det heile: perfekt steikt, kvit fisk. me var så mette då me gjekk ut at det gjorde nesten vondt. men me kunne ikkje dvela ved denne byen, me skulle som alltid vidare. og turen gjekk vidare gjennom eit landskap me ikkje har sett maken til. sletter så langt auga kunne sjå, med slake fjell på begge sider og små toppar kor landsbyar hadde klatra opp på. øvst på kvar topp stakk eit kyrkjetårn opp. alt i jordfargar, men likevel så fargerikt. me byrja å nærma oss vindistriktet la rioja, så vinrankane kom tettare og tettare. det var nesten som ein kunne kjenna kor fløyelsmjuk raudvinen som kom frå dette slumrande og varme området måtte vera. den sørlege grensa for baskarland går langs elva ebro og me kryssa den eit par gonger. før kveldens siste stopp, køyrde me innom (lands)byen labastida som mannen på turistinfoen i san sebastian hadde ringa ut på kartet for oss. ein pittoresk men søvnig liten plass. labastida#1 me parkerte på det som såg ut til å vera byen sin sentrumsplass, attmed ein liten traktor. ved den eine fortauskafeen sat det eit par lokale, og desse var dei einaste folka me såg. me gjekk til det øvste punktet i byen, der kyrkja (sjølvsagt) låg, og vart belønna av den vakraste utsikta. labastida#2 til no hadde me nesten ikkje truffe nokon bilar på vegane, og kor var alle turistane? så flott og pustmistande denne delen av landet er, så fortener den fleire besøkjande. men misforstå meg rett, det var svært behageleg å unngå turisthordene, og heller ha alt dette for oss sjølv. me var på veg til la rioja sin «hovudstad» logroño, og på vegen fekk me også med oss vinhotellet marques de riscal i elciego, som er teikna av frank o. gehry, samme arkitekten som står bak guggenheim-museumet i bilbao (og hotellet me budde på i same by). men me fekk berre sjå det på avstand. det var godt vakta av høge gjerder og portar, så eg veit ikkje korleis me skulle ha kome oss inn dersom me hadde bestemt oss for å overnatta her. marquesderiscal det vart med vurderinga og me køyrde vidare. logroño viste seg å vera ein levande, middels stor småby. me oppsøkte eit hotell som me fann i lonely planet, men det var som på julekvelden diverre ikkje ledige rom i herberget. då me spurte om resepsjonsdama kunne anbefala eit anna hotell, sende ho oss nokre hundre meter lenger bort til hotel condes de haro, eit reint og fint hotell til ein billeg penge, med gratis parkering i kjellaren. me somla ikkje med å komma oss ut blant folk, for me hadde berre denne kvelden i vinhovudstaden logroño. me var kan hende fysisk ute av baskarland, men dei hadde dei same matvanane her også. det var pintxosbar etter pintxosbar, spesielt i dei livlege og folkeglade gatene calle san augustin og calle del laurel. logrono#2 det hadde me fått god informasjon om på den svært profesjonelle turistinformasjonen i byen. den låg dessutan rett ved desse gatene, så dei kunne berre peika retninga. me åt pintxos, drakk vin frå distriktet og spela kort ut i sommarnatta. logrono#1

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: