rivieraliv i lilleasia
som tidlegare fortalt var reisa til istanbul eit resultat av vinnarlykke. før jul var eg med på magasinet reiselyst sin julekalender, og der vann eg ein av dei finaste premiane: eit reisegåvekort frå ving. den var øyremerka ein destinasjon i tyrkia, og sidan me ikkje er utbreidde sydenfarerar, bestemte me oss ganske tidleg for å reise til istanbul. eg har sjeldan lest meg så mykje opp på eit reisemål som før denne turen, så eg hadde god kontroll på kva eg ville sjå og kor me burde gå. resten gjekk veldig fint av seg sjølv. av hotella som ving tilbyr i istanbul, fall valget på midtown hotel like ved taksimplassen. dette viste seg å vera eit veldig bra valg, som eg trygt kan anbefala vidare. sjølv om det låg like ved den alltid livlege opne plassen, var det ikkje mykje trafikk rundt hotellet, og me sov faktisk uvanleg bra kvar natt. frukostbufféen var svært innhaldsrik med varme og kalde rettar, søtt og salt, noko for både vegetarianaren og kjøtetaren. consiergen var veldig hjelpsam med å forklare veg og booke ting for oss. «stuepika» var veldig smilande og høfleg og spurde korleis me hadde det, ho lurte sikkert på kven desse menneska var som hadde tatt med seg påskekyllingar for å pynte hotellrommet sitt med. resepsjonsfolka kunne vore ein smule meir entusiastiske, men me lar det gå.
måndag morgon kunne resepsjonsfolka derimot ha vore litt mindre entusiastiske då dei ringde oss klokka 6.30 på morgonen. me hadde nemleg ikkje bestilt vekkjing. eg fekk ikkje sova etterpå, og me som hadde planlagt å sove lengje denne morgonen… trøytt i trynet gjekk me ned i resepsjonen etter frukost for å spørje om tips til båtturar. det var nemleg planen for dagen. det kunne consiergen fikse lett som berre det, og vips var me meldt på ein tur klokka 13. då hadde me nokre timar til å shoppe først, så me gjekk nedover istikal og trålte butikkane. dei hadde mange store kjende kjedar, så denne gata er ein stad du bør peile deg inn på dersom du treng å fylle opp bagasjen. tida gjekk fort og plutseleg var det lunsjtid. me fekk såvidt kasta i oss litt mat på ein gatekafe i nærleiken av hotellet før me hasta bort for å bli henta av reisefølgjet på hotellet. der var dei lettare stressa for dei fann oss ikkje, sjølv om me var nokså presise. etterkvart vart me frakta av ein buss, først rundt omkring for å sanka inn fleire turistar frå ulike hotell i byen, før me bevega oss mot kaien. me fekk ein stor, fin båt og la utpå bosporus stredet. det var strålande solskin om enn litt kaldt, men finfin dag for ein båttur.
eg hadde på førehand spurt om det var mogleg å ta ein tur opp til svartehavet, då såg consiergen litt merkeleg på meg og spurde kvifor eg ville det? det var jo ingenting å sjå der. så då vart det altså stredet mellom dei to kontinenta. europa på den eine og asia på den andre sida. visste du forresten at tyrkia vart kalla lilleasia før? havnene vart mindre og koselegare dess lenger nordover me kom.
det var fine trehus og prangande luksushus, og det heile kunne minne om ein kva som helst rivieraby langs middelhavet.
ja reint bortsett frå alle dei enorme blodraude flaga som vaia i vinden overalt.
tyrkerane er veldig glad i flaget sitt.
etter omlag halvannan time til sjøs, sette me oss i bussen att, for no skulle me opp i høgda. me sette kursen for høgda med det ikkjesåtyrkiskklingane namnet pierre loti. namnet hadde den fått etter franskamannen julienne viaud sitt pseudonym. han var nemleg forfattar og skreiv bok om ei reise til istanbul. her låg det ein fin uterestaurant med praktfull utsikt over byen, og ein taubane som me skulle reise ned att i.
her fekk me altså tyrkia sitt svar på ulriken. sjølv om denne taubaneturen berre tok nokre få minuttar var det jo ein artig ting å få med seg.
denne utflukta kunne ha vore ferdig her, men då me kom inn att i bussen, foreslo guiden at dei som ville sjå andre attraksjonar måtte sei ifrå, så ville dei bli køyrd dit. dette resulterte i at me køyrde på kryss og tvers i istanbul sine gater for å settja av folk her og der. litt leie gjekk me av bussen og gjorde oss klar for middag. me gjekk gjennom heile istikal denne kvelden. heilt til det byrja å gå nedover, mot galatatårnet, der svinga me inn ei lita sidegate og fann nok ein kjekk restaurant. til forrett bestilte me meze, som er tyrkerane sitt svar på tapas. mange små rettar og smakar, og perfekt om ein vil smake på kva tyrkisk mat kan vera. til hovudrett åt eg falaffel og (pittelitt) hummus medan mannen åt ei lammegryte. etter endt middag befann me oss som tidlegare kveldar i pera-distriktet, men denne gongen gjekk me for utsikt. me gjekk inn i det pussige og krimskramsaktige hotellet grand hotel de londres, tok ein klaustrofobisk heis opp til takterrassen der me tok eit glas til utsikta over byen.
me såg opplyste moskéar, fly som i tur og orden kom inn for landing på atatürk flyplass, og det vakre pera palace hotell. sidan det var nest siste kvelden vår kunne me tillate oss å vera litt lenger oppe, så etter å ha komme oss tilbake til taksim, sette me oss ned på ein av barane attmed hotellet vårt. servitøren foreslo at me gjerne ville sittja ute sidan det var så tett med vannpiperøyk ute. og det var heilt greitt for oss, me skulle berre spela idiot likevel. etterkvart byrja me å lure på kva for ein plass dette eigentleg var. på andre sida av gata hadde ei dame eit slags utandørs «kontor» med skrivepult og kontorstol, derifrå tok ho turen inn i baren med jamne mellomrom. nokre bajas-aktige typar i ein kvit bil såg ut til å halde det heile under oppsikt, og skjelte ut kaféeigaren like ved, som lydig kom ut til dei og serverte kaffi. damer som ikkje såg ut til å vera av dei mest konservative muslimane gjekk ut og inn, medan nokre sutta på ei vannpipe utanfor. i den grad det finst mafia og sky verksemd i tyrkia, var det sikkert dette me var vitne til. etter ei stund hadde me fått nok action og gjekk over vegen til midtown.
tysdagen var eit faktum og siste dag av ferien vår. éin attraksjon som me ville få med oss før me reiste var sisterna under byen, kjend som basilikasisterna. namnet har den fått etter den store plassen stoa basilica, som i oldtida dekka området. den vart bygd (på ein stad der det opprinneleg stod ein basilika) i 532 e.kr for å forsyna sentrale delar av byen med vatn, har ei samla grunnflate på 9000kvm og kan romma omlag 80 000 kubikkmeter vatn.
det skal liggja fleire hundre slike sisterner under byen, men dette er den største, mest kjende og best bevarte av dei. den vart oppdaga i 1545 av ein fransk vitenskapsmann som høyrde lokale fortelje om vatn som dei hente opp av hól i kjellargolva sine. sisterna blir halden oppe av 336 korintiske søyler. to av desse står på steinar som har medusahovuder meisla inn i seg.
det er sagt at 7000 slavar var med på å byggja dette meisterverket. me gjekk rundt i halvmørket her nede, berre søylene var opplyste, og i vatnet symde karper. audioguiden gav oss som vanleg fakta. etterkvart kom me opp frå underverda og trykte oss inn i ein overfylt trikk som tok oss til karaköy. me gjekk oppover små gater mot målet vårt: galatatårnet, men på vegen stakk me innom restauranten me hadde vittja kvelden før for å hente hatten som mannen hadde gløymt. kan tilføye at me var ganske nøgde med å ha funne denne vesle gata blant alle dei tusen andre. som vanleg måtte me stå i kø for å kome inn i tårnet, men då me endeleg var framme fekk me ta heisen opp, så nokon mosjonstur opp i det 66,90 meter høge murtårnet vart det ikkje. men også denne attraksjonen var verd å stå i kø for, for her fekk me ein 360 graders utsikt over byen. sola skein og byen falda seg ut framfor oss som eit orientalsk teppe, med bosporus, moskeane, trange gater og hus i alle slags fargar. 
me vurderte å ta lunsjen i den turistifiserte tårnrestauranten, men gjekk heller ned og tilbake til istikal. me svinga inn på ein restaurant me hadde sett på fleire gonger, men ikkje gått inn i. den skulle ha ei flott utsikt frå takterrassen, og jammen stemte dette! midpoint hadde ein avslappa atmosfære, med flott utsikt og ein milelang meny.
ikkje dei mest spenstige rettane, men vanlege internasjonale rettar som alle kan like. pasta og sjømat smaka fortreffeleg! etter å ha skrive nokre kort og ete oss gode og mette gjekk me innom salt beyoglu -eit kunstgalleri som hadde ei utstilling av posterdesignaren henryk tomaszewski frå polen. på heimvegen gjekk me gjennom fine gater, høyrde på gatemusikantar og tok eit slag idiot på ein gatekafe. her venta me i sju lange og sju breie på å få bestilt, og då me fekk det, gjekk det like lang tid før me fekk noko å drikka. vinen smakte gammalt baderom og servitørane var i ein klasse for seg. den litt dårlege klassen som ikkje likar å følgja med i timane. så eit godt tips er å ikkje besøkja kucük beyoglu. den siste kvelden var komen i istanbul for vår del, og me leitte etter ein takterrasse å nyta solnedgongen på. etter litt spørjing og fomling fann me ein i ei sidegate, der dei måtte ringje til ein engelsktalande person for å forstå at eg ville ha eit glas kvitvin. men det gjorde dei med eit smil og ei skål med popkorn, så det vart byrjinga på ein fin kveld. me kunne ha vore der mykje lenger, men me måtte ete litt før ein tidleg kveld, så me gjekk like greit tilbake til hotellet, for rett over gata hadde me sett ein kjekk liten plass som spesialiserte seg på tyrkisk vin. servitøren anbefalte ein god kvitvin til oss og me fekk tomat og mozarella til forrett. til hovudrett åt me kebab og kylling. eg var nokså «finspist» så den hyggjelege servitøren vart bekymra for om eg ikkje likte maten, for då ville han med éin gong laga ein ny sa han. det var ikkje naudsynt då det ikkje var plass til meir i meg. etter å ha pakka og klargjort oss, sette me klokka på 2.45 og gjekk til sengs.
heimreisa gjekk som smurt. flybussen hadde avgang nokre hundre meter frå hotellet, og det tok berre 40 minuttar til flyplassen. vel heime i norge kunne alle skryte av den varme påsken dei hadde hatt, men ingen kunne skryte av å ha sett så mykje som oss!
vårdagar i istanbul
me har kome til schipol og ferien er over for denne gong. med oss frå turen til istanbul har me utruleg mange flotte inntrykk og opplevingar. istanbul har vore fargerik, folksom, overveldande, moderne, venleg, pågåande, trengande, historisk og skinande.
laurdag vakna me til litt betre ver, så istadenfor å ta funikuleren (fløybana) ned til trikken, så spaserte me. det var ein fin tur, og me gjekk i både små og store gater. 
etter ei stund var me ved istanbul modern, museet for samtidskunst. me brukte ein rask time på å gå gjennom, før me spaserte vidare over galata brua. der stod menn på rekkje og rad og fiska (mest) små og store fiskar.
då me var komt over brua gjekk me opp til hamdi og åt lunsj. til ei flott utsikt over bosporus åt me hummus og brød med ost, og kebab. ein nokså travel restaurant -sikkert mykje grunna den gode plasseringa både i lonely planet og i byen. me syntest servicen bar litt preg av dette, så ein kan nok finne meir sjarmerande stader å ete. utanfor låg krydderbasaren, så me kasta oss inn i folkehavet etter maten for å følgje stimen oppover i basarområdet.
det var trangt som sild i tønne, og me bevega oss berre nokre centimeter om gongen. det var intense tilstandar, så me stakk av til første og beste sidegate me såg. det gjekk oppover og oppover, med butikkar og boder tett i tett.
i ei gate låg alle utsalga for sengetøy, medan i neste var det kanskje elektronisk. etter ei stund skein sola frå nesten blå himmel, og me var framme ved målet vårt: sultanahmet moskéen.
mange kjenner denne store moskéen betre som den blå moské. den er ikkje særleg blå utanpå, men inni er den dekka av lyse fliser med blå nyansar.
det var bønetid då me ankom 16.30, så me tok ein kopp kaffi i mellomtida. etter å ha stått ei stund i kø (for det må du overalt i istanbul) tok me av oss skoa og putta dei i posar. damer måtte ha sjal på hovudet og dekka til skuldrane, medan menn ikkje kunne ha shorts. muslimane knela og bad medan me tusla rundt på sokkeleisten og myste opp i det enorme rommet.
eg som ei ikkje-muslimsk kvinne kunne gå lenger inn og nærare «alteret» enn dei muslimske kvinnene, som berre var tilvist ein smal bås bakerst i rommet. heilt fremst knelte menna på tepper og bad. frå taket hong det lamper i tusenvis av vaierar, som lagte eit slags tak over oss.
ute var det blitt full vår.
me tok banane attende til taksimplassen og snart var me klare for å ete middag ute. sidan me hadde hatt suksess kveldane før, gjekk me til det same området for å finne ein restaurant. me spurte på eit par plasser før me fekk napp hjå baylo. den var ein av stadene me hadde lese om på førehand, så då me fekk tilbod om å sittje i baren takka me ja til det. me fekk heldigvis eit lite bord rett ved sida av baren, så det gjekk veldig fint! god pasta til oss begge og venleg service gjorde det til eit fint måltid. etterpå tok me eit glas på den britiskinspirerte «the new shield» og etter det: pera palace hotel sin bar orient. dette hotellet vart bygd til å akommodere dei fine reisande som kom med orientekspressen, så her har greta garbo, agatha cristie, hemingway og mange andre berømtheiter budd. mykje historie i veggane her altså.
neste dag var planen å vittja kyrkja chora eller (kariye på tyrkisk) i det vestlege distriktet av byen. etter dei vanlege banane, hoppa me av på buss»stasjonen» og fekk info om kva buss me skulle på. bak oss på bussen sat ein mann som forsikra oss om at han skulle gje beskjed om kor me skulle gå av. det gjorde han, i tillegg til å peike på andre ting han meinte me måtte sjå på vegen. etter å ha gått av bussen traff me på ein annan mann som peika retningen me skulle gå. me konkluderte med at me var komen til dei hjelpsame menneska sitt distrikt. me trudde at museumspasset skulle gi oss adgang til denne attraksjonen også, men den gong ei. då måtte du nemleg ha femdagarspasset. i kyrkja (som var delvis avstengd for restaurering) var det mosaikkbileta på veggjene og i taket som var verd å sjå. det var vel verd eit besøk til utkanten. 
me hoppa på ein buss attende til sentrum og hadde tenkt å gå i sisternene, men då me ved ein feil havna på andre sida av brua, fulgte me likesågodt med til bydelen besiktas. her låg nemleg palasset dolmabahce. då me såg køen (i steikande sol) utanfor snudde me på flekken og sette heller kursen for four seasons kor me visste dei hadde spa.
det hadde blitt mykje trakking dei siste dagane, så ein massasje var på sin plass no. det var ledig time til oss, så me la oss i bassenget før å bløyta oss litt opp. etterpå vart me knadd og knept etter alle kunstens reglar. etterpå slappa me av i «relaxing»rommet, der ein kunne forsyne seg med te, vatn, frukt og nøtter. eit innarbeidd og profft spa med særs hyggjelege og venlege arbeiderar. som to nye menneske gjekk me oppover i gatene der besiktas-fotballsupporterar var godt i gong med å varma opp før kveldens kamp mot fenerbahce.
me fekk gjort litt shopping før me fann ut at me var mykje lenger vekke frå taksimplassen enn me hadde trudd. det gjorde ingenting, for ein gul taxi er aldri langt unna i istanbul. me kom oss trygt heim for nokre tierar. før me hoppa inn i taxien gjekk me forbi ein gravstad, der det låg uvanleg mange kattar. me gjekk mot dei, og då dukka det opp fleire og fleire.
det kan verke som kattane er heilage i istanbul for ikkje berre var dei overalt, men det låg mat ute til dei og rundtomkring stod det små kattehus som dei kunne bu i.
eit mekka for tante reisande åse med andre ord. denne kvelden gjekk me til marmara pera hotel, som me visste hadde ein fin restaurant i toppen. mikla heitte den og hadde eit ledig bord til oss! me kunne berre få sittja der halvannan time, for då kom dei neste gjestane. greitt for oss, men me kunne ikkje bestille «tasting menu» med fleire smårettar då den hadde tatt for lang tid å lage/ete. me bestilte heller tre rettar beståande av grønnsaker, tyrkisk pasta og skjokoladekake, og blekksprut, lam og ostar, alt konsumert til ein fantastisk utsikt over byen med proffe, høflege og merksame servitørar. etter vel to timar var me ferdige, då hadde dei på bordet ved sida av oss fått mat i hyppigare tempo enn oss. så det kan ikkje ha vore SÅ viktig å bli kvitt oss. me avslutta med eit slag idiot på the new shield, som låg nokre hundre meter ned gata.
no skal me snart ombord i neste og siste fly, så resten av reisa får du seinare!
(here i come) constantinople
kjært barn har mange barn heiter det, og eg tenkjer det er difor denne byen har hatt så mange opp i gjennom tidene. då me var vikingar kalla me den for miklagard, dei antikke grekerane kalla den bysant, før den (heilt til 1930) heitte konstantinopel og var hovudstaden i romarriket. nokre har kalla den stamboul, men vi kjenner den idag som istanbul.
me kom hertil i går kveld etter litt virrvarr på flyplassen som heldigvis løyste seg fint. tok flybussen havatas til taksimplassen, kor me bur like ved. hotellet vårt midtown er fint og me har absolutt ingenting å klaga på. det einaste me har å utsettja på opphaldet så langt er veret, men det kan vel ingen gjera noko med likevel. det er ikkje den store varmen, og sola har berre stukke seg fram nokre timar.
i går fekk me berre sett oss om i hovudgata istiklal, og ete ein god middag på den koselege roka pera (i peradistriktet) før me stupte til køys etter ein lang dag som starta klokka 04.00
idag stod me opp til ein flott frukostbuffet som innehadde alt ein kunne ynskje seg å ete til frukost. etter dette fekk me god vegforklaring til topkapi palasset, som innebar ein tyrkisk variant av fløybanen etterfulgt av ein tyrkisk variant av bybanen. me enda opp på stoppet sultanahmet, og såg at både hagia sofia og topkapi hadde køar lange som fleire vonde år. me var difor så smarte at me gjekk ned til det arkeologiske museumet, kor ein kunne få kjøpe museumspass. då dette var i hende, kunne me gå rett forbi køen. i topkapi var haremet høgdepunktet
og ein audioguide viste seg å vera gull verdt.
etter å ha gått rundt i palasset i dryge to timar, avslutta me dette museumsområdet med eit besøk i den noko beskjedne hagia irene. ein flott basilika som hadde sett sine beste år for hundrevis av år sidan. den var totalt strippa for alt av interiør, men her inne herska det ei ro og ein fin atmosfære. fuglane fauk oppunder kuppelen, og den einaste utsmykkinga me kunne sjå var eit stort kors på veggen heilt fremst i det enorme rommet. 
det var ei stund sidan frukost, så me sette oss ned og åt linsesuppe og ein slags tyrkisk pizza. då skein jammen sola også, så me sat liksågodt ute og åt.
etter dette var hagia sofia så nærme at det var litt for dumt å ikkje gå inn. rett forbi den lange køen! museumspasset var allerede ein stor hit. me kjøpte audioguide og vandra rundt i denne enorme basilikaen. den var opprinneleg ei kristen kyrkje, før muslimane gjorde den om til ein moské og smurte gips over mykje av det fine interiøret. no er det altså eit museum, og dei har jobba grundig med å få fram noko av mosikk-kunsten som opprinneleg pryda kyrkja. der den er synleg kan ein få eit lite inntrykk av kor fantastisk denne basilikaen må ha vore i si storheitstid. 
ein veldig interessant detalj var å finne oppe i «galleriet» der vikingane hadde vore og rissa inn namnet «halfdan» i runeskrift. hærverk eller ein uskyldig signatur? det hjelper oss iallefall å settja ting i eit tidsperspektiv.
etter ein lang museumsdag gjekk me ned langs istiklal att for å finne ein middagsplass, og endte opp ikkje så langt ifrå gårsdagens plass. ein travel, koseleg restaurant der me sat på langbord ilag med mange andre. mange ulike språk rundt eitt bord denne kvelden.
no er det leggjetid, men me snakkast plutseleg!
ps: eg har hatt noko internettproblem med mobilen her, så instagrambileta kjem desverre ikkje så hyppig som eg skulle ynskje.
bloggelskande
eg er no å finne på bloglovin og dei bad meg poste denne lenkja
<a href=»http://www.bloglovin.com/blog/11787105/?claim=7563ex8hq37″>Follow my blog with Bloglovin</a>
tur til statoilhytta i hatlestrand
i helga køyrde me inn til hatlestand i kvinnherad. dersom du ikkje veit kor det er, veit du kanskje kor gjermundshavn er, der du kan ta ferja over til rosendal. det ferjeleiet ligg altså i hatlestrand. grunnen til at me reiste dit, er at statoil har ei hytte der, og me ville rett og slett reise på hyttetur saman med gode vener. me var ein fin gjeng på seks: eg og mannen, eit venepar og deira to søner. me to reiste inn torsdag kveld etter jobb, for å varme opp til resten kom dagen etter. turen gjekk frå bergen via tysse, eikelandsosen, mundheim og hadde tatt omtrent 1 time og 40 minutt dersom me ikkje hadde hatt nokre stopp. det var nokså grått og vått på reisa, og mørkret kom før me var framme. det var difor ikkje så lett å finna den rette hytta, og forklaringa frå tildelingsbrevet hjelpte heller ikkje. etter mykje att og fram mellom dei sikkert 10 ulike hyttene, fann me den rette. panoramautsikta frå stova var det første som møtte oss då me opna døra, og me gleda oss allerede til å sjå neste dag i dagslys. me rigga oss til og valgte eitt av dei fem soveromma (med totalt ni soveplassane) i den store og fine hytta. det var bikkjekaldt både inne og ute, så me hygga oss med fyr i peisen og middag før me gjekk og la oss.
å vakna til stillhet som berre blir avbroten av fugleskrik er vel toppen av lukke? det gav iallefall ro i kropp og sjel. når ein i tillegg ser utover hardangerfjorden med løfallstrand på andre sida og fjella som stig opp med kvite topphuer, kan ein ikkje ynskje seg stort meir av ein fredagsmorgon.
me åt frukost og slappa max av,
før me køyrde til den lokale sparbutikken. den var overraskande innhaldsrik, så der kunne ein finne det meste ein trengte for ei helg ved hardangerfjorden, (utanom søtpotet overhøyrde me). tilbake på hytta fann me ut at me måtte teste badstua og etter litt fikling med knappar og bryterar sat me der og sveitta. avslappa og salige var me klar til å ynskja dei fire siste gjestane velkomne. ungane var trøytte og klare for sengja, så me vaksne hyggja oss med nachos, gullrekkja og noko attåt.
neste morgon starta med nrk super, medan me andre sov litt frampå. etter frukost kledde me på oss regnkler, støvlar, dressar og paraplyar og sette avgarde på tur. me hadde lese både i hytteboka og på butikken om at det skulle vera ein bruktbutikk i området, og den hadde berre ope på laurdagar. etter omlag to kilometer hadde me kome til hatlestrand kyrkje, og bruktbutikken cirkeline låg like ved. i første etasje hadde dei bøker til sals, og i kjellaren openbarte det seg eit skattkammer av brukte gjenstandar.
me fekk med oss m.a. ei skinnjakke, eit par sko og eit garnnøste til ein slikk og ingenting. dei tok sjølvsagt ikkje kort, noko som sikkert var like greitt. då hadde eg kjøpt mykje rart som eg eigentleg ikkje treng. i uthuset hadde dei moccamaster til 150 kroner, all verdas kuplar og mykje anna. vel verdt ein tur! me kjempa oss tilbake til hytta i det sure veret, og pusta på ei stund. til kvelds vart det diska opp med herleg pizza og cakepops til dessert. ungane vart lagde og dei vaksne gleidde seg stort til melodi grand prix. vinnaren carl espen vart motteken med blanda kjensler. ikkje alle sin favoritt han der. heldigvis kom oscarutdelinga etterpå og redda kvelden.
søndag var (desverre) heimreisedag, og me registrerte at dei irriterande maurane som hadde budd på kjøkenet no var borte. me rydda, støvsugde og takka for samværet då dei andre reiste avgarde. dei skulle sørover, medan me drøya turen nordover litt. me fekk med oss therese johaug sin siger i falun før me pakka og vaska skikkeleg etter oss.
då oppdaga me at mauren slett ikkje hadde forsvunne, men funne vegen til bio-bossbøtta. ikkje særleg appetitteleg. håpar dette blir ordna opp i, me begjekk iallefall mange drap denne søndagsettermiddagen.
takk til statoil og hatlestrand for ei fin hyttehelg!
nye reiser i sikte
om fem veker reiser me til istanbul. som de sikkert hugsar, vann eg reisegavekort frå ving i magasinet reiselyst sin julekalender i fjor. dette bruker me på hotell, medan reisa er bestilt av klm. turen varer frå skjærtorsdag (17.) til onsdag 23. april. me skal bu på midtown hotel like ved taksimplassen, som ser ut til å vera eit fint hotell. me følgjer spent med på værmeldingane frå istanbul, for foreløpig ligg me ganske likt klimamessig. me håpar jo sjølvsagt at våren har kome noko lengre der enn her når me reiser. men fint blir det nok uansett.
for å korte ned ventetida til neste reise, tek me oss ein helgetur til hatlestrand denne helga. der har statoil firmahytter, og ei av dei skal me leige saman med nokre vener. du får sjølvsagt både bilder og historiar om korleis opphaldet der var.
ha ei fin veke!
bilder frå ei anna tid
no er alle innlegga frå australia og borneo oppdatert med bilder. dersom du vil sjå fleire bilder kan du finne meg som «tantereisandeaase» på instagram. der oppdaterar eg jevnleg. desse bildene ligg også under banneret, øverst til høgre.
god fornøyelse!
og vinnaren er…

i fjor fekk eg den beste julegåva før julafta. det var heilt tilfeldig at eg ikkje sletta e-posten med overskrifta «gratulerer, du ble vinneren av et gavekort på kr 5000!» for det var jo mest for godt til å vera sant. eg hadde nemleg delteke i magasinet reiselyst sin julekalender på facebook. opna ei luke og svart på eit spørsmål. og eg som aldri vinn nokon ting! for eit par dagar sidan var gavekortet ein realitet då det dumpa ned i postkassa vår. turen går med reiseselskapet ving til ein valfri destinasjon i tyrkia. turen er allerede bestemt, men ikkje enno bestilt. det blir ein fargerik påske i istanbul! tusen takk magasinet reiselyst og ving!
har du lyst til å stemma på meg i supersaver sin travel blog awards? i dag er siste tjangse! www.supersaver.no/konkurranse/travel-blog-awards/2013/reiseblogg
og no: litt reklame
likar du reisebloggen min? stem på meg då vel!
terima kasih kota kinabalu!
eller «takk kota kinabalu» som me ville sagt i noreg.
etter at me kom heim frå den flotte og lange turen vår har det vore veldig travle tider, både jobbmessig og jobbemessig visst du skjønar. så her kjem endeleg det siste innlegget frå turen som me hadde for godt over to månader sidan.
me fann ei lita perle på verdas tredje største øy, borneo. i ein «liten» malaysisk by me aldri hadde høyrt om før me tjangsa på å ta eit stopp der på nokre dagar, etter ei lang reise gjennom australia. me skulle hatt 3 netter i «kk» som byen så populært blir kalla, men grunna ein 6 timars forseinkelse på flyet vårt med royal brunei airlines frå melbourne, vart det desverre berre 2. me måtte ha ei uplanlagt overnatting i brunei sidan me ikkje rokk flyet vidare til kk. rundt klokka 17 landa me endeleg i vårt siste mål, og fekk ein taxi eller teksi som dei kalla det inn til byen og hotellet vårt le meridien. me oppdaga ganske snart at hotellet låg så sentralt som me hadde fått beskrive. det yra av liv i gatene denne laurdags ettermiddagen. i innsjekkinga på hotellet blei me spurt om me ville oppgradere til «club»-opphald, som innebar at me hadde tilgang til den finare frukostsalen/salongen i same etasje, der det også vart servert afternoon tea og forfriskningar under cocktailhour. det einaste me stussa over, var at me trudde me allerede hadde betalt for dette. noko som skulle visa seg å vere rett. husk å alltid ha orden på reservasjonar og skriv gjerne ut dette på førehand. det hadde me gjort, og kunne framvisa det. hotellrommet i 12. etasje tok pusten frå oss, og me vart berre enno tristare for den ekstra natta me hadde mista her.
utsikta var fantastisk over havna med den travle marknaden nedanfor, fiskebåtane som låg å duppa og øyene utanfor med dei såkalla «water villages» -små hus på stylter i sjøen. me ankom akkurat tidsnok til å få med oss solnedgangen frå salongen medan me nippa til eit glas vin og meska oss med smårettar. me likte allerede kota kinabalu! etter klokka 19 gjekk me ut i varmen, støyen og dei livlege gatene. me gjekk innover bak hotellet for å prøve å finna ein restaurant me hadde lest om. den skulle ha malaysisk/portugisisk mat, noko som høyrdest svært spanande ut. då me endeleg fann denne opplyste, lille restauranten med berre eit par besøkande i litt lite koselege omgjevnader, bestemte me oss heller for å settja oss utanfor i gata der dei hadde musikk og masse liv under open himmel. me hadde i brunei blitt kjend med to folk som lei under same skjebne som oss, altså forseinka fly. federico frå melbourne/argentina og vivi (trur eg?) frå sjølvaste borneo hadde anbefalt oss å prøve matretten laksa. det skulle vera ei slags herleg suppe, som var typisk malaysisk. me fann denne på den rikhaldige menyen, så mannen bestilte den, og eg bestilte ei nudelsuppe med kylling. det må vel vera dette som er smaken av asia. etterpå spaserte me innover att mot hotellet og havna, og stakk innom små plasser etter behov. då me kom tilbake til hotellet, oppdaga me at det var underhaldning i hotellbaren, så me slo oss ned. bandet på scenen spela typiske hotellbar-underhaldnings-songar, og etterkvart spurde frontmannen kor me var frå. då han høyrte me var frå noreg, ropte han «tack så mycket!» vel.. etter å ha sunge ferdig kom han bort til bordet vårt og slo av ein prat. ein veldig hyggjeleg mann som underhaldt hotellgjestar kvar kveld med unntak av søndagen. då underhaldt han borna sine.
neste dag entra me frukostsalen som bada i sollys. kelneren kom og tok kaffibestillingen vår, og ved eit lite bord stod ein kokk som laga egg. steikt, kokt, omelett -alt ein måtte ynskje. på buffeen var det rikhaldig utvalg av pålegg, smårettar og frukt. me skulle ikkje gå svoltne herifrå. ute skein sola og varmen slo imot oss i dét me gjekk bortover kaien. det var travelt og yrande folkeliv. fullt av bilar og folk som skulle på marknaden. bortanfor marknaden var det litt rolegare, og båtane låg og duppa langs kaien.
me hadde snakka om å ta ein tur ut til ein av øyane og no hadde me tjangsen. fleire folk kom for å praie oss til «watertaxi’ane» sine, men prisane var stive. eg har aldri vore noko særleg flink til å prute, men prisane høyrdest så tullete ut at eg lot meg ikkje vippe av pinnen. til slutt hadde eg forhandla oss til omlag halve prisen, og me fann då ut at taxisjåførane fekk rundt 100 nok medan innkastaren berre fekk nokre tikroner. det var altså si eiga løn denne innkastaren forhandla om. sjåførane var ikkje til å rikkje. og det måtte sjølvsagt vera to sjåførar på ein båt med to passasjerar. me la frå kai og suste ut mot den næraste øya gaya. her køyrde me nære dei såkalla vann-landsbyane, og fekk sjå korleis folk levde der. me såg glade ungar som leika innimellom husa
og då me vinka til dei, kom dei springande mot oss og heiv seg ner i sjøen.
me såg jenter i dei vakraste, fargerike kjolane, som balanserte på dei smale bryggjene mellom husa.
ved eitt hus stoppa me for å fylle bensin. me stussa litt over at båten måtte reisa heilt ut her for å fylla bensin. vidare tok dei oss forbi øya manukan, og me fekk sjå kota kinabalu frå avstand. me skimta også mount kinabalu, men toppen var ikkje synleg grunna lågt skydekke. denne båtturen ville me ikkje vore foruten, me skulle berre hatt litt betre tid. etter endt tur spaserte me gjennom markedet og såg med store auger på alt som befann seg der. ein labyrint med små gongar og krinkelrokar. 

tilbake på hotellet var det no tid for afternoon tea. og som dei tedrikkerane (!) me er, måtte me få med oss dette. små delikate rettar stod parat for dekadente hotellgjester som oss. iallefall følte me oss sånn. og berre utsikta frå salongen var nok -dette var rein nytelse!
etter teen (det gjekk mest i kaffi) gjekk me på rommet for å ta ein dusj og forfina oss. no var det nemleg snart klart for hotellets «cocktail hour». det er travelt å vera fin på det. ny servering, nye glas, og ein ny solnedgang som me nytte synet av medan me tok eit slag idiot og skreiv kort heim. det var desverre den siste kvelden i kota kinabalu. etterkvart var det tid for «kveldsmat», så me gjekk mot kaia. der låg restaurantane og pubane side om side, og me bestemte oss for ein indisk restaurant. indisk er alltid ein sikker vinnar, også denne gongen! me såg at eit par frå hotellet vårt hadde teke turen til den same restauranten. me kom i snakk med dei, eit hyggjeleg par i 40-50 åra frå storbrittania. me avslutta kvelden med å høyre på livemusikk på ein av byens pubar, før me tok ein ikkje altfor sein kveld.
neste dag skulle me ikkje reisa før på ettermiddagen, så etter frukost tok me på oss badetøyet og gjekk til hotellets spaavdeling. der hadde dei utandørs symjebasseng og boblebad. dei tilbydde også massasje innandørs. me skreiv kort, duppa litt i bassenget, såg flya fyke over oss og kjende at me kom til å sakne denne perla. etter ei stund sjekka me ut og gjekk på kaia for å ta eit siste måltid. som ikkje kunne vore betre! endeleg fekk eg min thai-favoritt «grøn karri», og eg vil påstå at det er den beste eg har hatt nokon gong. me rusla litt på kaia og ville ikkje gi slepp på ferien, men til slutt måtte me.
turen via brunei, dubai, london og københavn til bergen gjekk knirkefritt, men det var eit par slitne reisande som kom heim att den 22. oktober. men i bagasjen hadde me fantastiske nye minner, og ein mangovin frå australia.
