Gå til innhald

den spede start

mars 31, 2011

dette innlegget skal handle litt om grunnen til at eg ville lage min eigen reiseblogg. me skulle nemleg på tur hausten 2010. eg kjøpte lonely planet sin «europabibel» og bladde meg fram til den franske rivieraen. det var dit me ville reise. nice og deromkring. gjerne sole oss litt med rikingane i monaco og saint-tropez til og med! men etterkvart som eg leste, dukka det også opp ei øy; nemleg korsika. eg hadde jo sjølvsagt høyrt om denne før, men visste fint lite. det folk flest veit om korsika er at det var napoleon sin fødestad. det var heller ikkje allverda som stod i lonely planet om denne perla av ei øy. eg trålte internett for artiklar. reiseforum og søkemotorar -alle middel vart teke i bruk, men utan mykje hell. eg trur eg fann til saman 2 eller 3 artiklar, og éin blogg der korsika var omtala. det vart med andre ord ikkje så enkelt å gjere research på denne måten. dermed tok eg turen ned på byens beste reisekafe; chillout! her kan eg gå rundt og berre sjå på alle reisebøkene, alt reisetilbehøret(som du ikkje visste at du trengte)og berre drøyme meg bort. det er som å ta ei lita reise i seg sjølv. men eg fann også det eg leita etter; «lonely planet corsica». frå no av kunne planleggjinga byrje!
eg sakna ein god reiseblogg å få tips frå då eg skulle planleggje denne reisa. dersom eg no kan vere til hjelp for andre, har eg oppnådd det eg ville! god reis!

2 kommentarar leave one →
  1. mars 31, 2011 8:14 pm

    aha! vel nå finnes det ihvertfall to blogger som omtaler korsika (kan vi se frem imot en liten «reiserepotasje»?) du kan jo evt ta imot litt feriebilder og råd fra andre som har fartet verden rundt?

  2. mars 31, 2011 8:24 pm

    klart du kan sjå fram mot reisereportasje(r)! her legg me lista høgt! taklistehøgt!

Legg att svar til Marianne Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: