Gå til innhald

kva er det med st. tropez?

mai 27, 2011

no er vi heime igjen. den siste tida vart det lita tid til blogging rett og slett, så då får eg fortelje korleis me hadde det.

st. tropez er ein plass eg alltid har høyrt om. gjerne gjennom vekeblad eller tv, for det er her kjendisane likar å feriere. så me måtte jo reise for å finne ut kvifor.
byen fekk namnet sitt etter martyren torpes frå pisa, som måtte bøte med hovudet sitt fordi det ikkje var særleg pop å være kristen når ein kjende keisar nero. dei sende den hodelause kroppen hans ut i ein båt saman med ein hund og ein hane. båten stranda der som byen ligg no, og då innbyggjerane fann den, var kroppen inntakt og dei hylla torpes som ein helgen og kalte byen opp etter han.
men det var nok ikkje dette som gav den vesle havnebyen sin stjernestatus. i 1956 vart filmen «og gud skapte kvinnen« spela inn her, med m.a. brigitte bardote. både byen og dama fekk stjernestatus over natta. eg har ikkje sett filmen sjølv, men ein kan jo forstå kvifor folk vil reise til denne vesle perla. det er fint og reint, sjøen er (sjølvsagt) asurblå og det er eit fantastisk lys her. fine bygningar omkransar havna, som igjen er stinn i jåtar -nokre av dei store som hus.
det er ikkje berre til å hoppe av toget i st. tropez, ein må jobbe litt for å komme der til. kan hende det er ei meining med det, dei vil gjerne prøve å halde hordene på avstand. men tante reisande åse kjem seg alltid fram. frå paris tok me altså toget nedover landet og gjekk av i st. raphael. der var vi så heldige at neste buss til st. tropez stod å lasta inn folk når me ankom. bussen brukte omlag halvannen time på reisa og hadde med seg eit par andre turistar, samt ein smugrøykjande fjortis. i det fjerne kunne vi endeleg skimte målet. der framme hadde vi ikkje overnatting, for vi bestemte reisemålet same dag. men reisebibelen vår kunne anbefale eit koseleg hotell drive av «solveig», så vi rekna med at dette var eit godt teikn. etter å ha spurt motvillege politidamer om retninga kunne vi konstatere at hotellet var under oppussing og vi måtte berre fortsettje leitinga. og strategisk plassert på vår veg låg hotellet playa. vi strena inn! ved hjelp av den hyggjelege dama i resepsjonen fann vi ut at vi hadde eit budsjett som hotellet var villege til å etterkome. me avtala to netter i første omgang, og gjekk til rommet vårt i 4. etasje. rommet var fint og litt «fransk landstil». me hadde utsikt bakover i byen, og det verka roleg. st.tropez#1 kvelden var ennå ung, så me gjekk ut for å finne ut kva det var med st. tropez. me rusla nedover gata som førte oss rett til havna kor jåtane låg og fina seg. st.tropez#2 det var tett med restaurantar, og me syntest det virka meir turistete enn me hadde forventa. og ifølge lonely planet er restaurantane rundt havna der du ikkje finn dei mest spanande gourmetrestaurantane, men den desidert beste utsikta. me sette oss inn på den restauranten som freista mest der og då. middels mat og middels prisar, men med utsikt til solnedgongen vart det veldig fint. etterpå tok me ein tur innom irskepuben kelly, og spelte litt på quizomaten. etterfulgt av idiot. slik ein gjer i st. tropez.
neste dag var det det to trøytte typar som stod opp. kvelden før hadde vi høyrt på telefonsamtalane til mannen i naborommet, som snakka VELDIG HØGT, i tillegg til at det var veldig lytt. klokka 24 ringde vi ned til resepsjonen, som sa dei skulle gje beskjed. me høyrte resepsjonisten banka på, og telefonmannen vart sjølsagt heilt stille. etter ei stund kom han og lukka opp, og dei diskuterte litt før resepsjonisten gjekk ned att. då byrja han sjølvsagt å snakke igjen, så eg gjekk ned for å sei ifrå. me fekk tilbud om å bytte rom, men det var ikkje så aktuelt mitt på natta, så eg sa me kunne ordne det neste dag. som sagt så gjort. me traff ein utruleg hyggjeleg resepsjonist neste morgon, som vart heilt ifrå seg då eg sa at telefonmannen hadde snakka til klokka 3. han kom med to forslag til oss: me kunne få nytt rom som låg i eit eige bygg (ingen naboar=roleg), eller eit delux rom til same pris. me fekk sjå begge romma. rommet som låg for seg sjølv var veldig fint, men det stinka bensin! eg bemerka det, og mannen sa det var fordi dei lagra bensin rett under. okei! neste rom var ganske likt dei andre me hadde sett til no, men det hadde badekar så då var saka avgjort. me tok det, og utvida avtalen til 5 netter totalt. me var då forberedt på å betala den reelle prisen eit standardrom kosta. ute skein sola, og me bestemte oss for å gå tur. me kjøpte med oss mat og gjekk opp mot den store borga -eller citadelle som franskmenn kallar det, som ligg ovanfor byen. dei holdt på å renovere der, så noko av den var desverre avstengt. st.tropez#4 men det var fin utsikt der oppe st.tropez#3 og jammen budde det ikkje påfuglar der! trur aldri eg har sett dei i det fri, så det var flott! påfugl men dei skreik fælt. me gjekk etterkvart ned igjen, og fortsette vidare langs stranda. traff på ein liten strandrestaurant og tok ein stopp. plagelesgraniers det var ganske fine turløyper langs stranda så vi fortsette litt til, i håp om å finne noko spanande. men det var ikkje så mykje å sjå på akkurat på denne sida. fin natur einaste!marihønest.tropez#6 dei populære strendene som stjernene besøkjer ligg på andre sida av odden, og det er eit stykke der til. me vurderte å fortsettje heilt til me fant desse, men det var allerede ettermiddag då, så me spaserte heim att og gjekk innom ein kafe med internett. etter å ha tatt eit deilig bad (i karet) gjekk me ut for å ete litt tapas. etterpå tok me eit glas vin på la maison blanche. st.tropez#7 ein flott terrasse framfor hotellet med same navn (som no har skifta namn til white red. anm.). me fekk vatn frå voss og tok eit slag idiot. slik var andre dagen i st. tropez.

fortsettjing følgjer!

No comments yet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: