siste dag i st. tropez
søndagen var siste heile dagen me hadde i st. tropez. me hadde ei strand til gode, og det var «bystranda» som ligg litt vest for sentrum. me spaserte bort langs sjøen og blei som vanleg møtt av ein (knøttliten) illsint bjeffande hund. eigaren i speedo måtte kome reddande til unnsettjing. det skal seiast at me gjekk gjennom eit hotellområde her, så me hadde kanskje berre oss sjølve å takke. med niste frå monoprixen la me oss ned og lot tida flyte. las litt og sov litt, og litt etter litt dukka det opp fleire folk. det vart aldri heilt fullt, men det såg ut som mange lokale tok med familien for å slappe av her på ein søndag. også eit par eldre rosiner frå det tidlegare nevnte hotellet tok turen. eg trur dei hadde ligge der sidan midten av 70talet. me derimot hadde utstyrt oss godt, og kunne grille oss med god samvit og solfaktor 30/50. det skal seiast at solkremen for ansikt (sf 50) fekk augene mine til å renna konstant og eg vart så godt som blind. stygg hud fekk eg også. kjøpt og anbefalt av ein farmasøyt. jaja. me kunne jo ikkje liggje på stranda og late oss heile dagen, så me gjekk inn til byen etter nokre timar (via hotellet for å skrubbe solkrem ut av augene) for å kjøpe crêpes! dette er jo eit must når du er på franske breiddegrader, og crêpes er altså ei pannekake enkelt og greitt. men det er «toppingen» som gjer susen! ein kan velgje mellom søt og salt crêpes, og alle toppingar du kan forestille deg. eg trur likevel den søte varianten med nutella er favoritten til dei fleste. me var ikkje i det søte hjørnet på crêperie bretonne, så valet fall på ost og tomattopping til meg, og ost, egg og pølsetopping til mannen. det smakte fortreffeleg og det var heller ikkje feil med utsikt over havna, skinande sol og kald rosé i glasa. etter at tallerken var tom og karaffelen tømd, var det tid for ettermiddagspromenade ut på moloen. me prøvde å ta inn alt det vakre rundt oss; landskapet med høge fjell og bukter, det klåre havet med bølger og båtar som susa forbi, havna med den blåturkise sjøen som har gitt kysten navnet sitt, og ikkje minst dei sjarmerande husa som ligg der og badar i det blendande vakre sollyset. me hadde vel funne ut kva det var med st. tropez – det var vakkert! og dette skulle me snart forlate.
men me hadde ein kveld igjen, og den skulle nytast med indisk mat. eg skal ikkje sei det for sikkert, men eg trur gandhi på quai de lÊpi er den einaste indiske restauranten i st. tropez. og dei treng vel ikkje fleire, for dette var bra indisk mat, og god service. me bestilte kvar vår cobra som seg hør og bør, eg fekk kylling vindaloo, og mannen lam madras. me tok ein tidleg kveld, for neste morgon skulle me sjekke ut frå st. tropez.