the plage to be
det stod fredag på kalenderen og det var på tide å finne ut kvifor strendene her er plassen å vera. me kunne ikkje heilt finne ut av bussane, så me hoppa liksågodt inn i ein taxi. det er tross alt berre snakk om nokre kilometer. men det traff som eit slag i ansiktet då me fekk høyre kva sjåføren skulle ha for desse få kilometerane. regel nummer éin som reisande: aldri sett deg inn i ein taxi utan å avtale pris på førehand. akkurat som om me ikkje visste det, men likevel kunne me aldri forestille oss ein pris på 40€ ! velvel, me kom oss iallefall fort fram til stranda. som var laaaang. den består av (minst) to strender: plage de tahiti og plage de pampelonne. det var sistnevnte me ankom, og me spaserte lenge langs sjøkanten før me fann ein plass å settje oss ned. det var ein del strand»klubbar» og restaurantar der, som såg ganske så fine ut, ikkje av typen du går inn på med singlet og sand på beina -med mindre du er ein kjendis, då kan du nok gå med kva du vil. uansett fekk me oss ein matbit på ein litt meir avslappa plass, men med bråkete musikk -ein kan ikkje få i pose og sekk. i frankrike og på denne kysten spesielt, ser det ut til at dei fleste er utrusta med ein hund. ikkje berre dei små søte veskehundane -sjølv om desse nok er dei mest vanlege, dei kjem i alle fasongar og storleikar. og på stranda tek folk hundane med seg så dei kan springe fritt. av ein eller annan grunn klarar me to å hisse på oss dei aller fleste hundar når me går langs strendene, og det er sjelden nokon tilflukt i bølgene. ikkje kjekt med konstant høg puls og flakkande blikk på utkikk etter hårete potensielle fiendar. men me kom oss heilskinna vekk frå plage’en og fann ein veg som såg ut som den kunne lede inn til byen. me fann til og med eit bussstopp og det kunne sjå ut som bussen var rett rundt hjørnet, men den kom aldri, så me tok beina fatt etter å ha fått vegvising frå ei hyggeleg (eigedoms)selskaps-dame. ho var litt sjokkert over at me hadde tenkt å spasere så langt. men det var ein veldig fin tur som tok rundt ein time. heime att etter ein knallhard dag på rivieraen tok me på oss aftensantrekket og gjekk for middag på l’auberge des maures og vart veldig godt oppvarta. eg fekk (heilt grei) fisk og mannen fekk skaldyr på grillspyd. det var nok desserten hans som gjore mest inntrykk -smultliknande småkaker som hadde bada i ulike alkoholdrikkar. interessant. me hadde allerede tidlegare på dagen merka at det var komt fleire til «byn». det var helg og den er jo best å tilbringe i st. tropez. så no hadde le quai på le quai de jean jaurès vakna til live og sendt ut danserane for å imponera gjestane. la helga byrje!
ja nå håper jeg at neste innlegg er proppet av kjendis-sightinger!!;)
ehm.. eg kan finne på noko