Gå til innhald

på sporet av perez

juni 6, 2016

først av alt vil eg berre koma med ei anbefaling: reis til shetland! om du tenkjer at dette sikkert er ein flott plass du kunne tenkje deg å sett -gjer det!

me ankom shetland med båten hrossay frå aberdeen, fredag morgon 27. mai klokka 08.30. sjølv om me hadde sett på tv (i serien «shetland») at mystiske forsvinningar kunne skje ombord på northlink ferries, kjende me oss relativt trygge der. trøytte i trynet etter ei natt med litt for mykje bølger og litt for lite søvn, sette me kursen mot knysna house som skulle bli vår base dei neste to nettene. der vart me møtt av hyggjelege jim som tok imot oss med opne armar sjølv om klokka berre var 8 og det enno var mange timar til innsjekk. me fekk leggja frå oss bagasjen der, og jim viste og fortalde oss entusiastisk på kartet over lerwick og shetland -kva som var verd å få med seg. det var mykje. det første stoppet vart difor fjarå espresso bar for å få i oss frukost og ikkje minst kaffi. det dei ikkje hadde på menyen var dei så greie å fiksa til oss, så i tillegg til å få ei nydeleg utsikt mot sjøen, vart me også gode, mette og klare for ein ny dag. bressay#1 leigebilen vår var ikkje klar før klokka ti, så me gjekk litt i handlegata først. for det var berre éi. men det var plenti, eg fann nokre stilige sko på ein bruktbutikk som fekk vera med meg heim. snart var me på vegen i ein liten kia, i retning sør. me såg raskt at det ikkje var enkelt å ta beine vegen til sumburgh, fordi det for det første var ganske svingete, og for det andre ganske mange ting å ta bilder av, både landskap og dyr. sauene hadde nett fått lam, og nokre av dei var så små at dei var mest heilt gjennomsiktige der dei hoppa rundt mødrene sine. shetland#1shetland#2shetland#3

dersom du har sett tv-serien shetland, vil du nok dra kjensel på nokre av lokasjonane på øya derifrå. det gjorde me då me reiste opp til fyrtårnet på sumburgh head. shetland#4 det låg ikkje berre ute på eit nes, men også oppe på ei høgd, så utsikta her ifrå var flott! shetland#6 mot sør kunne me skimta den vesle øya fair isle kjend frå serien som heimstaden til detective jimmy perez, og det karakteristiske fair isle mønsteret ein finn på mange strikkegenserar her ute. for nokre pund fekk me med oss litt historie om både fyret og livet som fyrvoktar og fyrbuar. shetland#5 det vrimla av fuglar rundt oss, mest dei frå måkefamilien, men då me skulle til å gå ned att, stod den der -ein einsam lundefugl og kikka på oss. puffin dette skulle visa seg å vera den einaste lundefuglen me såg på heile turen. den som hadde hatt ei superlang kameralinse akkurat då…

på sumburgh head skjer det ikkje stort. der ligg eit par hus, øya si hovudlufthamn, det nemnde fyret, og den 4500 år gamle busetjinga jarlshof. shetland#7 her hadde det budd folk til mest alle tider, iallefall heilt fram til 1600 talet. me fekk kvar vår audioguide og gjekk rundt i ruinane medan me høyrde forklaringa om korleis det hadde sett ut og vore å bu her. jarlshof#3 dei eldste funna er frå neolittisk tid, eller yngre steinalder, sjølv om dei første runde steinhusa som var bygd der «berre» stammar frå bronsealderen omlag 2500 år f.k. dei neste husa som vart bygde der -i jernalderen, vart kalla broch, og me såg noko liknande på øya skye. her hadde dei bygd tjukke steinmurar i to lag, og sjølve innhaldet var delt inn i fleire rom som omkransa eit opphaldsrom. jarlhof#2jarlhof#1 pikterane var dei neste som slo seg ned her, og frå dei har ein funne dekorerte steinar og ein heilag stein. så kjem også namnet deira frå ordet pictures, altså teikningar eller dekoreringar. vikingane sin inntreden på jarlshof markerte eit skilje i byggemåten til steinhusa som ligg der, dei tok nemleg med seg måten å byggja hus på frå skandinavia. jarlshof#4 slik har vikingbusetnaden på jarlshof blitt den største på britisk land og består av sju firkanta langhus. då mange hundre år hadde gått, og ruinane etter dei første innbyggjerane var dekka av jord og gras, sette dei i middelalderen opp eit gardshus i stein. dette vart på 1500 talet ombygd til eit herskapshus, om enn noko mindre enn det ein ser føre seg når slike vert omtala. det var den første jarlen av orknøyane, robert stewart, som reiste dette, før sonen hans, patrick stewart, overtok og moderniserte det. sidan slutten av 1600 talet har jarlshof stått ubebudd og urørt, og det var ikkje før etter ein storm i 1890 at ruinane kom til syne att. i 1925 byrja dei arkeologiske utgravingane. shetland#8
vil du lesa meir om jarlshof kan du gå her.

det var bitande kaldt ute på sumburgh head, så etter å ha gått igjennom alle årtusena på jarlshof, køyrde me attende via scalloway. men sjølvsagt ikkje utan nokre bildestopp! me såg fleire dyr på vegen, mellom anna ein gjeng selar som låg og sov på ei strand. shetland#9 omtrent halvvegs mellom sumburgh og scalloway, på vestsida av shetland, ligg øya st ninian’s isle. den er berre knytt til resten av shetland med ei strandtunge. dette er også ein stad me kjende att frå tv-serien, då dei fann narkotika som hadde drive i land her. strandtunga gjer i sommarhalvåret st ninian til ei halvøy, men sidan den stort sett blir viska ut av hardt vêr i vinterhalvåret, kjem namnet «isle» til sin rett då. shetland#10
i scalloway var det ei slottsruin, men no var det blitt så seint på dag, me var kalde og svoltne, så me sette heller kursen mot lerwick att. shetland#11 der viste jim oss til rommet vårt, eller rettare sagt leiligheten vår på loftet. med stort soverom, opphaldsrom med tv, kjøleskap og lenestolar med massasjefunksjon fann me raskt ut at dette ville bli ein fin plass å bu. om eg skal vera litt pirkete så hadde det vel gjort seg med eit badekar i staden for dusj, men me klaga ikkje. jim hadde til og med utstyrt badet med kvar vår forundringspakke med toalettsaker frå oriflame. etter å ha fått varmen i oss, gjekk me til lerwick hotell som låg eit steinkast unna. der skulle dei ha ein ok restaurant -the bay brasserie, og det viste seg å vera sant og vel så det. me var heldige å få bord av dei fire servitørane som stilte opp då me kom inn, og fleire skulle det bli. ikkje noko å sei på beredskapen der altså. menyen var svært rikhaldig og valget var langt frå enkelt, men falt til slutt ned på røykelaks, asparges og posjert egg til forrett, etterfulgt av pestomarinert steinbit med soltørka tomat-infisert potetstappe og ovsbakte cherrytomatar, og guiness sjokoladekake med kremostsorbet til dessert. mannen hadde friterte kamskjel, ein fiskerett kalla finnan haddie, og crème brulée til slutt. det var ikkje aktuelt å ikkje ete opp alt sjølv om me vart så mette at me var sprekkeferdige. eit av dei betre måltida i storbritannia i ei veldig fin og roleg atmosfære. me avslutta kvelden med eit slag kort eller fem på thule bar, akkompagnert med kygo frå jukeboksen. ein fin dag på shetland var omme.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: