Gå til innhald

skip o’hoy!

mai 27, 2016

sidan eg ikkje kom på nett på ferja i går kveld, postar eg dette innlegget først no.
frukosten er allerede inntatt på kafé fjarå i lerwick, og snart skal me reise rundt å sjå oss om.

i skrivande stund forfattar eg eit reisebrev frå ein skipslugar ombord på mf hrossey. dette er ei av northlink ferries som går mellom aberdeen og lerwick på shetland. me mønstra på klokka 16.30 og la frå kaia i aberdeen presis klokka 17.00 ute på dekk fekk me tatt nokre bilder og sett hoppande delfinar før eg vart så dårlig (sjøsjuk) at eg berre måtte leggja meg på lugaren. for heldigvis hadde me den! mange reserverar stolar til å sova i under overfarten, eller rett og slett legg seg på ein sofa i baren. å gå og få meg mat i «byssa» kunne eg berre gløyme. magen vrengte seg berre eg reiste meg frå senga. så mannen måtte gå opp åleina stakkar, og eg som synest så synd på folk som må ete åleine på tur. vel vel, eg kunne trøysta meg med at maten visstnok ikkje hadde vore noko å skriva heim om. så då slepp eg det! no er farvatnet mykje rolegare, og eg har fortært to epler. me legg snart til kai på orknøyane for å sleppe av og på folk. så bér det strake vegen til shetland. håpar eg. i morgon skal me vera framme 7.30. håpar det vert litt søvn fram mot den tid. snakkast!
IMG_8431
orknøyane sett frå lugaren

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: