eg hjarta paris
no må eg berre få poste dette innlegget medan eg har tid (mannen vaskar kler) og internett virkar. me er i st. tropez -aldeles nydeleg her, men meir om det sidan.
no er me på toget igjen. det ser ut til å vere den beste plassen å blogge på, iom at eg blir tvungen til å sittje i ro på same stad over lenger tid. denne gongen 5 timar. og så har det jo hopa seg opp med ting å skrive heim om sidan sist. me har altså vore i paris sidan fredag kveld. me kom fram til hotellet ganske slitne og trøytte etter ein lang dag i london, så me gjekk rett i loppekassen. det var heldigvis verken lopper eller andre sengedyr der, så me var nokså nøgde med rommet. det beste med hotel sentral saint germain var nok at resepsjonistane alltid var hyggelege og hjelpsame. beliggenheten var også ok, i ei lita bakgate med to små kinoar attmed. dette gjore nok sitt til at det var litt lydar (etter siste visning) nattestid, men ingenting som mine øyrepluggar ikkje kunne stengja ute. området latinerkvarteret/saint germaine er fint og livleg med små gatekafear og mange butikkar av alle slag.
første morgon i paris stod me tidleg opp, og tilfeldighetane ville at me skulle ta til venstre i gata utanfor hotellet. lykketreff. der kom me til den rolege, koselege place de la sorbonne med tre små gatekafear ved sida av fontenar. sola gløtta inn på oss medan me åt frukost.
omelett og kaffi har sjeldan smakt betre!
me spaserte så vidare til pantheon, eit storslått byggverk frå 1789 som opprinneleg var ei kyrkje, men vart så omgjort til mausoleum for store franske personlighetar.
den har ein enorm kuppel og veggene er dekka av flotte måleri.
i krypten kan du gå å sjå mausoleet. etter dette gjekk turen til jardin de luxembourg -luxembourghagen. der var det sol frå skyfri himmel. folk hadde tatt turen ut for å nyte førmiddagen og sat på stolane rundtomkring og sola seg eller leika med ungane.
me kjøpte kvarsin is og gjekk vidare mot katedralen st-sulpice. fin.
så vandra me saman vidare og gjekk innom ein matmarknad og litt butikkar. me kom oss til rue moffetard, ei folksam gate med mykje liv, kafear og butikkar.
etter å ha vore så morgonfriske, måtte me tilbake til hotellet og kvila oss. etterpå var me klare til å entre byen. me tok t-banen til champs elysées og spaserte litt saman med alle dei tusen andre turistane.
litt ved ein tilfeldighet oppdaga me restauranten copenhagen/flora danica. eg hadde lese om denne på førehand og me tenkte det ville vere fint å få litt dansk mat i paris (!). flaks for oss fekk me eit bord og knota oss igjennom den franske menyen. etter å ha fått assistanse frå kelneren som den første kelneren måtte hente for å forklare oss rettane hadde me det meget godt. til forett fekk me (meir eller mindre overraskande) sild -i dill, i karri, i lake, med kapers, rødløk og rugbrød til. og kven skulle tru at sild kunne bli så godt?!
til hovedrett fekk eg det eg trur dei meinte var plukkfisk. mor mi lagar betre. den smaka mest potetstappe og var ganske keisam. mannen var meir nøgd med anda han fekk.
men desserten gjorde alt bra igjen. krem, vaniljeis og pikekyss over ein fantastisk kastanjenøttesaus. nam. ute på champsen igjen vart me møtt av sykkeldemonstrantar som sykla mitt i vegen opp mot triumfbuen og laga trøbbel i trafikken.
me spankulerte litt opp og ned, tok eit slag idiot på ein irsk pub før me gjekk heim.
neste dag var planen å reise til versailles. men me tok oss tid til frukost på denne fine føremiddagen før me sette oss på toget, som tok toppen 15 min. det me ikkje hadde tenkt på var at det var 1. mai og slottet var sjølvsagt stengd. nedtur. men utanfor slottet er det jo ein enorm hage, og der hadde mange tatt turen denne nydelege solfylte søndagen.
det var dagen for piknik i det grønne og båttur på vatnet.
me gjekk rundt i tre timar, åt is og såg på folk. då hadde me ikkje komt igjennom halvparten av hagen eingong. men då måtte me nesten komme oss heim. av så mykje gåing får ein skikkeleg lyst på pizza, så me sette oss ner på den kjekke fortauskaféen chez alexandre bak louvre og åt. etterpå gjekk me opp mot pompidousenteret, og vidare mot marais med sporadiske stopp på vegen.
etter nokre obligatoriske slag idiot var det seine kvelden og forlengst leggetid.
neste dag var ein heilt spesiell dag. det var nemleg tante reisande sin 30 årsdag. ein presang hadde eg allerede fått på flesland: eit feiande flott kamera! dette har mannen allerede blitt heilt forelska i og tar masse fine bilder, noko som eg er veldig glad for! men gåvedrysset fortsette denne mandagsmorgonen, med pengegåver frå mamma & pappa, syster & nevø, og klær frå mannen. heldig 30 åring! i tillegg strøymde gratulasjonane på, både på facebook og sms. at det var ein overskya dag var litt keisamt, og at eg hadde kledd meg for solskin var kanskje enno meir keisamt, men det gjekk fint. ein har jo blitt litt meir hardhuda når ein rundar 30. fødselsdagsfrukosten vart innteke på den koselege kafeen nedanfor hotellet (me budde på forrige gong) på montmartre. etter det gjekk me opp på sjølve (turist)montmartre,
var innom salvador dalí muséet og vidare til sacré coeur.
sat litt på trappa og lot byen synke inn.
så gjekk me ned igjen og spaserte i retning moulain rouge. mannen fekk seg eit par sko på vegen. ved mølla prisa me oss lykkeleg over å ha «been there, done that» då me såg verdas lengste kø utanfor. me sette oss heller ned på ein kafé og åt croque madam. så gjekk me heim. på kvelden ville eg helst feire meg sjølv med brask og bram, og det næraste eg kom var å gå på kong på pont neuf.
det var her carrie bradshaw hadde lunsj med ex mrs alexandr petrovskij.
og for eit brilliant valg! eg kunne ikkje hatt ein betre setting for 30 årsdagen min. maten, servicen, champagnen -alt var tres perfait! av mat kan eg absolutt anbefala krabbe og reke ravioli til forrett, tunfisken til hovedrett og (etter servitørens anbefaling) verdens beste makron. etter servitørens forslag tok me taxi til ein uteplass som skulle vere bra greier. denne hadde eit lukka arrangement så me måtte ta til takke med naboen. det gjekk fint. når dagen var omme var eg supernøgd med ein perfekt fødselsdag!
siste heile dagen i paris hadde me bestemt oss for å først gå på museumet d’orsay. her var det ein kø på størrelse med eit vondt år, så det var gløymesak. me gjekk vidare langs seinen opp mot hôtel des invalides. dette var ein storslått byggverk som så mange andre i denne byen. her inne låg napoleon i ei stor kiste (sa dei).
me fekk med oss ei stor utstilling om første og andre verdenskrig.
etter dette måtte me den obligatioriske turen til eiffeltårnet.
me stod og såg opp på der den store hendinga tok plass. då mannen fridde til tante reisande i tårnet sin andre etasje. det var dagen for dei lange køane, så me tok ikkje «bana» opp. me gjekk heller på t-bana for å reise til den store og kjende gravplassen pere lachaise kor mange kjende og ukjende har fått sin siste kvilestad. målet for dette besøket var å sjå james douglas morrison si grav, eller jim om du vil. grava var veldig enkel og anonym, men er ein av grunnane til av gravstaden er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i byen. her ligg også kjende folk som edith piaf, oscar wilde og andre som eg ikkje kjem på i farta.
me vende ikkje berre tilbake til eiffel tårnet denne dagen, me tok også turen til restauranten som me gjekk på for fem år sidan etter me hadde forlova oss. romain er ein sånn plass som du ikkje reiser til dersom du ikkje veit om den. gøymt i ei lita sidegate rett i midten av eg-veit-ikkje-kor ligg romain som er familiedriven og ser ut til å vera besøkt av faste gjestar kvar kveld. ei fin avslutning på vår paris tur.
på gjensyn paris!
Har lest og mimret meg gjennom hele innlegget ditt, noen deler måtte lese høyt for å deles med gubben også:) Jeg fikk så lengsel etter Paris når du beskrev området rundt hotellet og alle de fantastiske stedene! Kose deg masse i Saint-Tropez;) Om dere har mulighet anbefaler jeg en tur utenfor Saint-Tropez, det er en helt annen verden med små markeder og boder langs veien hvor de selger alt fra terracotta krukker til frukt og hjemmelagde såper og nips…det var iallefall det før:) Bodde en uke i La Croix Valmer, litt utenfor ST, et paradis på jord!
Oiii, nå blei eg forelska i Paris..
tusen takk for tipset elisabeth og bra du likte innlegget! nå har me berre ein heil dag igjen her, men kanskje me får tid å stikka innom -skal sjekka ut!
så bra marianne! det er lett 😉
nå har eg lest igjennom paris opplevelsane på mobilen min! Masse å sjå på og god mat, kunne tenkt meg å sjå bygningen som opprinneleg var kyrkja.
Lett å bli forelsket i Paris! Enten i byen eller i hverandre ❤
Får vi se bildene fra kameraet?