over ebro etter vatn
vår femte dag i san sebastian viste seg frå si varmaste side. så då me gjekk ut av leiligheten vår med tre sekkar og ein trillebag for å henta ein bil me hadde leigd, ba me ei stille bøn om at det ikkje måtte vera så langt til hotel barcelo kor bilen stod. etter litt virring og vegforklaring frå ein snill mann stod me på bilutleigekontoret og sveitta. me sveitta enno meir då me trudde mannen sitt førarkort hadde forsvunne. det hadde det heldigvis ikkje, (og det var eg letta for, eg er ikkje SÅ glad i å køyra bil i utlandet) så snart sat me i ein nedlessa liten seat. det første målet me plotta inn på gps’en vår var vitoria gasteiz, som er baskarland sin hovudstad. me såg med ein gong at dette var ein veldig fin by.
reint og fint med små koselege gater, og i enden av ei av dei: ein majestetisk katedral som såg omlag ti gonger så gamal ut som den eigentleg var. den var nemleg berre litt eldre enn oss (og me er ganske unge altså!). så kva skulle ein ta seg til i denne fine byen? jo, me måtte eta lunsj. og kor er det vel ikkje betre å ta ein baskisk lunsj enn på ein klassisk sideria spurde me oss sjølv. me sette oss utanfor asador sagartoki men vart snart «jaga» inn av den flinke og hyggjelege servitøren, den einaste som snakka engelsk skulle me snart finna ut. han tok oss med innover og enno lenger innover i lokalet. forbi baren og gjennom ein gang, og bak der openbara det seg den finaste restauranten. den var kledd i svart, så du fekk inntrykk av å vera på den mest romantiske «tusen og ei natt» settinga du kan tenkja deg. servitøren foreslo ulike smårettar for oss og me syntest det høyrdes veldig bra ut. det var det også. så godt og så enkelt! dei saftigaste tomatane du kan tenkja deg, dei mest smakfulle ansjonane du har smakt, osteboller som smelta på tunga, friterte artisjokkar med avokadodip og for å toppa det heile: perfekt steikt, kvit fisk. me var så mette då me gjekk ut at det gjorde nesten vondt. men me kunne ikkje dvela ved denne byen, me skulle som alltid vidare. og turen gjekk vidare gjennom eit landskap me ikkje har sett maken til. sletter så langt auga kunne sjå, med slake fjell på begge sider og små toppar kor landsbyar hadde klatra opp på. øvst på kvar topp stakk eit kyrkjetårn opp. alt i jordfargar, men likevel så fargerikt. me byrja å nærma oss vindistriktet la rioja, så vinrankane kom tettare og tettare. det var nesten som ein kunne kjenna kor fløyelsmjuk raudvinen som kom frå dette slumrande og varme området måtte vera. den sørlege grensa for baskarland går langs elva ebro og me kryssa den eit par gonger. før kveldens siste stopp, køyrde me innom (lands)byen labastida som mannen på turistinfoen i san sebastian hadde ringa ut på kartet for oss. ein pittoresk men søvnig liten plass.
me parkerte på det som såg ut til å vera byen sin sentrumsplass, attmed ein liten traktor. ved den eine fortauskafeen sat det eit par lokale, og desse var dei einaste folka me såg. me gjekk til det øvste punktet i byen, der kyrkja (sjølvsagt) låg, og vart belønna av den vakraste utsikta.
til no hadde me nesten ikkje truffe nokon bilar på vegane, og kor var alle turistane? så flott og pustmistande denne delen av landet er, så fortener den fleire besøkjande. men misforstå meg rett, det var svært behageleg å unngå turisthordene, og heller ha alt dette for oss sjølv. me var på veg til la rioja sin «hovudstad» logroño, og på vegen fekk me også med oss vinhotellet marques de riscal i elciego, som er teikna av frank o. gehry, samme arkitekten som står bak guggenheim-museumet i bilbao (og hotellet me budde på i same by). men me fekk berre sjå det på avstand. det var godt vakta av høge gjerder og portar, så eg veit ikkje korleis me skulle ha kome oss inn dersom me hadde bestemt oss for å overnatta her.
det vart med vurderinga og me køyrde vidare. logroño viste seg å vera ein levande, middels stor småby. me oppsøkte eit hotell som me fann i lonely planet, men det var som på julekvelden diverre ikkje ledige rom i herberget. då me spurte om resepsjonsdama kunne anbefala eit anna hotell, sende ho oss nokre hundre meter lenger bort til hotel condes de haro, eit reint og fint hotell til ein billeg penge, med gratis parkering i kjellaren. me somla ikkje med å komma oss ut blant folk, for me hadde berre denne kvelden i vinhovudstaden logroño. me var kan hende fysisk ute av baskarland, men dei hadde dei same matvanane her også. det var pintxosbar etter pintxosbar, spesielt i dei livlege og folkeglade gatene calle san augustin og calle del laurel.
det hadde me fått god informasjon om på den svært profesjonelle turistinformasjonen i byen. den låg dessutan rett ved desse gatene, så dei kunne berre peika retninga. me åt pintxos, drakk vin frå distriktet og spela kort ut i sommarnatta. 
eskerrik asko donostia
som er baskisk og tyder tusen takk san sebastian! det kunne liksågodt stått tusen takk for maten san sebastian. for om nokon reiser på dannelsesreise, då må dette bli ansett som gourmetreise. så kallar dei seg også spania -og europa sin mathovudstad. med rette.
for å byrja frå byrjinga. me ankom den elegante flyplassen i bilbao omlag ein halvtime etter planen. flyet frå amsterdam hadde vorte forseinka grunna hete. dei stakkars flyvertinnene sveitta og delte ut ekstra vatn, men eg som alltid frys på fly syntest det var uproblematisk. me hadde slått frå oss å rekka den planlagde bussavgangen, men bussane til san sebastian skulle gå kvar halvtime så det gjorde ikkje så mykje. me henta bagasjen og kom oss ut. der såg me at det stod ein buss fullasta med folk, og jammen stod det ikkje vår destinasjon donostia på den! sjåføren var mildt sagt stressa og brumma at me måtte hiva inn bagasjen og komma oss inn, han var allerede forseinka. eg fekk litt følelsen av å vera ombord på the jetty på veg til the hamptons. så og sei heile flyet skulle nemleg med denne bussen, til den populære feriebyen. skandinavarar mange av oss. bussturen vara i ein dryg time og tok oss gjennom frodige dalar og industrielle landskap. det er 9 år sidan sist me var i spania, men me kunne sjå at det var ei heilt anna side av landet me var på no. det likna ikkje det tørre, varme sørlandet me hadde sett før. her var det store trer og grøne marker, høge fjell og djupe dalar. endeleg framme i san sebastian gjekk me for å finna kontoret som leigde ut leiligheten vår. eg hadde hatt eindel kontakt med dei via epost, og dei verka hyggjelege og proffe. som viste seg å stemma. me var sveitte og regnvåte då me ankom kontoret deira, og det tok ikkje lang tid før me var på veg til leiligheten. den låg litt utanfor bykjernen, men likevel svært sentralt. den vesle leiligheten hadde eit stort rom med seng i eine enden, og kjøken, spisekrok og sofa i den andre. det lukta litt fukt der, men det blei ein van med etter ei stund. både vaskemaskin og oppvaskmaskin var der. me måtte innreda kjøleskåpet, så det kom godt med at ein spar-butikk låg nesten vegg i vegg med oss. dei første me traff på butikken var bergenserar. me visste at nokre vener av oss skulle feriera der samtidig, men ikkje at dei skulle bu rett attmed oss. verda er altså framleis liten. me var slappe og trøytte etter den lange turen, så det var berre å tørka seg, skifta klær og gå ut for å få i seg litt mat. me gjekk ikkje langt, berre rett ned på café de la concha som kanskje ikkje var den mest kulinariske plassen, men heilt greitt for to svoltne og trøytte kroppar. då me kom ut høyrde me musikk og skjøna at det måtte vera ein utekonsert ein stad i byen. me gjekk etter lyden, og fann ei scene med reggaeartistar og mange energiske lytterar. dei spela seg vidare inn i natta medan me rusla heim i livlege små gater.
første morgon i baskarland kom litt overskya, men det stoppa ikkje baskarane frå å gå på stranda. me derimot rusla innover mot byen for å ta den i nærare augesyn. på den første pintxos-baren me kom til «bar gorriti» stoppa me og tok ein kaffi. pintxos er baskarane sin tapas. utover heile bardisken står det fater med smårettar. det er gjerne små brødstykker med (mykje) pålegg på, tortilla (spansk omelett med poteter), frityrsteikte boller med ost eller anna fyll og spyd med ansjos, oliven og «green peppers».
me sette oss på ein liten benk medan dei lokale kom inn, tok pintxosen i ein serviett som dei kasta på golvet etterpå. sider var det rette å drikke til, men dette er skikkeleg sider, ikkje det søte skvipet du får frå greven. me måtte testa det ut, og det fall i smak. litt beiskt på smak, -ei tilvenningssak. i gamlebyen parte vieja ligg pintxos-barane strødd, og alle såg ut til å vera stappfulle då me bevega oss mot dei i lunsjtider denne laurdagen.
det verka som det ultimate kaos på baren me valde oss ut, men servitrisa hadde stålkontroll. me plukka det me ville ha, ho kom og rekna saman. andre stader kosta alle pintxosane det same, noko som gjorde alt mykje enklare. me kunne ikkje eta så veldig mykje (sjølv om me gjerne ville) for om kvelden hadde me bord på akelarre, ein av byen sine tre michelinrestaurantar med tre stjerner kvar. etter å ha opplevd det som kjendest ut som ein tropisk orkan, med fugledrit i trynet og all sanden frå stranda i augene gjekk me heim for å gjera oss klare for kveldens mataffære.
bordet hadde me bestilt omlag ein månad i førevegen, noko som er heilt naudsynt. me fekk bord på to av dei tre restaurantane me prøvde på. me var sjølvsagt litt seint ute og prøvde forgjeves å få tak i ein taxi. det enda opp med at me måtte spørje dama på nabopuben om ho ville ringja for oss. det ville ho heldigvis, og me rokk det akkurat. me fekk ein fin velkomst og bord oppo eit platå. det var ei roleg og komfortabel atmosfære i den 35 år gamle akelarre, og servitørane var høflege og merksame.
me gjekk for smakemenyen eller menu de degustasion om du vil. den bestod av 12+ rettar og dei ville ordna det slik at eg ikkje fekk noko kjøt, sidan eg ikkje et det. rettane kom nokså hyppig og dei smaka herleg, overraskande, interessant, annleis og ikkje minst godt. me høyrde fleire norske på bordene rundt oss, og då solnedgongen var eit faktum frå denne utsiktplassen var nesten samtlige gjester ein tur borte ved vindauga for å ta bilete. etter endt måltid såg me at sjølvaste kokken gjekk rundt for å helsa på gjestane sine. ein flott gest, som eg må innrømme at eg synest er litt kleint. han spurde kor me var ifrå og me skrytte av maten hans som seg hør og bør. me hadde allerede lært oss det baskiske uttalen for tusen takk, så eg lirte av meg «eskarrik asko». og traff blink! både kokken og assistenten hans lyste opp og utbraut «congratulations»! me avslutta måltidet med nydeleg konfekt og eit glas calvados.
neste dag måtte me lata som me var svoltne att, for me hadde nemleg vår neste michelinavtale -denne gongen lunsj. den var ikkje før halv tre, så me åt frukost, kledde oss og spaserte inn til byn. me sette oss på ein fin open plass og såg på folka som var ute på søndagstur. begge michelinrestaurante låg 15 minuttars køyring utanfor san sebastian (men i kvar sin retning), så taxi var på sin plass. me ville ikkje vera seint ute denne gongen, så me fann ein bil i god tid. hjå martin berasategui vart me også møtt med ein varm velkomst og fekk tilbod om me ville sittja ute eller inne. på trass av sol var det litt kjøleg ute, men terrassen såg så fin og roleg ut at me valgte den.
her verka det som dei hadde teke graden av profesjonalitet til enda eit høgare nivå. då eg sende bestillingar på bord gjorde eg dei merksame på at eg ikkje åt kjøt, og det var dei fullt oppdatert på her. dei hadde andre alternativ til meg og spurde også om eg ville byta ut østersen. det ville eg. rettane kom dansande inn ein etter ein og den livlege servitøren fortalde med innleving og humor om alle rettane. som smakte -om muleg, endo betre enn hjå «konkurrenten» kvelden før. me har vel aldri hatt ein så lang lunsj, og var ikkje på returen før nærare halv sju. då hadde himmelen opna seg, og me måtte søkja ly på hotel londres. eit hotell som såg ut som ein institusjon for gamle, rike damer. utanfor sprang folk i skytteltrafikk for å sleppa unna dei enorme regnbygene. etter ei stund kom vennina vår for å halda oss med selskap og me sat og preikte skit til langt på natt.
måndagen starta med solskin, noko som kunne brukast til å gå tur opp på ein av dei to fjelltoppane som ligg på kvar side av byen. på toppen av monte urgull står det ei stor jesus-statue og ser ut over byen. me gjekk forbi marinemuseumet, ein spasertur som tok oss gjennom ein fin fiskehamn-aktig del av byen.
turen opp var fin, og ein kunne velgja løypa utifrå kor mykje ein ville gå.
på toppen fann me ikkje berre jesus,
men ein festning og eit hus med ei flott utstilling om byen. den va rektig nok berre på baskisk og spansk, men høgdepunktet var ei videovisning dei hadde laga om historiske hendingar i byen opp igjennom tida. det var ungar som fortalde, så engelsken var ikkje alltid like forståeleg, men med animasjonar og teikn vart det heile ganske lærerikt.
utsikta frå toppen
me gjekk ned att og kjende at det var pintxos-tid. etter litt knoting og bartenderar som ikkje forstod oss, hadde me ei fin samling med små, deilige rettar. trikset er å bevega litt på seg, og ta ein pintxos-runde. to her og to der, kanskje fire der du likar deg best osb. etter ein tur på suvenirbutikken for det sedvanlige shotteglaset og ein kortstokk med baskarlandmotiv, tok me eit slag idiot på kaien. me var einige om at ferien leverte. og då me etterpå gjekk på stranda og tok oss eit bad i atlanterhavet, måtte me sei oss verkelegd nøgde. solnedgangen vart iakttatt på playa de zurriola -den nyaste bydelen «gros» med den hippe surfestranda. kvitt i glaset, kortstokk på bordet og surferar som sakte skubbar seg ut i havet. middagen vart tatt på ein heilt grei restaurant då me innsåg at det byrja å bli litt seint.
siste heile dag i san sebastian og den desidert varmaste. me hadde eit fjell igjen: monte igueldo, så me gjekk bort til funicularen -eller fløybanen om du vil, to raude, gamle trevogner som snigla seg oppover fjellet.
på toppen venta ein fornøyelsespark frå ei anna tid. nærare bestemt 1960. her kunne du skyta på blikkblink, kasta ball på boksar, køyra båt eller bil og sjå på fuglar. men det siste vil eg fråråde på det sterkaste. me skjøna ikkje heilt kva det var, men me såg ein stor fugl som sat på gjerdet, og at det kosta 2,50 å komma inn for å sjå på fuglane. regel nummer ein: ikkje betal pengar for å sjå på dyr som lever i fangenskap. det var berre veldig trist. fuglane var lenka til pinnen dei sat på med kjetting på føtene. nokre av dei prøvde forgjeves å fyka, men kom sjølvsagt ingen veg. eg vart fysisk dårleg av å vera der og måtte komma meg vekk fortast mogleg. eg får trøysta meg med at eg var der slik at eg no kan fortelja dykk at det ikkje må oppsøkja slike stader. me hadde sett ein berg og dalbane tidlegare som me tenkte hadde vore moro å ta, men då me leita etter inngongen byrja ting å stengje. ikkje fordi det var så seint, men fordi det var siesta -sjølvsagt! me tok til takke med utsikta, som var ein god nummer to.
det var dags å reise ned att. og kva skjedde så? ny pintxos-runde. me spaserte langs promenaden og såg at det hadde eksplodert med folk på stranda. ordet fullpakka kom her til sin rette. her ser du kor me budde (innringa).
på kvelden gjekk me på den fine opne plassen plaza de la constitucion, såg på folkelivet, åt pintxos frå alle dei ulike barane og spela idiot.
ei flott avslutting på dagen og opphaldet i san sebastian.
neste dag hadde me ein bil frå avis klar til å ta oss vidare.
ein liten konklusjon er på sin plass: eg har tidlegare skrive om viktigheten av å læra seg nokre lokale gloser når ein er på tur, og dette viste seg å vera gull verdt hjå baskarane. på førehand hadde me lest at baskarane er stolte og eigenrådige, dei vil ikkje snakka spansk og har sitt eige, urgamle språk som ikkje har slektskap til noko anna. me merka vel at dette var litt overdrive, for ikkje berre snakka dei spansk, men dei fleste vart overraska og imponerte over at me kunne det baskiske «eskerrik asko». me kom fram til at det måtte vera litt som å seia «hallaien» til ein bergensar: det er ikkje det at han ikkje forstår deg om du seier hei, men om du seier hallaien er han din tjommi.
kort fortald
me nyt for tida ferien på hytta vår. hytteferie i noreg er også herleg, og fint når ein treng å fordøya elleve flotte dagar i baskerland og omegn. la inntrykka søkkja inn og sjå på alle dei fine bileta. for å ta eit kort samandrag, var ruta vår slik: me tok fly frå bergen til amsterdam, der me enda opp i haag, før me fauk vidare til bilbao. der hoppa me bokstaveleg talt på ein buss som tok oss til san sebastian (eller donostia som dei seier på baskisk) kor me budde i fem netter. me leigde bil og køyrde nedover baskerlandet, via vitoria gasteiz som er baskarane sin hovudstad, til logroño: hovudstaden i vindistriktet la rioja. herifrå sette me kursen mot aust og vittja byane olite og ujue, før me nådde skyene i enden av pyreneane kor den vesle staden roncesvalles låg. ved hjelp av vår ven gps’en kunne me sjå at me kryssa grensa mot frankrike, uten å fysisk sjå noko som helst til det. utanom eitt og anna fromage-skilt longs vegen. i den idylliske byen saint-jean-pied-de-port gjorde me eit kort, men veldig fint stopp, før me freste nordvestover til den meir eller mindre stilige biarritz. det var både kjekt og litt vrient å omstilla seg til fransk etter ei stund i spania. det viste seg både i språk, kostnadar og «reglar». ein tur til nabobyen bayonne vart det også, før me vende attende til utgangspunktet: bilbao. på vegen der til hadde me eit kjapt stopp i guernica, byen som vart bomba av tyskerane. i bilbao tilbragte me eitt døgn før me returnerte til gamlelandet.
du skal få utfylgjande historiar frå kvar av stadene, følg med!
smak og den haag
idag reiser me altså til bilbao i baskarland. me starta «dagen» klokka tre inatt, og tok klm sitt tidlegaste fly til amsterdam. der hadde me omlag fem timar å slå ihjel, så me tenkte å ta unna litt shopping. på schipol ordna me oss togbillettar og sette oss på toget inn til amsterdam sentrum. trudde me. men det viste seg at me var på veg til haag. me lot liksågodt sjebnen få viljen sin, me hadde ingen konkrete planar likevel. haag skulle visa seg å vera ein sjarmerande «liten» by med små gater og hus og ein kanal her og der. det vart varmare og varmare etterkvart, og me fann ut at det kanskje var like greitt å ikkje vimsa rundt i folkefylte amsterdam i den heten. me sette oss ned og tok ein kaffi og dagens tredje frukost på van prinsen & co, ei kjekk lita kneipe med god og skikkeleg mat på menyen. reint og fint var det óg der, sjølv om me holdt oss mest ute på fortauet. etter å ha vakna litt til live traska me vidare i små gater og nærma oss sakte men sikkert noko som likna eit handledistrikt. me fann dei aller kjekkaste butikkane rett før me måtte tenkja på å reisa attende til flyplassen, så me har noko shopping til gode. me kunne fint spasera attende til togstasjon, skikkeleg bra at me hadde kjøpt kvar vårt dagspass til kollektivtrafikken med andre ord. ingen vits i ein så liten by. flyet til schipol tok ein rask halvtime med gratis internett og behagelege seter.
så dersom du har nokre timar å bruka i amsterdam: vurder heller å gå på feil tog. du slepp trengsel og folkemengder og får sjå ein koseleg by du kanskje ikkje ville gjort elles.
no sit me på schipol og skulle eigentleg vore booka inn på flyet, men det er overoppheta, så det vert litt forseinkingar.
chillout!
har du ferie? eller har du som meg nedteljing til late dagar der du kan gjera akkurat kva du vil? kanskje du allerede har byrja på jobb igjen og kan nyte fine før- eller ettermiddagar i solfylte noreg?
uansett, dersom du oppheld deg i bergen, oppmodar eg deg til å ta turen innom reisekaféen chillout midt i sentrum (torggaten 11, like ovanfor torgallmenningen). der kan du oppdatere deg på det nyaste innan reiseutstyr, bøker, kart, sko osb. du kan også nyte god mat og drikke, og ikkje minst -du kan no sjå nokre av reisebileta mine på storskjermen deira.
ta turen til chillout!
chillout på tripadvisor
nedteljing pågår
det er over to månader sidan me var på reise sist, og snart har me sommarferie og ei ny reise ventar. om åtte dagar set me kursen mot baskarland (eller baskerland om du vil). eit stykke spania me har hatt lyst til å besøkja lengje. det ligg heilt mot nord ved biscayabukta, og den kjende pilgrimsruta mot santiago de compostela går forbi her. me tek fly til bilbao, og har ein leilighet som står og ventar på oss i san sebastian. denne byen likar å kalla seg både europa -og verda, sin mathovudstad. me skal med andre ord ikkje svelta her, og har allerede bestilt bord på to restaurantar. me har ikkje lest oss så mykje opp på destinasjonen denne gongen. iallefall ikkje så mykje samanlikna med tidlegare turar. me har ein visjon om å ta «skikkeleg ferie» denne gongen. slappa av, nyta livet og ta ting litt på sparket. etter fem netter i san sebastian tar me gjerne ein tur til biarritz, eller vindistriktet rioja, eller kanskje til pyreneane. vegen vert til medan me går!
kva kan ein læra av å reisa? #2
kva kan ein læra av å reisa når det gjeld
kommunikasjon og sosial framferd
reiser ein lenger enn utanfor dei næraste nabolanda våre, kan ein komma i situasjonar der ein ikkje blir forstått. engelsk kan dei fleste i noreg både snakke og forstå, men ofte blir eg forbausa over dei dårlege engelskkunnskapane til resten av europa. anten dei ikkje kan eller i mange tilfelle ikkje vil, så klarar dei ikkje å kommunisera med oss. personleg synest eg nye språk er spanande og lærer gjerne eit par nye gloser når eg er på reise. det eg har opplevd er at folk blir meir imøtekomande dersom du berre prøver å gjera deg forstått på deira eige språk. ikkje berre gå ut ifrå at den andre kan og vil snakka engelsk. lær deg enkle ting som å helsa, sei takk, bestilla mat og drikke og spørja etter rekninga. i mange av reisehandbøkene finn du dei mest vanlege frasene på språket til landet du skal reisa til.
å opptre høfleg i livet generelt må jo vera eit mål for alle, men kanskje spesielt viktig å tenkja på når ein kjem til nye stader. hugs at du er ein besøkjande. sjølvsagt vil du bli behandla bra som ein gjest, men er du høfleg og hyggeleg mot andre, er det lettare å lika deg. det same må gjelda når du som fastbuende treff turistar: gje eit smil og ei hjelpande hand dersom det trengst.
kva kan ein læra av å reisa? #1
framover vil eg prøva å formidle kva ein kan læra av å reisa. eg vil ta for meg ulike tema, og startar med:
miljøperspektiv
sjølv om det ikkje er spesielt miljøvenleg å reisa, treng det ikkje bety at det må vera forureinande. ein bør alltid sjå om det finst eit miljøvenleg alternativ til reiseruta.
å gå er sjølvsagt den minst skadelege formen å reisa på. ein kan stoppa opp når ein vil og ta ting i nærare augesyn. dessutan kan ein koma til stader der ikkje vegane går. kven kunne ikkje tenkja seg ein gåtur på fjellet? eller sand mellom bare tær medan ein går langs stranda? sjå heller muligheiter istadanfor begrensingar. buss og andre kollektive framkomstmiddel er snillare mot miljøet enn t.d. personbilar som berre fraktar eit par folk om gongen. kan hende ein reiser lange strekningar med buss og blir kjend med nye folk på vegen? tog tek deg over lange distansar på ei relativt kort stund medan du får sjå landskap som forandrar seg utanfor vindauga. det kan ta deg opp dei brattaste fjellpassasjar og gjennom dei trongaste dalar så lenge det ligg togskinner der. og dersom du må ta fly -sørg for å kjøpa klimakvote.
eg synest dei fleste hoteller no har blitt veldig flinke til å hjelpe oss gjestar til å tenkje miljø framfor komfort. for det er jo så enkelt å berre la ver. handklede bør kunna brukast fleire gonger. det blir ikkje skittent sjølv om ein tørkar av ein våt kropp med det. for aukar vaskemengda hjå hotella, ja så aukar også miljøproblema. og dersom ein ikkje har tenkt å bruka dei små flaskene med shampo, balsam og såpe -ja så la dei bli liggjande igjen til neste mann. tenk heller på all den tome emballasjen som må kastast etter bruk.
eg såg ein veldig interessant dokumentar av stacey dooley der ho retta fokus på store feriekompleks. i land der det er ekstrem tørke brukar nokre av desse hotella mengdar av vatn berre på å vatna plenar (t.d. golfbanar), for ikkje å snakke om alle dei bada og dusjane gjestane sikkert tek. dersom ein skal reisa til ein slik plass kan ein kanskje prøve å undersøkja forholda. det er også lov til å bruka hovudet med den sunne fornuft.
du ville vel ikkje kasta boss rundt deg når du var heime? nei, så ikkje gjer det når du er på ferie heller. det er ikkje sikkert staden du ferierar på har like godt utvikla boss-system som i noreg, så desto viktigare å bidra i ein positiv retning.
kvifor ikkje alle land har pantesystem på flasker kjem eg aldri til å skjøna, men slik er det berre. så for kvar vann/brusflaske du kjøper, ja så veks avfallsmengda. dersom vatnet i springen der du er er drikkande, kan du godt fylle det i mindre flasker for å ta med deg til du blir tørst.
vi har berre ei jord. det er (desverre) vår oppgåve å ta vare på den. sjølv om du er på ferie, sluttar aldri miljøproblematikken å vera gjeldande. dersom me alle tenkjer oss om før me handlar, trur eg likevel at dette kan gå bra!
nye rekordar
i går slo tante reisande åse sin gamle rekord i antall besøkjande på sida. takk for at nett du vil klikke deg inn på bloggen min og lesa. håpar du har hatt glede av den, og fått nokre gode reisetips. kan hende du kan tipse gode vener som likar å reisa om den?
no har eg registrert meg på bloggurat, så her kjem ei lenkje eg må poste
http://bloggurat.net/minblogg/registrere/0c08628c697e8bcd1c41e4bf619c8661593ceb17
ha ein flott maidag!
yoga og velværehelg på voss
denne helga var det tid for å settja kropp og sjel i fokus. me hadde fått tips frå vår tidlegare yogainstruktør på elixia laksevåg om at det var ein gjeng som skulle reise til voss for å bu og trene saman på fleischer’s hotell. gjengen var så liten som ein gjeng kan bli, med to instruktørar og fem deltakerar, noko som eigentleg berre var ein fordel. alle fekk den oppfølgjinga og merksemda dei trengde og burde få.
eg og mannen, som begge trenar yoga jamnleg, benytta anledninga til å ta toget frå bergen til voss. 75 minuttar der ein får slappa av, nyta vestnorsk landskap og forflytta seg milevis i komfortable seter. ikkje er det særleg dyrt heller. me ankom voss i halv fem tida, sjekka inn med ei hyggjeleg resepsjonist og bestemte oss for å kasta oss i bassenget før dei andre yogiane kom. der hadde me heile bassengområdet for oss sjølv. noko som var veldig behageleg. me låg i boblebadet, som haldt ein temperatur på 35°C og symde nokre lengder i bassenget (29°C). for å få bobler i boblebadet måtte ein putte på pengar, men sidan me ikkje hadde myntar nøydde me oss med varmen. ein kunne også bruke sauna og solarium. fyrste punkt på programmet var yogatime. dette var ein såkalla yin-time, der fokuset var på å «lande litt». ein roleg time der ein låg i dei ulike øvelsane lenger enn vanleg, utan at det skulle vera så fysisk anstrengande. på mange måtar ein fin «avslutning» på ei travel veke. etterpå samla me oss for å ete middag saman på hotellet sin restaurant magdalene. her velde alle buffé, og me gjekk og forsynte oss eit ukjend antal gonger. ein kunne velgja mellom kaldrettar som pålegg, og varmrettar som laks i kvit saus og kjøttkaker i brun saus. hovudfokuset var på sjømat, så for ein som meg som ikkje ét kjøt var dette perfekt! me la oss gode og mette og sette klokka på halv åtte neste morgon.
og for ein morgon! ikkje nok me at me var veldig nøgd med hotellrommet vårt som var stort og romlsleg,
med eigen balkong og fantastisk utsikt, men å vakna til voss bada i morgonsol –noko av det finaste!
me kunne sikkert ha tilbragt heile morgonen på balkongen med kaffikopp og ei god bok, men første yogatime for morgonfuglane venta. no var det litt meir kjende yogaøvelsar som venta, med solhelsingar (!), krigerar og tvistar. og etter ein så flott start på dagen må jo som kjend heltar ha både mat og drikke. og frukostbufféen til magdalene’n skuffa heller ikkje no. til og med lappar (også kjend som sveler) låg og venta på oss. me sat vel og lenge og nytte god mat og samtale. etter frukosten hadde eg booka ein time med ein av instruktørane, wenche sætre hjelmeland, som er polaritetsterapeut. eg kjenner ofte på stiv nakke og skuldre, så dette var eit flott tilbud. wenche er proff og fann dei rette punktene å trykkje på, og terapitimen var gull verdt. no hadde me litt «fritid» som me kunne bruke på kva me ville, så eg og mannen spaserte eit stykkje rundt vangsvatnet før me svinga inn mot sentrum. me gjekk i dei små, koselege handlegatene og såg på livet. 
lunsjen kjøpte me på ein matbutikk og tok den med oss på balkongen vår, som kjendest som den lunaste, finaste plassen på heile voss. neste treningstime nærma seg, og no var det trening med ball. me rulla og knepte, både på, over og rundt ballen. etter kvar yogatime er det alltid sett av tid til avspenning. ei roleg stund der du berre ligg og samlar deg etter å ha brukt heile kroppen. det var ei lita stund til me skulle samlast for å eta middag, så nokre gjekk i bassenget, medan nokre gjorde seg klar. denne kvelden var det fire rettar fastsett meny. den starta med laks og rømme, før me fekk heimelaga tomatsuppe. hovudretten var oksekjøt, men sidan eg ikkje et kjøt var eg så heldig å få heilt perfekt torsk. til dessert var det vaniljeparfait. alt i alt ein fortreffeleg samansetning med mat. me vart både overraska og svært glade då servitørane etterpå kunne fortelja oss at middagen var inkludert i opphaldet. dette var ein fin gest for oss, som hadde fått opphaldet fiksa av wenche si svigerinne allette hjelmeland, som er femte generasjon marknadssjef på fleischer’s.
tidlegare på dagen hadde me spurt resepsjonsdama om dei hadde storskjerm i baren, for det var jo sjølvaste grand prix finaledagen! det hadde dei, og ho skulle sjekke om dei kunne rulle den ut. og etter middagen var det jammen klart for grand prix party på fleischer’s! me yogiane benka oss og fekk med oss både carl espen frå osterøy og conchita frå austerrike. stemmegivinga såg me frå rommet med litt smågodt som seg hør og bør på ein laurdagskveld.
søndag morgon starta ikkje fullt så tidleg, og det var herleg å starte med nok ein lang og god buffé. etterkvart gjekk me ned til hot spot, hotellnattklubben som for tida var omgjort til vår treningssal. vår siste yogatime var kalla TWOgether og gjekk ut på at me saman to og to skulle gjere øvelsar. saman lærte me mykje, både av å sjå og å gjere, og byte på å være lærar og elev. me avslutta med avspenning og takka alle saman for ei kjempeflott helg saman. spesielt flinke var sjølvsagt dei to instruktørane våre margunn aguilar og wenche sætre hjelmeland som gjekk heilhjerta inn i denne helga med oss.
me sette oss på toget og nytte den vakre turen heim att.
