å pakke nellikane
no et eg crispo (siste rest av påskesnopet) og prøver å pakke litt til den oppkomande turen vår. vi reiser allerede på torsdag, og idag er det måndag, så det er eigentleg på tide.
eg er skikkeleg dårleg på å pakke! sjølv om me har reist på veldig mange turar opp igjennom, så klarer eg liksom aldri heilt å knekke den pakkekoden. eg dreg med meg altfor mykje, og har gjerne med meg ting attende som eg ikkje har brukt eingong. dette er sjølvsagt heilt idiotisk, for då blir det jo ikkje plass til ting ein gjerne har handla på reisa. så denne gongen skal eg vere streng med meg sjølv;
•ikkje ta med meg alle favorittkjolane -eg kan heller kjøpe meg nye, finare favorittkjolar!
•ikkje ta med tusen jakker/blazerar -det er ikkje sikkert eg får bruk for dei i varmen!
•ikkje ta med heile toalettsortimentet -hell heller sjampo/balsam over i praktiske, små reiseflasker og sats på at hotella stiller med såpe etc.
og for all del (og dette blir min mann glad for):
•IKKJE ta med alle skoa eg har i skapet! (treng eg nye berre kjøper eg, ein får aldri nok sko!)