Gå til innhald

little norway on little shetland

juni 10, 2016

medan fredagen hadde vore litt overskya og kald på shetland, ankom laurdagen med sol frå (så godt som) skyfri himmel. sidan me hadde reist sørover dagen før, bestemte me oss for å reisa nordover denne dagen. men ikkje før me hadde ete frukosten som jim hadde sett fram til oss i knysna house. frukostrommet i første etasje var lyst og fint, akkompagnert av bbc radio 2 sitt nostalgiske «sounds of the 60’s» (lyden av 60-talet). sjølv om frukosten var meir i retning kontineltal enn skotsk, mangla me ingenting. her var toast, kaffi og te, ost og skinkepålegg, yogurt, melk, juice, frukt og bær, seks ulike frukostblandingar, croissantar, scones, pannekaker, boller og eg trur framleis ikkje eg har fått med meg alt. det skal seiast at me berre var 4 personar til frukost.

me la ut på køyretur, men landskapet tvinga oss stadig til å stoppa opp i veikanten for å ta bilder. shetland#12 eit underleg landskap utan trer eller buskar, men med fjordar, øyer, høgder og dalar. det kunne minne litt om island, men mangla dei karakteristiske høge, bratte fjella med flate platå. om ein trekk ei linje frå sørspissen av shetland og rett austover til noreg, treff ein omtrent stord. om ein trekk ei paralell linje frå nordenden, treff ein nordhordland. me bevega oss med andre (norske) ord frå sunnhordland til nordhordland på desse to dagane, for å hjelpa deg til å settja ting i eit perspektiv. og her -som i noreg, måtte me reisa med ferjer. først frå hovudøya og over til yell. me rokk akkurat ikkje den ferja, og måtte venta 50 minuttar til neste. i mellomtida køyrde me til brae og handla litt. ein veldig liten stad, kor me aldri riktig fann bysentrumet. på veg til ferjeleiet på toft skimta me sullom voe oljeterminal, som vart opna 9. mai 1981 av dronning elizabeth. under opningsseremonien gjekk ei bombe av, som ira truleg stod bak. ingen vart skadde, seremonien fortsette, og dronninga åt middag ombord på ferga rangatira, som hadde husa arbeiderane på terminalen (og som seinare vart skrapa i 2005). shetland#13 ferjeturen over til yell var roleg og fin, alle bilane i køen kom med, og overfarten varte i omlag 40 minuttar. shetland#14 yell hadde ikkje så utruleg mykje å by på, utanom fint landskap, dyr og norskinspirerte hus. for dét var ein ting på shetland som me sjeldan ser her i skottland: trehus som såg norske ut. no har også shetland eit uvanleg sterkt venskap til noreg. norske flag hang på rekkje og rad i fleire butikkglas i lerwick, og «velkommen» var ikkje eit uvaleg ord å sjå. stadnamna hadde som oftast norsk klang, i likhet med mange etternamn. grunnen er nok nærleiken til noreg, som har gitt både turisme, innvandring og utvandring gjennom tusenar av år, og dei kjende shetlandsbåtane som opererte under krigen. shetland#16shetland#17shetland#18shetland#21

me rokk ikkje ferja frå gutcher til den nordlegaste øya unst heller, så me køyrde attende eit par kilometer til eit galleri me hadde sett langs vegen. me hadde også lagt merke til at dei gravte opp torv rundtomkring, som låg til tørk i sola. sidan dette berre er noko me har høyrt om at dei gjorde i «gamledagar» måtte me stoppa for å ta det nærare i augesyn. det er sjølvsagt heilt naturleg at dei bruker torv til brensel, når antal trer på øya kan teljast på ei hand. shetland#32
shetland gallery er storbritannia sitt nordlegaste kunstgalleri og viste verk av lokale kunstnerar. det såg ikkje ut som dei hadde veldig mange besøkjande, men mannen me traff der fortalde litt om kunstnerane, kona si som hadde studio i same hus, og baud oss på kaffi. han bad oss besøkja huset ved sida av, som var eit veveri kor dei laga allslags stoff, og som folk kunne koma og ha arbeidsverstad. shetland#15 her vart me vist rundt og fekk sjå og kjenne på tweedstoff og vart forklart litt om korleis dei vart til. ferja til unst tok berre 20 minuttar og gav oss enno meir fin utsikt. shetland#20

unst hadde merkeleg nok litt meir å by på verka det som, sjølv om den låg lengst vekke frå alt og alle. shetland#22 det byrja så smått å romle i magane våre, så me sette oss eit mål då me las at det skulle vera eit viktoriansk «tea room» i haroldswick, nord på øya. før me stoppa der tok me ein svipptur så langt nord me kom. shetland#23 i norwick (sjølvsagt) tok me av på ein veg som vart dårlegare og dårlegare, og som til slutt enda opp heilt ytst på ein tupp ved eit nedlagt militærfort. shetland#25 sjølv om vêret var så skyfritt og klart som det kunne bli, såg me verken norskekysten eller nordpolen. shetland#24 derimot såg me (og høyrte) ein trillion fuglar, og ein del nysgjerrige sauer som heilt sikkert ikkje var så vane med å sjå folk.
terommet i haroldswick hadde ein heilt grei lunsjmeny, men det såg ut til at dei satsa mest på karbohydrater. me fann likevel noko med litt meir substans (salat med røykelaks, og ein slags koldtbordtallerken), og etter ein evighet kom maten. dette var ikkje staden å vera om ein hadde dårleg tid, eller skulle rekkje ei ferje til dømes. men kven skal vel det på ein laurdags ettermiddag?! etter maten køyrde me litt vidare i haroldswick og fann ut at øya sitt einaste bryggeri låg her (valhalla brewery), og ein sjokoladefabrikk. sistnemnde (foords chocolates) gjekk me innom for å kjøpe med oss nokre små gåver. den eine mannen som jobba der stod og snakka med eit anna par, og det fortsette han med heilt til me såg oss nøydde til å gå dersom me skulle få oppleve noko anna den kvelden.
me reiste heller for å sjå nærare på gokstadskipet. det låg nemleg i haroldswick. eller iallfall ein kopi av skipet til harald hårfagre -som har gjeve namn til vika. shetland#28 ved sida av låg eit rekonstruert langhus frå vikingtida. shetland#27
rett før me kom til ferjeleiet i belmont, fekk me tid til å svippe rett nedom uyeasound, berre for å sjå at det var ein fin, men mikroskopisk stad. me køyrde heldigvis 3km vidare forbi uyeasound, og fann muness castle, eit slott frå 1598. shetland#29 det vart bygd av laurence bruce, onkelen til patrick stewart -han som eigde herskapshuset på jarlshof i sumburgh. slottet vart desverre berre 29 år før det brann, og vart mest sannsynleg ikkje bygd opp att igjen. det er no ei ruin utan tak. shetland#30 i uyeasound skulle det vera ei glashytte med ei lokal glasblåsar. den som hadde hatt meir tid! men ta det med ro shetland, me kjem tilbake.
det var då me kom over på yell att, at det vart skummelt. no hadde me berre tid og veg før neste ferge skulle leggje frå kai. me køyrde i maksfart heile den 27 kilometer lange vegen og kunne berre gløyme å sei hei til eit einaste lam, dei fekk berre halde seg unna vegen no! me rokk det akkurat. dei kunne med fordel ha gitt passasjerane litt slingrinnsmonn slik at ein unngjekk råkøyrerar og potensielle svært alvorlege situasjonar. for det var ikkje så aktuelt å vente på neste ferje på ei «aude øy» når det byrja å gå mot kveld. shetland#31 då me ankom lerwick att var det på tide å få seg noko mat, og valget fall denne kvelden på indisk/nepalske gurkha. sjølve eterommet hadde nok sett betre dagar, men maten var god og servicen likedan. då me avslutningsvis sa at me kom frå noreg vart dei (også her) i fyr og flamme, og kjende visst godt til bergen. i lerwick sentrum var det full fest på dei fleste pubane. me spaserte ein tur langs hamna, helste på ein katt og ein sel, og såg sola farge himmel og hav lyseraud. så avslutta me kvelden på byens rolegaste pub «the noost» med nokre slag idiot.

4 kommentarar leave one →
  1. juni 12, 2016 8:41 pm

    Alt de får med dåkke på turane,møkje å fordøya,sikkert kjekt…Takk for reisebrev..:)

    • juni 20, 2016 1:35 pm

      ja me prøver alltid å få med oss mest mogeleg når me er på tur, men det er også viktig å finna ein balanse. ein må ikkje ha det altfor travelt. avslapping er også ein viktig ingrediens på ferie!

  2. juni 13, 2016 10:34 am

    Så gøy å se og lese om oppholdet på Shetlandsøyene! Ikke så ofte man hører om folk som reiser dit. Det ser flott ut da, så jeg skulle gjerne dratt dit en tur jeg også. I sommer venter derimot Færøyene, så får se om det kanskje blir mulighet å besøke Shetlandsøyene neste sommer 🙂

    • juni 20, 2016 1:04 pm

      tusen takk renate! 😀 kjekt at likte å lesa om turen til shetland. fleire burde reise til dit, for det er vakkert og lite turistifisert. me likar å ta turen dit gjerne ikkje så mange tenkjer på å reise, og no er det jo veldig lett for oss å dra dit frå aberdeen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: