hjelpa er nær! (når reisa di går i dass)
vart ikkje reisa di som planlagt? ikkje fortvil!
for halvannan veke sidan venta me gjester. me har flytta frå noreg til skottland, og heldigvis kjem vener og familie ofte på besøk til oss her borte. kort flytid og rimelege prisar gjer at turen frå noreg til aberdeen vert enkel. men denne helga var det ein viktig faktor som spela inn på reisa, og gjorde den mindre framkomeleg enn vanleg. du hugsar kanskje stormen tor? den gjorde sitt til at reisa med propellfly frå bergen til aberdeen vart kansellert, og me sat att utan besøk.
ein annan episode, der flyet «berre» vart forseinka, råka oss då me var i australia for 2,5 år sidan. me troppa opp på flyplassen i melbourne i god tid før flyavgong. før den tid hadde me teke avskjed med slektningar me hadde tilbrakt dyrebar tid med. det skulle visa seg at me kunne ha fått seks timar ekstra saman med dei, om me hadde visst kva som skulle skje på flyplassen. eller, rettare sagt kva som ikkje skulle skje. det skulle nemleg ikkje gå eit fly vidare til brunei, så me kunne rekkja flyet til kota kinabalu på borneo. på kota kinabalu venta tre overnattingar på hotell, som ei fin avrunding av ferien vår. slik skulle det altså ikkje bli. piloten som opprinneleg skulle fyka flyet vårt var blitt sjuk, og den neste vikaren på lista måtte få tilstrekkjeleg med søvn før han kunne settja seg bak spakane. det er jo sjølvsagt noko ein berre må ha full forståing og respekt for i ein slik situasjon, men det var mange rasande menneske i venterommet til royal brunei airlines denne ettermiddagen. etter seks timar med keisam venting fauk me omsider til brunei, kor det vart plenti med virrvarr, ei overnatting på eit keisamt hotell, før me omsider kunne reisa vidare til ferieparadiset vårt på eit kortare opphald enn forventa.
desse to historiane har éin ting til felles: reisa vart ikkje som planlagt. når dette skjer vert ein ofte råka av pengetap. ein har betalt for ei reise som ikkje vart noko av, eller ein har betalt for eit rom som ikkje vart brukt. spørsmålet som reiser seg då er om ein har krav på erstatning. neste spørsmål er ofte om ein skal gidde å bruka tid og energi på å ordne med reiseforsikring, kontakte dei ulike aktørane og undersøkja kva ein har krav på.
vel, no skal eg koma fram til poenget i denne historia. eit selskap som heiter airhelp har nemleg spesialisert seg på å hjelpa deg i slike situasjonar. du kan søkja om kompensasjon for reisa di for inntil tre år attende i tid. dei jobbar for dine rettigheiter, og for at flyselskapa skal stå til ansvar der dei har feila. dei vil henta detaljar om flyselskapet, flyturen din, og rett og slett gjera det enklare for deg og få det du har krav på.
her er lenkja for å søkja om informasjon og hjelp frå airhelp
Fekk dåkke erstatning for den turen? Bra nåken så kan ordna opp for folk.
ikkje foreløpig
https://app.getairhelp.com/ota/gotogate/price_list