Gå til innhald

rapport frå eit kongeleg bryllup

april 30, 2011

no befinn me oss ein stad under den engelske kanal i eit hurtigtog. me har forlete london og skal gå av toget i paris! (vips no er me brått ute av tunellen, det gjekk usannsynleg fort!)

me tok (partyflyet til) sas til london i går ettermiddag. turen frå gatwick og til hotellet vårt gjekk veldig fort og knirkefritt. hotellet som låg i nærleiken av traf. square låg bokstaveleg talt oppo charing cross metrostasjon. «the strand» var eit veldig fint hotell, som eg absolutt kan anbefale andre, og gjerne bur på fleire gonger sjølv. det låg perfekt til -veldig sentralt dersom du vil spasere til dei næraste attraksjonane, og som sagt ypperleg dersom du reiser med tuben. det var sjølvsagt også ein annan grunn til at det var perfekt nettop denne dagen -det kongelege bryllup!  etter å ha kome fram til hotellet, sjekka inn hjå svært hyggelege resepsjonistar og fått vite at me kunne snakke med conciergen neste dag om å oppbevare bagasjen, var me både slitne og svoltne. me gjekk ut for ein rask matbit og vart møtt av ei folkemengd utan like. det var fullpakka med folk overalt! god stemning. me kasta oss inn på den amerikansk/italienske restauranten «little frankie» på whitehall og fekk oss kvar vår burger (vegetar og new york). berre heilt ok, me var så svoltne at me hadde ete nesten kva som helst.

me hadde klokka på halv åtte neste morgon. det var ikkje så hardt som eg hadde trudd å stå opp, eg hadde jo ein stor dag i vente. pakka og gjorde oss klar, sjekka ut og overlet bagasjen til conciergen. så var me ein del av den massive folkemengda klokka ni ein litt uvanleg fredag morgon. me spaserte litt i området rundt whitehall for å finne ein grei plass å stå. folk var glade, engasjerte, hadde tatt med seg heile familien eller vener og var klare for å heie på william og kate. drunken

vêret kunne vore betre, men det kom ikkje noko regn, så då gjore det ingenting om det var litt overskya og friskt. tvers over veien frå downing street fann me ein ok plass og byrja å vente på celebritees.

ein mann ved sida av oss hadde kontakter som fulgte med på tv, så me hadde full kontroll.

det køyrde minibussar og større bussar og mørke bilar forbi. men det var ikkje lett å sjå om verken hertugar eller fotballspelerar sat inni. men då sjølvaste prins william køyrde forbi såg eg han tydeleg i den raude uniformen! sjakktrekk å velgje noko raudt altså. mange rundt oss fekk også med seg den kanarigulkledde dronninga der ho suste forbi, men då var eg ein centimeter for liten.
q_elizabeth
camilla
camilla
pippa og brurejentene
pippa copy

sist men ikkje minst kom kate -og det gjekk eit sus gjennom forsamlinga då me såg kjolen og sløret!

mannen tok ein del blinkskudd her medan eg konsentrerte meg om å stå på tå.


kor heldige var me?!

planen vidare vår å bevege seg mot buckingham palace. det viste seg også å vera planen til mange andre. men det var ikkje så mange som tok tuben slik som oss, kanskje var dei redde for angrep på ein dag som denne, eller kanskje dei berre lika å gå i sildestim. uansett var det ein million folk i området rundt st. james» park, og tydelegvis enno ein million inni parken for den slapp ikkje inn fleire. me dumpa tilfeldigvis inn på ei uteservering som hadde tv og viste viinga. snakk om flaks!

me fekk oss litt kaffi og såg og applauderte ilag med dei andre frammøtte. etter å ha vandra litt rundt, fått oss litt (knallgod) grillmat, og blitt frustrert over stengde gater, var me på veg mot slottet. på vegen dumpa me over the goring, der kate og familien hadde tilbragt den siste natta før bryllupet.

då me omsider kom oss til st. james» park fauk gamle krigsfy og jagarfly rett over oss -oppvisning for brudeparet og kongefamilien som stod på balkongen.

me fekk altså ikkje med oss kysset på balkongen, men me fekk så mykje anna, så me var godt nøgde! og ganske leie etter mykje trakking rundt i gatene. kate#5 etterkvart slappa me av på ein pub i nærleiken av hotellet og såg bryllupet i reprise på tv. paristoget som me skulle vidare på, gjekk frå st. pancras stasjon som var nokre kjappe metrohopp unna hotellet. og no er vi altså snart framme. og sånn var det i kongeleg bryllup.

6 kommentarar leave one →
  1. tantelitebereistemarianne permalink
    mai 1, 2011 8:55 am

    fantastisk kjekt å lesa, minnerike dag d der 😉

  2. mai 1, 2011 8:57 am

    Herlig Åse!:) Gleder meg til å følge med videre, og kanskje bli litt smittet av reisebasillen;)

  3. abv permalink
    mai 1, 2011 12:59 pm

    treng sikkert ein kviledag etter dette.

  4. abv permalink
    mai 2, 2011 5:48 pm

    Ventar spent på neste blogg.

  5. abv permalink
    juni 15, 2011 4:53 pm

    Flott hotell
    fin brud,
    kjekk engelsk gutunge

Trackbacks

  1. gratulerar med bomullsbryllupsdagen! | tante reisande åse

Legg att svar til abv Avbryt svar