Gå til innhald

bergensbølger i st. tropez

august 22, 2011

det kan sjå ut så tante reisande har hatt ferie, men no er eg attende! her fortset legenda om st. tropez og dei reisande.

laurdag! og nå skulle me verkeleg gå inn for å finne bussen dersom det i det heile tatt fanst ein. så me troppa opp på turistkontoret og fekk ei rute i neven og vage instruksar. her oppfordrar dei verkeleg ikkje til kollektivtrafikk! dei var usikre på om den gjekk frå sin faste haldeplass sidan det var marknad der kvar laurdag. merkeleg at denne problemstillinga ikkje har dukka opp før. menmen. me fekk tid til å gå rundt på marknaden litt, og handle niste før me byrja å sjå etter bussen. sttropezmarknad og jammen fann me ikkje både haldeplass og minibuss! det var me og gamlingane som tok bussen, og det kosta den nette sum av 1€ ! denne gongen gjekk me av på plage des salins, som ligg litt nærare byen dersom du reiser langs kysten. her var det stort sett berre oss og havet, og ein fin, anonym strandkafe. plagedessalins me la oss ned på den mjuke sanden og høyrde på bølgene. livet blir ikkje stort betre enn dette. etter nokre timar med total fred måtte me røre litt på oss, og bestemte oss for å gå ein tur. me gjekk i retning dei andre strendene, som no var rundt ein odde og ei lita bukt. det var ein fin sti, og me møtte eit par andre som hadde tatt same ruta. litt overvokse somme stader, så små, flate sko egna seg ikkje akkurat, men det gjekk bra. det var nydeleg natur, vakre blomar, havet og bølgene skvulpa, og sola skein for oss. st.tropez#10st.tropez#8st.tropez#11st.tropez#9

etter ein god time–halvannan var me kome heilt til tahiti, og var klare for ein forfrisking. me var blitt ganske svoltne etter turen og fekk etterkvart ein deilig salat og ein baguett og noko kjøleg i glaset.

slik skal det gjerast! etterkvart kom mannen i snakk med bartenderen og reiv av seg nokre franske gloser (som me hadde lært på korsika) -og fekk skryt! bartenderen var som så mange andre oppegåande menneske interessert i bergensbølga, og spurte ut om kings of convenience og røyksopp. den norske mannen la sjølvsagt velvilleg ut.

datarock hadde også funne vegen til plage de tahiti

etter å ha nytt livet her også, og blitt fotografert av paparazziar (!) byrja me å tenkje på returen. me kunne sikkert fått haik med eit av helikoptera som fauk i skyttel og landa rett bak baren, men me likar jo kollektivtrafikken! og no visste me at den eksisterte. på plass på bussstoppet venta me også denne dagen forgjeves, og måtte ut å gå igjen. no kunne me jo vegen, så det hjelpte kanskje litt. me kom oss heim og gjorde oss klar til kvelds. etter litt vandring og galleribesøk fann me ein liten restaurant med ledig bord i ei roleg sidegate. servicen var ubrukeleg og maten var sånn passe (mannen digga paellaen sin). den einaste servitøren (som me såg) såg ut til å ha ansvar for alle borda i heile lokalet og var (forståeleg nok) ikkje så blid. etterpå tok me ei stripe på kaien, og eit glas på «vip room celebrity club» fordi dei hadde datarock på skjermen. etterpå tok me eit slag idiot på cubabaren. st.tropez#12 neste stopp: senga.

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: