Gå til innhald

tur til statoilhytta i hatlestrand

mars 17, 2014

i helga køyrde me inn til hatlestand i kvinnherad. dersom du ikkje veit kor det er, veit du kanskje kor gjermundshavn er, der du kan ta ferja over til rosendal. det ferjeleiet ligg altså i hatlestrand. grunnen til at me reiste dit, er at statoil har ei hytte der, og me ville rett og slett reise på hyttetur saman med gode vener. me var ein fin gjeng på seks: eg og mannen, eit venepar og deira to søner. me to reiste inn torsdag kveld etter jobb, for å varme opp til resten kom dagen etter. turen gjekk frå bergen via tysse, eikelandsosen, mundheim og hadde tatt omtrent 1 time og 40 minutt dersom me ikkje hadde hatt nokre stopp. det var nokså grått og vått på reisa, og mørkret kom før me var framme. det var difor ikkje så lett å finna den rette hytta, og forklaringa frå tildelingsbrevet hjelpte heller ikkje. etter mykje att og fram mellom dei sikkert 10 ulike hyttene, fann me den rette. panoramautsikta frå stova var det første som møtte oss då me opna døra, og me gleda oss allerede til å sjå neste dag i dagslys. me rigga oss til og valgte eitt av dei fem soveromma (med totalt ni soveplassane) i den store og fine hytta. det var bikkjekaldt både inne og ute, så me hygga oss med fyr i peisen og middag før me gjekk og la oss.

å vakna til stillhet som berre blir avbroten av fugleskrik er vel toppen av lukke? det gav iallefall ro i kropp og sjel. når ein i tillegg ser utover hardangerfjorden med løfallstrand på andre sida og fjella som stig opp med kvite topphuer, kan ein ikkje ynskje seg stort meir av ein fredagsmorgon. hatlestrand#1 me åt frukost og slappa max av, hatlestrand#2 før me køyrde til den lokale sparbutikken. den var overraskande innhaldsrik, så der kunne ein finne det meste ein trengte for ei helg ved hardangerfjorden, (utanom søtpotet overhøyrde me). tilbake på hytta fann me ut at me måtte teste badstua og etter litt fikling med knappar og bryterar sat me der og sveitta. avslappa og salige var me klar til å ynskja dei fire siste gjestane velkomne. ungane var trøytte og klare for sengja, så me vaksne hyggja oss med nachos, gullrekkja og noko attåt.

neste morgon starta med nrk super, medan me andre sov litt frampå. etter frukost kledde me på oss regnkler, støvlar, dressar og paraplyar og sette avgarde på tur. me hadde lese både i hytteboka og på butikken om at det skulle vera ein bruktbutikk i området, og den hadde berre ope på laurdagar. etter omlag to kilometer hadde me kome til hatlestrand kyrkje, og bruktbutikken cirkeline låg like ved. i første etasje hadde dei bøker til sals, og i kjellaren openbarte det seg eit skattkammer av brukte gjenstandar. hatlestrand#4 me fekk med oss m.a. ei skinnjakke, eit par sko og eit garnnøste til ein slikk og ingenting. dei tok sjølvsagt ikkje kort, noko som sikkert var like greitt. då hadde eg kjøpt mykje rart som eg eigentleg ikkje treng. i uthuset hadde dei moccamaster til 150 kroner, all verdas kuplar og mykje anna. vel verdt ein tur! me kjempa oss tilbake til hytta i det sure veret, og pusta på ei stund. til kvelds vart det diska opp med herleg pizza og cakepops til dessert. ungane vart lagde og dei vaksne gleidde seg stort til melodi grand prix. vinnaren carl espen vart motteken med blanda kjensler. ikkje alle sin favoritt han der. heldigvis kom oscarutdelinga etterpå og redda kvelden.

søndag var (desverre) heimreisedag, og me registrerte at dei irriterande maurane som hadde budd på kjøkenet no var borte. me rydda, støvsugde og takka for samværet då dei andre reiste avgarde. dei skulle sørover, medan me drøya turen nordover litt. me fekk med oss therese johaug sin siger i falun før me pakka og vaska skikkeleg etter oss. hatlestrand#3 då oppdaga me at mauren slett ikkje hadde forsvunne, men funne vegen til bio-bossbøtta. ikkje særleg appetitteleg. håpar dette blir ordna opp i, me begjekk iallefall mange drap denne søndagsettermiddagen.

takk til statoil og hatlestrand for ei fin hyttehelg!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: