rivieraliv i lilleasia
som tidlegare fortalt var reisa til istanbul eit resultat av vinnarlykke. før jul var eg med på magasinet reiselyst sin julekalender, og der vann eg ein av dei finaste premiane: eit reisegåvekort frå ving. den var øyremerka ein destinasjon i tyrkia, og sidan me ikkje er utbreidde sydenfarerar, bestemte me oss ganske tidleg for å reise til istanbul. eg har sjeldan lest meg så mykje opp på eit reisemål som før denne turen, så eg hadde god kontroll på kva eg ville sjå og kor me burde gå. resten gjekk veldig fint av seg sjølv. av hotella som ving tilbyr i istanbul, fall valget på midtown hotel like ved taksimplassen. dette viste seg å vera eit veldig bra valg, som eg trygt kan anbefala vidare. sjølv om det låg like ved den alltid livlege opne plassen, var det ikkje mykje trafikk rundt hotellet, og me sov faktisk uvanleg bra kvar natt. frukostbufféen var svært innhaldsrik med varme og kalde rettar, søtt og salt, noko for både vegetarianaren og kjøtetaren. consiergen var veldig hjelpsam med å forklare veg og booke ting for oss. «stuepika» var veldig smilande og høfleg og spurde korleis me hadde det, ho lurte sikkert på kven desse menneska var som hadde tatt med seg påskekyllingar for å pynte hotellrommet sitt med. resepsjonsfolka kunne vore ein smule meir entusiastiske, men me lar det gå.
måndag morgon kunne resepsjonsfolka derimot ha vore litt mindre entusiastiske då dei ringde oss klokka 6.30 på morgonen. me hadde nemleg ikkje bestilt vekkjing. eg fekk ikkje sova etterpå, og me som hadde planlagt å sove lengje denne morgonen… trøytt i trynet gjekk me ned i resepsjonen etter frukost for å spørje om tips til båtturar. det var nemleg planen for dagen. det kunne consiergen fikse lett som berre det, og vips var me meldt på ein tur klokka 13. då hadde me nokre timar til å shoppe først, så me gjekk nedover istikal og trålte butikkane. dei hadde mange store kjende kjedar, så denne gata er ein stad du bør peile deg inn på dersom du treng å fylle opp bagasjen. tida gjekk fort og plutseleg var det lunsjtid. me fekk såvidt kasta i oss litt mat på ein gatekafe i nærleiken av hotellet før me hasta bort for å bli henta av reisefølgjet på hotellet. der var dei lettare stressa for dei fann oss ikkje, sjølv om me var nokså presise. etterkvart vart me frakta av ein buss, først rundt omkring for å sanka inn fleire turistar frå ulike hotell i byen, før me bevega oss mot kaien. me fekk ein stor, fin båt og la utpå bosporus stredet. det var strålande solskin om enn litt kaldt, men finfin dag for ein båttur. eg hadde på førehand spurt om det var mogleg å ta ein tur opp til svartehavet, då såg consiergen litt merkeleg på meg og spurde kvifor eg ville det? det var jo ingenting å sjå der. så då vart det altså stredet mellom dei to kontinenta. europa på den eine og asia på den andre sida. visste du forresten at tyrkia vart kalla lilleasia før? havnene vart mindre og koselegare dess lenger nordover me kom.
det var fine trehus og prangande luksushus, og det heile kunne minne om ein kva som helst rivieraby langs middelhavet.
ja reint bortsett frå alle dei enorme blodraude flaga som vaia i vinden overalt.
tyrkerane er veldig glad i flaget sitt.
etter omlag halvannan time til sjøs, sette me oss i bussen att, for no skulle me opp i høgda. me sette kursen for høgda med det ikkjesåtyrkiskklingane namnet pierre loti. namnet hadde den fått etter franskamannen julienne viaud sitt pseudonym. han var nemleg forfattar og skreiv bok om ei reise til istanbul. her låg det ein fin uterestaurant med praktfull utsikt over byen, og ein taubane som me skulle reise ned att i.
her fekk me altså tyrkia sitt svar på ulriken. sjølv om denne taubaneturen berre tok nokre få minuttar var det jo ein artig ting å få med seg.
denne utflukta kunne ha vore ferdig her, men då me kom inn att i bussen, foreslo guiden at dei som ville sjå andre attraksjonar måtte sei ifrå, så ville dei bli køyrd dit. dette resulterte i at me køyrde på kryss og tvers i istanbul sine gater for å settja av folk her og der. litt leie gjekk me av bussen og gjorde oss klar for middag. me gjekk gjennom heile istikal denne kvelden. heilt til det byrja å gå nedover, mot galatatårnet, der svinga me inn ei lita sidegate og fann nok ein kjekk restaurant. til forrett bestilte me meze, som er tyrkerane sitt svar på tapas. mange små rettar og smakar, og perfekt om ein vil smake på kva tyrkisk mat kan vera. til hovudrett åt eg falaffel og (pittelitt) hummus medan mannen åt ei lammegryte. etter endt middag befann me oss som tidlegare kveldar i pera-distriktet, men denne gongen gjekk me for utsikt. me gjekk inn i det pussige og krimskramsaktige hotellet grand hotel de londres, tok ein klaustrofobisk heis opp til takterrassen der me tok eit glas til utsikta over byen.
me såg opplyste moskéar, fly som i tur og orden kom inn for landing på atatürk flyplass, og det vakre pera palace hotell. sidan det var nest siste kvelden vår kunne me tillate oss å vera litt lenger oppe, så etter å ha komme oss tilbake til taksim, sette me oss ned på ein av barane attmed hotellet vårt. servitøren foreslo at me gjerne ville sittja ute sidan det var så tett med vannpiperøyk ute. og det var heilt greitt for oss, me skulle berre spela idiot likevel. etterkvart byrja me å lure på kva for ein plass dette eigentleg var. på andre sida av gata hadde ei dame eit slags utandørs «kontor» med skrivepult og kontorstol, derifrå tok ho turen inn i baren med jamne mellomrom. nokre bajas-aktige typar i ein kvit bil såg ut til å halde det heile under oppsikt, og skjelte ut kaféeigaren like ved, som lydig kom ut til dei og serverte kaffi. damer som ikkje såg ut til å vera av dei mest konservative muslimane gjekk ut og inn, medan nokre sutta på ei vannpipe utanfor. i den grad det finst mafia og sky verksemd i tyrkia, var det sikkert dette me var vitne til. etter ei stund hadde me fått nok action og gjekk over vegen til midtown.
tysdagen var eit faktum og siste dag av ferien vår. éin attraksjon som me ville få med oss før me reiste var sisterna under byen, kjend som basilikasisterna. namnet har den fått etter den store plassen stoa basilica, som i oldtida dekka området. den vart bygd (på ein stad der det opprinneleg stod ein basilika) i 532 e.kr for å forsyna sentrale delar av byen med vatn, har ei samla grunnflate på 9000kvm og kan romma omlag 80 000 kubikkmeter vatn. det skal liggja fleire hundre slike sisterner under byen, men dette er den største, mest kjende og best bevarte av dei. den vart oppdaga i 1545 av ein fransk vitenskapsmann som høyrde lokale fortelje om vatn som dei hente opp av hól i kjellargolva sine. sisterna blir halden oppe av 336 korintiske søyler. to av desse står på steinar som har medusahovuder meisla inn i seg.
det er sagt at 7000 slavar var med på å byggja dette meisterverket. me gjekk rundt i halvmørket her nede, berre søylene var opplyste, og i vatnet symde karper. audioguiden gav oss som vanleg fakta. etterkvart kom me opp frå underverda og trykte oss inn i ein overfylt trikk som tok oss til karaköy. me gjekk oppover små gater mot målet vårt: galatatårnet, men på vegen stakk me innom restauranten me hadde vittja kvelden før for å hente hatten som mannen hadde gløymt. kan tilføye at me var ganske nøgde med å ha funne denne vesle gata blant alle dei tusen andre. som vanleg måtte me stå i kø for å kome inn i tårnet, men då me endeleg var framme fekk me ta heisen opp, så nokon mosjonstur opp i det 66,90 meter høge murtårnet vart det ikkje. men også denne attraksjonen var verd å stå i kø for, for her fekk me ein 360 graders utsikt over byen. sola skein og byen falda seg ut framfor oss som eit orientalsk teppe, med bosporus, moskeane, trange gater og hus i alle slags fargar.
me vurderte å ta lunsjen i den turistifiserte tårnrestauranten, men gjekk heller ned og tilbake til istikal. me svinga inn på ein restaurant me hadde sett på fleire gonger, men ikkje gått inn i. den skulle ha ei flott utsikt frå takterrassen, og jammen stemte dette! midpoint hadde ein avslappa atmosfære, med flott utsikt og ein milelang meny.
ikkje dei mest spenstige rettane, men vanlege internasjonale rettar som alle kan like. pasta og sjømat smaka fortreffeleg! etter å ha skrive nokre kort og ete oss gode og mette gjekk me innom salt beyoglu -eit kunstgalleri som hadde ei utstilling av posterdesignaren henryk tomaszewski frå polen. på heimvegen gjekk me gjennom fine gater, høyrde på gatemusikantar og tok eit slag idiot på ein gatekafe. her venta me i sju lange og sju breie på å få bestilt, og då me fekk det, gjekk det like lang tid før me fekk noko å drikka. vinen smakte gammalt baderom og servitørane var i ein klasse for seg. den litt dårlege klassen som ikkje likar å følgja med i timane. så eit godt tips er å ikkje besøkja kucük beyoglu. den siste kvelden var komen i istanbul for vår del, og me leitte etter ein takterrasse å nyta solnedgongen på. etter litt spørjing og fomling fann me ein i ei sidegate, der dei måtte ringje til ein engelsktalande person for å forstå at eg ville ha eit glas kvitvin. men det gjorde dei med eit smil og ei skål med popkorn, så det vart byrjinga på ein fin kveld. me kunne ha vore der mykje lenger, men me måtte ete litt før ein tidleg kveld, så me gjekk like greit tilbake til hotellet, for rett over gata hadde me sett ein kjekk liten plass som spesialiserte seg på tyrkisk vin. servitøren anbefalte ein god kvitvin til oss og me fekk tomat og mozarella til forrett. til hovudrett åt me kebab og kylling. eg var nokså «finspist» så den hyggjelege servitøren vart bekymra for om eg ikkje likte maten, for då ville han med éin gong laga ein ny sa han. det var ikkje naudsynt då det ikkje var plass til meir i meg. etter å ha pakka og klargjort oss, sette me klokka på 2.45 og gjekk til sengs.
heimreisa gjekk som smurt. flybussen hadde avgang nokre hundre meter frå hotellet, og det tok berre 40 minuttar til flyplassen. vel heime i norge kunne alle skryte av den varme påsken dei hadde hatt, men ingen kunne skryte av å ha sett så mykje som oss!
«sette me klokka på 2.45», den setningen fikk meg til å ville grine!!! Men kjempekjekt å lese om turen, høres ut som en topp ferie. Googlet polakken og han var ganske inspirerende 😉
det gjekk faktisk overraskande greitt å stå opp så tidleg. eg konkluderer med at eg sov djupt den natta og dermed fekk ei nokonlunde grei mengd med søvn.
ja eg lika stilen til den polske posterdesignaren! 🙂