Gå til innhald

isle of skye

mai 6, 2016

isle of skye… berre namnet fekk meg til å ville reisa dit då eg høyrde om øya for første gong på skulen. eg såg føre meg korleis den var. den frodige øya med store, kvite, hengjande bomullsskyer og klar blå himmel over seg. den var ikkje heilt slik som eg hadde sett føre meg, men på ingen måte noko dårlegare.

19. september i fjor fekk me besøk av syster mi og mannen hennar frå island. saman hadde me planlagt å reisa på biltur, så me pakka leigebilen og sette kursen mot det skotske vestlandet. ein kan ikkje køyra direkte frå aust til vest frå aberdeen, ein må enten køyra om inverness mot nord, eller om spean bridge litt lenger sør. sistnemnde rute tar omlag 5-6 timar (det kjem sjølvsagt an på trafikken), medan inverness-ruta er omlag ein halvtime kortare. me køyrde den kortaste, med eit lite stopp i nairn.
nairn var ein sjarmerande liten by, med ei koseleg lita handlegate, små kjekke butikkar og blide folk. nairn#1 nairn#2 stoppet varte akkurat lengje nok til å kjøpa nokre lokalproduserte matvarer på den fine highland delicatessen, sjå litt på livet, eta to is, fish & chips og ein kjøtpai. highlanddeli isen var forresten ein av dei beste eg har ete nokon gong, så ta gjerne turen innom slaktar w.w.brown og spør etter ei kule eller to med sjokoladesorbet.
me suste vidare med berre nokre få foto-stopp, på vegen til den største byen på skye: portree. ein treng ikkje gjera som me gjorde å køyra, ein kan nesten koma seg heile vegen til skyøya med tog. men berre nesten. toget har nemleg endestopp i kyle of lochals, kor brua går over til den no litt bortgløymde byen kyleakin på søraustsida av skye. kyleoflochals
me køyrde ikkje langt innover på øya før me såg kvifor den hadde fått namnet sitt. høge fjell og djupe dalar låg fuktige under tunge skyer. isleofskye#1 ein fantastisk natur tok i mot oss. isleofskye#7 me køyrde gjennom små landsbyar, krappe hårnålsvingar, traff på sauer i vegane og såg utover lyngkledde vidder. isleofskye#2 i byen portree, som er den største på øya med svimlande 2491 innbyggjerar, hadde me overnatting i to netter. leiligheten med to soverom, bad, kjøken og opphaldsrom hadde alt ein kunne ynskje seg for ein liten helgetur. den låg så godt som midt i sentrum, men var likevel utan trafikkstøy. etter å ha bore inn bagasje og velgt rom, var me ikkje seine med å koma oss ut i portree. isleofskye#4 me gjekk mot hamna, og sidan alle var svoltne, spurde me etter bord på den svært populære fiskerestauranten lower deck. det siste bordet i lokalet vart vårt, og me fekk god oppvarting og herlege fiskerettar. på hamna ligg det koselege, små hus i pastellfargar, og mange av dei har matservering. isleofskye#5 eg trur ikkje du går feil om du velgjer ein av desse, sjølv om dei nok kan vera litt turistifiserte. sjømaten er fersk og god og folk er hyggjelege. isleofskye#3 etterpå tok me eit glas på macnabs inn då me ikkje fekk plass på isles kor musikerar spela tradisjonell skotsk musikk. islendingen kom i snakk med eit skotsk par som også var på helgetur til skye, og dei kom og sette seg attmed oss og fortalde att dei også var turistar.

neste dag ville me sjølvsagt utforska øya, og køyrde mot talisker destilleri, som ligg sørvest for portree, i carbost. talisker#1 på talisker lagar dei whisky, som er den einaste i sitt slag frå isle of skye, og destilleriet er ein av dei største turistattraksjonane på øya. der var det omvisning så ein kunne sjå korleis whiskyen vart laga og høyra om talisker sin historie. talisker#2 på veg frå talisker stoppa me i nærleiken av struan for å sjå ein ny attraksjon. eit stort rundt steintårn frå jernalderen, kor dei meinar at folk -ja eit heilt lite samfunn har budd. tårnet som vart kalla dùn beag, hadde mista mykje av høgda, og steinane låg rundt ikring, men ved hjelp av plansjar og teikningar kunne me forestilla oss korleis livet var der ein gong for lengje sida. isleofskye#6 veggjane kunne ha vore opptil fire meter tjukke og sjølve tårnet hadde ein diameter på omlag 18,6 meter. eg kan skjøna kvifor dei busette seg her, for makan til landskap (og sjøskap?!) skal ein leita etter. men me fann det! på isle of skye. isleofskye#10isleofskye#9isleofskye#11isleofskye#8
turen vidare gjekk til slottet dunvegan, som absolutt var verd å sjå. me åt først lunsj på kaféen som låg i besøkssenteret. slottet som låg der no var av nyare dato, som så mange av slotta som ikkje er ruinar i skottland er. det er det siste og eldste klaneigde slottet i skottland, og er hovudsetet for heile klanen macleod som har hatt det som sitt sete i meir enn 800 år. utifrå bilete og små forklaringar i kvart rom, fekk me informasjon om alle romma og kva som hadde gått føre seg der. me snakka også med ei av guidane som stod i inngangsdøra då me forlot slottet. ho kunne fortelja om folka som hadde vore busett på øya st. kilda utanfor hebridene. dei budde svært isolert, og brukte ikkje sko. dette hadde gjort at dei utvikla tær som minna meir om ei klo, så dei kunne gripa rundt steinane og svaberga dei gjekk på berføtt. men det var vanskeleg å koma seg til st. kilda kunne ho fortelja, -sikkert ein grunn til at den var så isolert. kva har den vesle øya st. kilda å gjere med dunvegan slott tenkjer du? jo, då ein skulle finna ut kven som skulle ha eigarskap i øya, stod det mellom klanane macleod og macdonald. den beste måten å kåra «vinnaren» på var å senda dei to klanane i robåtar for å sjå kven som kom først fram til øya. macdonaldane hadde vunne, hadde det ikkje vore for at den eine macleodaren kappa av seg handa for så å kasta den i land på st. kilda. dermed vart det macleod klanen som kom først til øya, og dei vart rette eigerar.
utanfor slottet låg det ein utruleg vakker hage. alle slags planter, blomar, lukter og fargar gjorde det til ein flott oase å kvile sjela og auga i. dunvegan#1dunvegan#4dunvegan#2 hagen leda oss ned til ei bryggje ved sjøen, der me fekk god utsikt mot slottet. dunvegan#3
me bevega oss no nordvestover på øya, og svinga innom den mikroskopisk vesle staden stein, som eigentleg berre var ei bryggje med ei husrekkje på. stein men det den mangla i omfang tok den att i sjarm! me gjekk inn på «the stein inn», som viste seg å vera kanskje verdas koselegaste vertshus. steininn dei hadde både fyr i peisen, mat og drikke på menyen, og nokre få rom -som me gjerne besøkjer ein annan gong. det byrja å skumre då me køyrde heimover til portree. me hadde brukt dagen godt, og kom heim då det var mørkt ute, så då gjorde me det koseleg inne.

måndag morgon var me klare til å flytta på oss. no var målet inverness, via eilean donan på fastlandssida -eit av skotland sine mest fotograferte slott. me såg fort kvifor det hadde fått denne populære tittelen. det låg flott utpå ei lita øy, med ei steinbru over. eileandonan#1 historiane om slottet fekk me via interaktive plansjar og videoar, og guidar som var interessert i både slottet sin, og vår historie. å gå rundt i gongane, sjå kor tenerane hadde budd, kor kokka laga og oppbevara maten, korleis herskapet åt, medan tenerane kunne spionera på dei gjennom hôl i murveggen –det var som å gå rundt i ein episode av downton abbey. tidlegare hadde det vore eit kloster der, og ruinane hadde stått lengje, før dei noverande eigerane bygde slottet opp att på byrjnga av 1900talet. eileandonan#2 me fortsette vidare etter ein god lunsj på kaféen deira. no var me snart ved loch ness -fortsettjing følgjer.

fotnote: i desse dagar står nok reisemålet isle of skye høgare i kurs enn nokon gong, ettersom superstjerna kanye west vittja øya for nokre veker sidan. i øya si lokalavis kunne ein lesa overskrifta: «american man visits skye» og vidare: «who is ‘well-known for his hip-hop». hotellet han budde på var skeabost house hotel, ein kvarters køyretur vest for portree og der omtala dei herr west som både sjarmerande og høfleg.

2 kommentarar leave one →
  1. Anne B permalink
    mai 7, 2016 3:16 pm

    Flott! Korleis deler eg denne på Facebook så fleire kan få lesa?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: