Gå til innhald

vi var med norrøna

juni 21, 2016

følgjer du tante reisande åse på facebook? då veit du at me nett er komne heim frå frankrike, og kanskje du ventar på eit innlegg derifrå. det skal du sjølvsagt få, men først: den siste dagen vår på shetland.

det var blitt søndag på shetland, og det betydde utsjekking frå koselege knysna house, og heimreise seinare på kvelden. me forsikra jim om at me ville anbefala overnattingsstaden hans til alle andre, så då vurderar eg det herved som gjort! eg kan gå god for jim og vel så det.

før me la kursen mot vest på øya, køyrde me nett ut til eit utkikkspunkt på sørsida av lerwick sentrum. tåka heldt akkurat på å sleppe taket på morgonen, og fuglane svinsa rundt i lufta. shetland#33 herifrå hadde me god utsikt til øya bressay som ligg aust for lerwick. den kjem ein seg berre til med ferje, så den turen sparar me til neste gong. shetland#34 ein kan ikkje få med seg heile shetland på ei lita helg, men ingen skal påstå at me ikkje prøvde! på denne siste dagen såg me det vakre landskapet i vest (me er jo trass alt vestlendingar), og prøvde å forestilla oss kva som låg heilt på andre sida av det store havet. shetland#35 det var der, som det også kan vera på vårt eige vestland, vêrhardt, men sola strekte ut ei hand til oss og gjorde sitt for at vinden ikkje beit for mykje. shetland#36 frå sandness som det heitte her, såg me over til den vesle øya papa stour med omlag 20 innbyggjerar. shetland#37 dei kjem seg til og frå hovudøya med ein 45 minuttars lang ferjetur, som går mellom biggins og west birrafirth. den har to avgangar onsdag, fredag og laurdag, og éin om søndagen, og ein må bestilla plass for å komma med ferja. her kan du laste ned rutetabell. me nøydde oss altså berre med å sjå over til øya, som har hatt innbygjerar sidan 3000 f.kr, deriblant haakon V magnusson, som ein framleis kan sjå husruinane etter.

ein tur nedom den vesle staden walls gav oss fin utsikt. ein stille og roleg landsby som ein gong var eit livleg senter for både fiske og landbruk. dei har framleis ei årleg landbruksutstilling her, som går føre seg i august. shetland#38 vår siste stoppestad vart i scalloway, som på norrønt språk vart kalla «skálavágr». det var to markante ting å få med seg i det som fram til 1708 hadde vore shetland sin hovudstad. først og fremst museumet, men også slottet frå 1600 talet. museumet gav ein liten innsikt i korleis det hadde vore å bu på shetland gjennom tidene, men hovudutstillinga dreidde seg om historia rundt shetlandsgjengen som opererte shetlandsbussen under 2. verdskrigen. me som har vokse opp i områda der desse båtane og menna reiste frå, har nok alltid visst kva dette var, og høyrt om shetlands-larsen. det var likevel svært interessant å få ei inngåande forteljing om tapre menn (fortrinnsvis), som sette livet på spel -og nokre av dei tapte det også, for å redda andre, og styrka noreg sitt forsvar mot tyskerane. i alt gjorde dei 200 turar, først og fremst i norske fiskebåtar men seinare ubåtjagerar. ti skøyter og 44 liv gjekk tapt. i scalloway hamn er det sett opp ein minnestein for dei som gav «alt for norge» med shetlandsbåtane. shetland#40 eit landemerke frå krigens dagar ligg framleis synleg i scalloway. slippen «prince olav slipway» som vart brukt til shetlandsbåtane vart besøkt av sitt namneopphav kronprins olav 14. oktober 1942. det vart sagt at besøket skapte ny giv og krefter til shetlandsgjengen.

på shetland museum fekk me nøklar til scalloway castle, og det er vel første og siste gong me har hatt nøkkelen til ein slott i nevane (eller kven veit?). shetland#39 me hadde allerede sett to av slotta til jarlane stewart på øya, og dette var det tredje. bygd i 1607 av patrick stewart, den andre jarlen av orknøyane, var det nok eit staseleg syn med sine fire etasjar og høge tårn. men det vart berre brukt ei kort stund før det på slutten av 1700 talet vart beskrive som «i svært dårleg stand». shetland#41 det byrja å gå mot slutten for vår shetlandsferie, og før me mønstra på hrossay att, åt me sein lunsj i kaféen på mareel, som er kulturhuset i lerwick og ligg like ved northlink ferjekaien. dette må ha vore ein av dei finaste dagane i året på shetland tenkte me, medan sola steika gjennom den store glasveggen i kaféen. mange hadde klokeleg sett seg utanfor i solveggen med eit glas eller litt mat. og finvêret skulle kome heilt til sin rett då me la frå kai og vinka farvel til shetland. kapteinen kunne meddele over høgtalaren at sidan det var så fint og klårt vêr ville han ta det nordlege utløpet og vise oss eit fugleberg, til stor begeistring frå alle passasjerane som stod på dekk. eg har aldri sett eit fuglefjell før, iallfall ikkje på denne måten, og det er noko eg seint kjem til å gløyma. her lar eg berre bileta forklara. shetland#44 shetland#43 shetland#45 shetland#42 turen attende med northlink sin shetlandsbåt kan ikkje samanliknast med turen der til. det var ikkje antydingar til bølger, men berre stille hav og sola som sakte bevega seg ned i havet gjennom skodda. shetland#46 me kunne bruke dei siste timane før me la oss til å spela kort i kaféen medan me åt ost og kjeks. den natta som me som stein.

One Comment leave one →
  1. juni 22, 2016 8:35 pm

    Kjekt å lesa om alt. flott oppleving..Såg ikkje nåke til fuglane,Tante reisande Åse»sto over alle fjella,hehe…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: