Gå til innhald

eskerrik asko donostia

august 6, 2014

som er baskisk og tyder tusen takk san sebastian! det kunne liksågodt stått tusen takk for maten san sebastian. for om nokon reiser på dannelsesreise, då må dette bli ansett som gourmetreise. så kallar dei seg også spania -og europa sin mathovudstad. med rette.

for å byrja frå byrjinga. me ankom den elegante flyplassen i bilbao omlag ein halvtime etter planen. flyet frå amsterdam hadde vorte forseinka grunna hete. dei stakkars flyvertinnene sveitta og delte ut ekstra vatn, men eg som alltid frys på fly syntest det var uproblematisk. me hadde slått frå oss å rekka den planlagde bussavgangen, men bussane til san sebastian skulle gå kvar halvtime så det gjorde ikkje så mykje. me henta bagasjen og kom oss ut. der såg me at det stod ein buss fullasta med folk, og jammen stod det ikkje vår destinasjon donostia på den! sjåføren var mildt sagt stressa og brumma at me måtte hiva inn bagasjen og komma oss inn, han var allerede forseinka. eg fekk litt følelsen av å vera ombord på the jetty på veg til the hamptons. så og sei heile flyet skulle nemleg med denne bussen, til den populære feriebyen. skandinavarar mange av oss. bussturen vara i ein dryg time og tok oss gjennom frodige dalar og industrielle landskap. det er 9 år sidan sist me var i spania, men me kunne sjå at det var ei heilt anna side av landet me var på no. det likna ikkje det tørre, varme sørlandet me hadde sett før. her var det store trer og grøne marker, høge fjell og djupe dalar. endeleg framme i san sebastian gjekk me for å finna kontoret som leigde ut leiligheten vår. eg hadde hatt eindel kontakt med dei via epost, og dei verka hyggjelege og proffe. som viste seg å stemma. me var sveitte og regnvåte då me ankom kontoret deira, og det tok ikkje lang tid før me var på veg til leiligheten. den låg litt utanfor bykjernen, men likevel svært sentralt. den vesle leiligheten hadde eit stort rom med seng i eine enden, og kjøken, spisekrok og sofa i den andre. det lukta litt fukt der, men det blei ein van med etter ei stund. både vaskemaskin og oppvaskmaskin var der. me måtte innreda kjøleskåpet, så det kom godt med at ein spar-butikk låg nesten vegg i vegg med oss. dei første me traff på butikken var bergenserar. me visste at nokre vener av oss skulle feriera der samtidig, men ikkje at dei skulle bu rett attmed oss. verda er altså framleis liten. me var slappe og trøytte etter den lange turen, så det var berre å tørka seg, skifta klær og gå ut for å få i seg litt mat. me gjekk ikkje langt, berre rett ned på café de la concha som kanskje ikkje var den mest kulinariske plassen, men heilt greitt for to svoltne og trøytte kroppar. då me kom ut høyrde me musikk og skjøna at det måtte vera ein utekonsert ein stad i byen. me gjekk etter lyden, og fann ei scene med reggaeartistar og mange energiske lytterar. dei spela seg vidare inn i natta medan me rusla heim i livlege små gater.

første morgon i baskarland kom litt overskya, men det stoppa ikkje baskarane frå å gå på stranda. me derimot rusla innover mot byen for å ta den i nærare augesyn. på den første pintxos-baren me kom til «bar gorriti» stoppa me og tok ein kaffi. pintxos er baskarane sin tapas. utover heile bardisken står det fater med smårettar. det er gjerne små brødstykker med (mykje) pålegg på, tortilla (spansk omelett med poteter), frityrsteikte boller med ost eller anna fyll og spyd med ansjos, oliven og «green peppers». pintxos me sette oss på ein liten benk medan dei lokale kom inn, tok pintxosen i ein serviett som dei kasta på golvet etterpå. sider var det rette å drikke til, men dette er skikkeleg sider, ikkje det søte skvipet du får frå greven. me måtte testa det ut, og det fall i smak. litt beiskt på smak, -ei tilvenningssak. i gamlebyen parte vieja ligg pintxos-barane strødd, og alle såg ut til å vera stappfulle då me bevega oss mot dei i lunsjtider denne laurdagen. partevieja#1 det verka som det ultimate kaos på baren me valde oss ut, men servitrisa hadde stålkontroll. me plukka det me ville ha, ho kom og rekna saman. andre stader kosta alle pintxosane det same, noko som gjorde alt mykje enklare. me kunne ikkje eta så veldig mykje (sjølv om me gjerne ville) for om kvelden hadde me bord på akelarre, ein av byen sine tre michelinrestaurantar med tre stjerner kvar. etter å ha opplevd det som kjendest ut som ein tropisk orkan, med fugledrit i trynet og all sanden frå stranda i augene gjekk me heim for å gjera oss klare for kveldens mataffære. storm bordet hadde me bestilt omlag ein månad i førevegen, noko som er heilt naudsynt. me fekk bord på to av dei tre restaurantane me prøvde på. me var sjølvsagt litt seint ute og prøvde forgjeves å få tak i ein taxi. det enda opp med at me måtte spørje dama på nabopuben om ho ville ringja for oss. det ville ho heldigvis, og me rokk det akkurat. me fekk ein fin velkomst og bord oppo eit platå. det var ei roleg og komfortabel atmosfære i den 35 år gamle akelarre, og servitørane var høflege og merksame. akelarre me gjekk for smakemenyen eller menu de degustasion om du vil. den bestod av 12+ rettar og dei ville ordna det slik at eg ikkje fekk noko kjøt, sidan eg ikkje et det. rettane kom nokså hyppig og dei smaka herleg, overraskande, interessant, annleis og ikkje minst godt. me høyrde fleire norske på bordene rundt oss, og då solnedgongen var eit faktum frå denne utsiktplassen var nesten samtlige gjester ein tur borte ved vindauga for å ta bilete. etter endt måltid såg me at sjølvaste kokken gjekk rundt for å helsa på gjestane sine. ein flott gest, som eg må innrømme at eg synest er litt kleint. han spurde kor me var ifrå og me skrytte av maten hans som seg hør og bør. me hadde allerede lært oss det baskiske uttalen for tusen takk, så eg lirte av meg «eskarrik asko». og traff blink! både kokken og assistenten hans lyste opp og utbraut «congratulations»! me avslutta måltidet med nydeleg konfekt og eit glas calvados.

neste dag måtte me lata som me var svoltne att, for me hadde nemleg vår neste michelinavtale -denne gongen lunsj. den var ikkje før halv tre, så me åt frukost, kledde oss og spaserte inn til byn. me sette oss på ein fin open plass og såg på folka som var ute på søndagstur. begge michelinrestaurante låg 15 minuttars køyring utanfor san sebastian (men i kvar sin retning), så taxi var på sin plass. me ville ikkje vera seint ute denne gongen, så me fann ein bil i god tid. hjå martin berasategui vart me også møtt med ein varm velkomst og fekk tilbod om me ville sittja ute eller inne. på trass av sol var det litt kjøleg ute, men terrassen såg så fin og roleg ut at me valgte den. martinberasategui her verka det som dei hadde teke graden av profesjonalitet til enda eit høgare nivå. då eg sende bestillingar på bord gjorde eg dei merksame på at eg ikkje åt kjøt, og det var dei fullt oppdatert på her. dei hadde andre alternativ til meg og spurde også om eg ville byta ut østersen. det ville eg. rettane kom dansande inn ein etter ein og den livlege servitøren fortalde med innleving og humor om alle rettane. som smakte -om muleg, endo betre enn hjå «konkurrenten» kvelden før. me har vel aldri hatt ein så lang lunsj, og var ikkje på returen før nærare halv sju. då hadde himmelen opna seg, og me måtte søkja ly på hotel londres. eit hotell som såg ut som ein institusjon for gamle, rike damer. utanfor sprang folk i skytteltrafikk for å sleppa unna dei enorme regnbygene. etter ei stund kom vennina vår for å halda oss med selskap og me sat og preikte skit til langt på natt.

måndagen starta med solskin, noko som kunne brukast til å gå tur opp på ein av dei to fjelltoppane som ligg på kvar side av byen. på toppen av monte urgull står det ei stor jesus-statue og ser ut over byen. me gjekk forbi marinemuseumet, ein spasertur som tok oss gjennom ein fin fiskehamn-aktig del av byen. sansebastian#1 sansebastian#2 littleoldladies turen opp var fin, og ein kunne velgja løypa utifrå kor mykje ein ville gå. monteurgull monteurgull#2 på toppen fann me ikkje berre jesus, jesus men ein festning og eit hus med ei flott utstilling om byen. den va rektig nok berre på baskisk og spansk, men høgdepunktet var ei videovisning dei hadde laga om historiske hendingar i byen opp igjennom tida. det var ungar som fortalde, så engelsken var ikkje alltid like forståeleg, men med animasjonar og teikn vart det heile ganske lærerikt.
utsikta frå toppenmonteurgull#3 me gjekk ned att og kjende at det var pintxos-tid. etter litt knoting og bartenderar som ikkje forstod oss, hadde me ei fin samling med små, deilige rettar. trikset er å bevega litt på seg, og ta ein pintxos-runde. to her og to der, kanskje fire der du likar deg best osb. etter ein tur på suvenirbutikken for det sedvanlige shotteglaset og ein kortstokk med baskarlandmotiv, tok me eit slag idiot på kaien. me var einige om at ferien leverte. og då me etterpå gjekk på stranda og tok oss eit bad i atlanterhavet, måtte me sei oss verkelegd nøgde. solnedgangen vart iakttatt på playa de zurriola -den nyaste bydelen «gros» med den hippe surfestranda. kvitt i glaset, kortstokk på bordet og surferar som sakte skubbar seg ut i havet. middagen vart tatt på ein heilt grei restaurant då me innsåg at det byrja å bli litt seint.

siste heile dag i san sebastian og den desidert varmaste. me hadde eit fjell igjen: monte igueldo, så me gjekk bort til funicularen -eller fløybanen om du vil, to raude, gamle trevogner som snigla seg oppover fjellet. funicular#1 på toppen venta ein fornøyelsespark frå ei anna tid. nærare bestemt 1960. her kunne du skyta på blikkblink, kasta ball på boksar, køyra båt eller bil og sjå på fuglar. men det siste vil eg fråråde på det sterkaste. me skjøna ikkje heilt kva det var, men me såg ein stor fugl som sat på gjerdet, og at det kosta 2,50 å komma inn for å sjå på fuglane. regel nummer ein: ikkje betal pengar for å sjå på dyr som lever i fangenskap. det var berre veldig trist. fuglane var lenka til pinnen dei sat på med kjetting på føtene. nokre av dei prøvde forgjeves å fyka, men kom sjølvsagt ingen veg. eg vart fysisk dårleg av å vera der og måtte komma meg vekk fortast mogleg. eg får trøysta meg med at eg var der slik at eg no kan fortelja dykk at det ikkje må oppsøkja slike stader. me hadde sett ein berg og dalbane tidlegare som me tenkte hadde vore moro å ta, men då me leita etter inngongen byrja ting å stengje. ikkje fordi det var så seint, men fordi det var siesta -sjølvsagt! me tok til takke med utsikta, som var ein god nummer to. sansebastian#3 det var dags å reise ned att. og kva skjedde så? ny pintxos-runde. me spaserte langs promenaden og såg at det hadde eksplodert med folk på stranda. ordet fullpakka kom her til sin rette. her ser du kor me budde (innringa). sansebastian#4 på kvelden gjekk me på den fine opne plassen plaza de la constitucion, såg på folkelivet, åt pintxos frå alle dei ulike barane og spela idiot. plazadelaconstitucion#2 ei flott avslutting på dagen og opphaldet i san sebastian. sansebastian#5 neste dag hadde me ein bil frå avis klar til å ta oss vidare.

ein liten konklusjon er på sin plass: eg har tidlegare skrive om viktigheten av å læra seg nokre lokale gloser når ein er på tur, og dette viste seg å vera gull verdt hjå baskarane. på førehand hadde me lest at baskarane er stolte og eigenrådige, dei vil ikkje snakka spansk og har sitt eige, urgamle språk som ikkje har slektskap til noko anna. me merka vel at dette var litt overdrive, for ikkje berre snakka dei spansk, men dei fleste vart overraska og imponerte over at me kunne det baskiske «eskerrik asko». me kom fram til at det måtte vera litt som å seia «hallaien» til ein bergensar: det er ikkje det at han ikkje forstår deg om du seier hei, men om du seier hallaien er han din tjommi.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: