Gå til innhald

(here i come) constantinople

april 18, 2014

kjært barn har mange barn heiter det, og eg tenkjer det er difor denne byen har hatt så mange opp i gjennom tidene. då me var vikingar kalla me den for miklagard, dei antikke grekerane kalla den bysant, før den (heilt til 1930) heitte konstantinopel og var hovudstaden i romarriket. nokre har kalla den stamboul, men vi kjenner den idag som istanbul.
me kom hertil i går kveld etter litt virrvarr på flyplassen som heldigvis løyste seg fint. tok flybussen havatas til taksimplassen, kor me bur like ved. hotellet vårt midtown er fint og me har absolutt ingenting å klaga på. det einaste me har å utsettja på opphaldet så langt er veret, men det kan vel ingen gjera noko med likevel. det er ikkje den store varmen, og sola har berre stukke seg fram nokre timar.

i går fekk me berre sett oss om i hovudgata istiklal, og ete ein god middag på den koselege roka pera (i peradistriktet) før me stupte til køys etter ein lang dag som starta klokka 04.00
idag stod me opp til ein flott frukostbuffet som innehadde alt ein kunne ynskje seg å ete til frukost. etter dette fekk me god vegforklaring til topkapi palasset, som innebar ein tyrkisk variant av fløybanen etterfulgt av ein tyrkisk variant av bybanen. me enda opp på stoppet sultanahmet, og såg at både hagia sofia og topkapi hadde køar lange som fleire vonde år. me var difor så smarte at me gjekk ned til det arkeologiske museumet, kor ein kunne få kjøpe museumspass. då dette var i hende, kunne me gå rett forbi køen. i topkapi var haremet høgdepunktet harem#1 og ein audioguide viste seg å vera gull verdt. topkapi#1 etter å ha gått rundt i palasset i dryge to timar, avslutta me dette museumsområdet med eit besøk i den noko beskjedne hagia irene. ein flott basilika som hadde sett sine beste år for hundrevis av år sidan. den var totalt strippa for alt av interiør, men her inne herska det ei ro og ein fin atmosfære. fuglane fauk oppunder kuppelen, og den einaste utsmykkinga me kunne sjå var eit stort kors på veggen heilt fremst i det enorme rommet. hagiairene
det var ei stund sidan frukost, så me sette oss ned og åt linsesuppe og ein slags tyrkisk pizza. då skein jammen sola også, så me sat liksågodt ute og åt. istanbul#6 etter dette var hagia sofia så nærme at det var litt for dumt å ikkje gå inn. rett forbi den lange køen! museumspasset var allerede ein stor hit. me kjøpte audioguide og vandra rundt i denne enorme basilikaen. den var opprinneleg ei kristen kyrkje, før muslimane gjorde den om til ein moské og smurte gips over mykje av det fine interiøret. no er det altså eit museum, og dei har jobba grundig med å få fram noko av mosikk-kunsten som opprinneleg pryda kyrkja. der den er synleg kan ein få eit lite inntrykk av kor fantastisk denne basilikaen må ha vore i si storheitstid. hagiasofia#2hagiasofia#1 ein veldig interessant detalj var å finne oppe i «galleriet» der vikingane hadde vore og rissa inn namnet «halfdan» i runeskrift. hærverk eller ein uskyldig signatur? det hjelper oss iallefall å settja ting i eit tidsperspektiv. hagiasofia#3 etter ein lang museumsdag gjekk me ned langs istiklal att for å finne ein middagsplass, og endte opp ikkje så langt ifrå gårsdagens plass. ein travel, koseleg restaurant der me sat på langbord ilag med mange andre. mange ulike språk rundt eitt bord denne kvelden.
no er det leggjetid, men me snakkast plutseleg!
ps: eg har hatt noko internettproblem med mobilen her, så instagrambileta kjem desverre ikkje så hyppig som eg skulle ynskje.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: