Gå til innhald

det er ikkje gull alt som glimer

mai 16, 2016

…og det er ikkje alltid gratis heller.
på denne bloggen ser du på skrivande tidspunkt ingen reklame. det gjer du ikkje, fordi eg har valgt dette bort for deg. dette valget er ikkje gratis, det kostar ein del hundrelappar i året. dersom du besøkjer andre wordpress-bloggar, kan du sjå at mellom innlegga dukkar det stundom opp reklame. «så det er dette bloggerane tener pengar på» tenkjer du kanskje, men det er ikkje alltid sånn. wordpress er i utgangspunktet ein gratis publiseringstad som hovedsakleg blir brukt til blogging, men for å tena pengar forstår eg det slik at dei må settje inn annonser på brukerane (bloggerane) sine sider. du kan unngå desse annonsane, men då må du altså «oppgradere» som dei så fint kallar det, altså betala ei årleg avgift. det er dette eg har gjort med reisebloggen min. i tillegg til å unngå ufrivillege annonser, får eg domenenamnet tantereisandeaase.com, utan wordpress inni adressa. dersom du vil sjå korleis ein blogg som ikkje er oppgradert ser ut, går du berre til sida mi norskiaberdeen, som eg ikkje betaler noko for. eg kan ikkje sjå annonsene sjølv, med mindre eg loggar ut.
no har eg teke annonseringa opp til vurdering att, og kome fram til at dersom eg berre skal ha utgifter på denne reisebloggen (opp mot tusen kroner i året), kan eg like godt prøve å få litt inntekter også. difor vil du mest sannsynleg kome til å sjå noko reklame på denne sida framover. eg velgjer annonsene sjølv, og kjem sjølvsagt til å reklamere for sider eller produkter som er relevante, som eg sjølv bruker og godkjenner.

har du spørsmål til noko av det du las i dette innlegget, ikkje vær redd for å ta kontakt!

her kan du lesa litt om annonsene i (dei gratis) wordpressbloggane: https://wordpress.com/about-these-ads/

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: