vårdagar i istanbul
me har kome til schipol og ferien er over for denne gong. med oss frå turen til istanbul har me utruleg mange flotte inntrykk og opplevingar. istanbul har vore fargerik, folksom, overveldande, moderne, venleg, pågåande, trengande, historisk og skinande.
laurdag vakna me til litt betre ver, så istadenfor å ta funikuleren (fløybana) ned til trikken, så spaserte me. det var ein fin tur, og me gjekk i både små og store gater. etter ei stund var me ved istanbul modern, museet for samtidskunst. me brukte ein rask time på å gå gjennom, før me spaserte vidare over galata brua. der stod menn på rekkje og rad og fiska (mest) små og store fiskar.
då me var komt over brua gjekk me opp til hamdi og åt lunsj. til ei flott utsikt over bosporus åt me hummus og brød med ost, og kebab. ein nokså travel restaurant -sikkert mykje grunna den gode plasseringa både i lonely planet og i byen. me syntest servicen bar litt preg av dette, så ein kan nok finne meir sjarmerande stader å ete. utanfor låg krydderbasaren, så me kasta oss inn i folkehavet etter maten for å følgje stimen oppover i basarområdet.
det var trangt som sild i tønne, og me bevega oss berre nokre centimeter om gongen. det var intense tilstandar, så me stakk av til første og beste sidegate me såg. det gjekk oppover og oppover, med butikkar og boder tett i tett.
i ei gate låg alle utsalga for sengetøy, medan i neste var det kanskje elektronisk. etter ei stund skein sola frå nesten blå himmel, og me var framme ved målet vårt: sultanahmet moskéen.
mange kjenner denne store moskéen betre som den blå moské. den er ikkje særleg blå utanpå, men inni er den dekka av lyse fliser med blå nyansar.
det var bønetid då me ankom 16.30, så me tok ein kopp kaffi i mellomtida. etter å ha stått ei stund i kø (for det må du overalt i istanbul) tok me av oss skoa og putta dei i posar. damer måtte ha sjal på hovudet og dekka til skuldrane, medan menn ikkje kunne ha shorts. muslimane knela og bad medan me tusla rundt på sokkeleisten og myste opp i det enorme rommet.
eg som ei ikkje-muslimsk kvinne kunne gå lenger inn og nærare «alteret» enn dei muslimske kvinnene, som berre var tilvist ein smal bås bakerst i rommet. heilt fremst knelte menna på tepper og bad. frå taket hong det lamper i tusenvis av vaierar, som lagte eit slags tak over oss.
ute var det blitt full vår. me tok banane attende til taksimplassen og snart var me klare for å ete middag ute. sidan me hadde hatt suksess kveldane før, gjekk me til det same området for å finne ein restaurant. me spurte på eit par plasser før me fekk napp hjå baylo. den var ein av stadene me hadde lese om på førehand, så då me fekk tilbod om å sittje i baren takka me ja til det. me fekk heldigvis eit lite bord rett ved sida av baren, så det gjekk veldig fint! god pasta til oss begge og venleg service gjorde det til eit fint måltid. etterpå tok me eit glas på den britiskinspirerte «the new shield» og etter det: pera palace hotel sin bar orient. dette hotellet vart bygd til å akommodere dei fine reisande som kom med orientekspressen, så her har greta garbo, agatha cristie, hemingway og mange andre berømtheiter budd. mykje historie i veggane her altså.
neste dag var planen å vittja kyrkja chora eller (kariye på tyrkisk) i det vestlege distriktet av byen. etter dei vanlege banane, hoppa me av på buss»stasjonen» og fekk info om kva buss me skulle på. bak oss på bussen sat ein mann som forsikra oss om at han skulle gje beskjed om kor me skulle gå av. det gjorde han, i tillegg til å peike på andre ting han meinte me måtte sjå på vegen. etter å ha gått av bussen traff me på ein annan mann som peika retningen me skulle gå. me konkluderte med at me var komen til dei hjelpsame menneska sitt distrikt. me trudde at museumspasset skulle gi oss adgang til denne attraksjonen også, men den gong ei. då måtte du nemleg ha femdagarspasset. i kyrkja (som var delvis avstengd for restaurering) var det mosaikkbileta på veggjene og i taket som var verd å sjå. det var vel verd eit besøk til utkanten.
me hoppa på ein buss attende til sentrum og hadde tenkt å gå i sisternene, men då me ved ein feil havna på andre sida av brua, fulgte me likesågodt med til bydelen besiktas. her låg nemleg palasset dolmabahce. då me såg køen (i steikande sol) utanfor snudde me på flekken og sette heller kursen for four seasons kor me visste dei hadde spa.
det hadde blitt mykje trakking dei siste dagane, så ein massasje var på sin plass no. det var ledig time til oss, så me la oss i bassenget før å bløyta oss litt opp. etterpå vart me knadd og knept etter alle kunstens reglar. etterpå slappa me av i «relaxing»rommet, der ein kunne forsyne seg med te, vatn, frukt og nøtter. eit innarbeidd og profft spa med særs hyggjelege og venlege arbeiderar. som to nye menneske gjekk me oppover i gatene der besiktas-fotballsupporterar var godt i gong med å varma opp før kveldens kamp mot fenerbahce.
me fekk gjort litt shopping før me fann ut at me var mykje lenger vekke frå taksimplassen enn me hadde trudd. det gjorde ingenting, for ein gul taxi er aldri langt unna i istanbul. me kom oss trygt heim for nokre tierar. før me hoppa inn i taxien gjekk me forbi ein gravstad, der det låg uvanleg mange kattar. me gjekk mot dei, og då dukka det opp fleire og fleire.
det kan verke som kattane er heilage i istanbul for ikkje berre var dei overalt, men det låg mat ute til dei og rundtomkring stod det små kattehus som dei kunne bu i.
eit mekka for tante reisande åse med andre ord. denne kvelden gjekk me til marmara pera hotel, som me visste hadde ein fin restaurant i toppen. mikla heitte den og hadde eit ledig bord til oss! me kunne berre få sittja der halvannan time, for då kom dei neste gjestane. greitt for oss, men me kunne ikkje bestille «tasting menu» med fleire smårettar då den hadde tatt for lang tid å lage/ete. me bestilte heller tre rettar beståande av grønnsaker, tyrkisk pasta og skjokoladekake, og blekksprut, lam og ostar, alt konsumert til ein fantastisk utsikt over byen med proffe, høflege og merksame servitørar. etter vel to timar var me ferdige, då hadde dei på bordet ved sida av oss fått mat i hyppigare tempo enn oss. så det kan ikkje ha vore SÅ viktig å bli kvitt oss. me avslutta med eit slag idiot på the new shield, som låg nokre hundre meter ned gata.
no skal me snart ombord i neste og siste fly, så resten av reisa får du seinare!