Skip to content

inverness

mai 19, 2016

fortsettjing frå innslaget «isle of skye».
me kom til inverness via ein køyretur frå isle of skye, via eilean donan castle, gjennom clooney og langs elva ness. ingen sjøuhyrer i sikte, berre fin natur, og slottet urquehart som me hadde besøkt 12 år tidlegare. me nøydde oss med å sjå det frå avstand denne gongen. inverness viste seg å vera like sjarmerande som den byen me hadde besøkt som ungdommar på interrailtur, på byrjinga av 2000-talet. invernesswaterfront me hadde ikkje overnatting då me ankom, for bookingsidene sa at alt var fullt. men det var langt frå sanninga. me køyrde nemleg rett til bed & breakfast-distriktet i og rundt kenneth street, parkerte, og tok ein dør-til-dør aksjon. heldigvis enda me opp hjå mor og dotter på heimekoselege kilcumin guest house. der var det berre mor som var «heime», men det gjorde ingenting for ho kunne si utleigeverksemd. dottera hennar hadde nett teke over drifta, pussa opp alle rom, og klokeleg hyra inn mor si som assistent. mora hadde erfaring med å drive b&b’en før dottera overtok. det skulle visa seg å vera både husrom og hjarterom hjå kilcumin. klokka var berre fire, og me var allerede på veg inn til byen for å sjå om den tok seg like godt ut som sist. det gjorde den. invernesswaterfront#2 me gjekk og såg i gatene, nokon handla litt, og nokon sette seg ned for å eta. eg og mannen åt middag på riva ristorante som diska opp med god italiensk mat. seinare samlast reisefølgjet att og kvelden vart avslutta med pubquiz.
neste morgon stod me opp til dekka bord og ein frukost utan sidestykke. toast, rykande ferske pannekaker, ost og skinke, frukostblanding og yogurt -og dette var berre dei kalde rettane! kilcumin for den maskuline halvdelen av reisefølgjet vårt valgte full skotsk frukost: nok mat til å metta ein heil liten landsby. utforskinga av byen fortsette etter dette, og me skilde lag att. eg og mannen gjekk på turistinfoen og fekk peikt ut kor museumet var. eit fint museum, med kunstutstilling i øvste etasje, og skotsk utstilling i første. der såg me mellom anna eit par norske treski, som nokon entusiastiske skiløperar hadde anskaffa seg.
invernessmuseum#1invernessmuseum#2
vidare var det eit rikt utval av utstoppa dyr, til dømes den skotske villkatten. dette er vel det dyret som fascinerar oss mest her borte. det finst nemleg ein vill katterase i høglandet, på lik linje som me har gaupa i noreg, berre at dette ser ut som ein vanleg katt, berre litt større, med breiare andlet og tjukkare hale (og sikkert pels). berre synd at den var utstoppa. etter litt kulturelle innslag gjekk me for å finne hostellet kor me budde for 12 år sidan. jammen låg det ikkje på same plassen, men såg det ikkje litt lite ut? var det berre dette? jaja, alt verkar jo større når ein er liten. me mimra oss attende til ein sommar på togtur gjennom storbritannia og irland, med lite pengar, men med eit hav av lukke og ynskjet om å oppdaga noko nytt. bazpackers i gata som leda til hostellet låg ein kjekk liten restaurant, som me la oss på minnet, og attmed restauranten låg eit lite galleri med allslag biletkunst, men kanskje mest hovudvekt på trykk. inverness#1 me spaserte vidare på oppdagingsferd i byen, inverness#3 gjekk gjennom handlegater, inverness#2 over bruer, inn i butikkar og i kyrkjer. standrewscathedralinverness inverness er ein akkurat passe stor by til at det er nok å sjå og finna på, men ikkje så stor at du ikkje kjem over alt på eit par dagar. det er ein del turistar her sidan byen satsar stort på turisme, og dreg god nytte av sjøormen som etter sigande har tilhald like ved. det er også ein naturleg stoppestad på veg frå både sør til nord, og vest til aust (eller omvendt). om kvelden gjekk me tilbake til den vesle restauranten me hadde sett tidlegare på dagen og spurde om dei hadde eit ledig bord til oss. café 1 heitte den, og hadde både husrom og hjarterom. frå me kom inn døra kjende me oss meir enn velkomne, og alt som me smaka på var av ypperste sort. ein av dei betre smaksopplevingane eg har hatt i skottland, og ein restaurant du ikkje bør gå glipp av i inverness. før natta breidde seg over oss, fekk me med oss eit musikalsk innslag på puben hootenanny. her kan ein oppleva tradisjonell skotsk musikk -kalla ceilidh, mest kvar kveld i veka. god stemning og god musikk.
neste morgon hadde nokre av oss lært av sine «feil» og bestilt litt mindre frukost, me var likevel svært mette og nøgde då me gjekk frå frukostbordet og omsider takka for oss og gjestfriheten dei to damene hadde vist oss. syster mi sende til og med julegåve til dei nokre månader seinare. me tok (sjølvsagt) ikkje strakaste vegen heim, men la den heller gjennom det skotske whiskey-landskapet, sidan me hadde ein whiskey-interessert type med oss. i den vesle, koselege staden tomintoul (som eigentleg berre er ei lang gate med hus på begge sider), stoppa me for å ete lunsj på ein kjekk kafé. tomintoul dei hadde også ein landhandel, eit par overnattingsstader, ein whiskeybutikk og eit museum. me besøkte sistnemnde som viste oss litt om korleis dei levde her i gamledagar. jammen hadde dei ikkje utstoppa dyr og treski her også! tomintoulmuseum#2 etter ei nydeleg tur gjennom det vakre skotske landskapet, scotland#1scotland#2 var me heime att i aberdeen. alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!

2 kommentarar leave one →
  1. Anne permalink
    august 16, 2016 10:54 pm

    Opplevelsesrikt. Kilcum Guest House was nice, breakfast really good and the host so lovely.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: